Forskrift om politivedtekt, Finnøy kommune, Rogaland

DatoFOR-2011-01-10-41
PublisertII 2011 hefte 1
Ikrafttredelse10.02.2011
Sist endret
EndrerFOR-1966-06-24-4526
Gjelder forFinnøy kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort20.01.2011   kl. 17.20
KorttittelForskrift om politivedtekt, Finnøy

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Finnøy kommunestyre 22. juni 2010 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta med nokre endringar av Politidirektoratet 10. januar 2011, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, sti, park, torg eller liknande plass, bru, kai, bryggje, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som eigar av hus eller grunn har etter denne vedtekta, gjeld og for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vera med i oppstyr eller samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsle.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad eller liknande, skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å halde oppe den allmenne orden, eller for å regulera ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føra fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjera bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dela ut eller spreia opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruka gåande, kjørande eller flygande reklame.

§ 5.Farleg eller skræmande verksemd

På, utover eller like attmed, offentleg stad er det forbode:

1.å skyta med gevær eller anna skytevåpen, eller med boge, sprettert e.l.
2.å brenna av krut, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gitt løyve.
3.å kasta eller sleppa stein, snøball eller anna som kan vera til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten er minst 2,5 meter over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan setja forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprengingsarbeid på eller like ved offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevja særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan fastsetja korleis arbeidsstaden skal sperrast, og krevja andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad, pliktar den ansvarlege for arbeidet å setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falla ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syta for at taket vert rydda.

§ 13.Fjerning av sperrer

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 8, § 9, § 10 og § 11 er gjort, eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsel å frose vatn

Politiet kan av tryggingsgrunnar setja forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Avlaup for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgja for at avlaup for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindra tilgrising

§ 16.Hindra tilgrising o.l.

På, utover eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kasta glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
2.å grisa til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmidlar
3.å henga opp kunngjeringar, plakatar e.l. utan at politiet har tillete dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom som bare høyrer eigedommen til, eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å riva, skada eller skjemma oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinera.
§ 17.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syta for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og plikter å syta for at det vert sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall vert fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 18.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykla og aka eller driva sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Kapittel VII. Arrangement på offentleg stad m.m.

§ 19.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil laga til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, og som har ein storleik som openbart vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkja om dette innan ein frist som politiet set.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 20.Meldeplikt for allment tilgjengeleg arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil laga til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikra ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet. Plikt til å melda frå gjeld og samkome med dans eller anna tilstelling som overvegande er av underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel VIII. Barn

§ 21.Offentleg dans o.l.

Barn under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allmenn tilgjengeleg tilstelling utan at dei er i følgje med foreldre eller andre føresette. Ved arrangement retta inn mot yngre grupper, kan politiet gje dispensasjon frå denne aldersgrensa.

Kapittel IX. Ymse føresegner

§ 22.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføra det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setja dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekka utgiftene.

§ 23.Straff

Brot på føresegner gitt i medhald av politilova § 14 vert straffa etter same lov § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 24.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet. Frå same tid blir forskrift 24. juni 1966 nr. 4526 om politivedtekt, Finnøy kommune, Rogaland oppheva.