Forskrift om politivedtekt, Odda kommune, Hordaland

DatoFOR-2011-03-31-333
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse30.04.2011
Sist endret
EndrerLOV-1997-07-17-860
Gjelder forOdda kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort31.03.2011   kl. 15.40
KorttittelForskrift om politivedtekt, Odda

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Odda kommunestyre 16. februar 2011 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta med nokre endringar av Politidirektoratet 31. mars 2011, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, medrekna fortau, stig, park, torg, plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.
§ 2.Plikt som i denne vedtekta er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.På eller like attmed offentleg stad må ingen ta del i oppløp eller samanstimling eller laga til larm eller bråk som forstyrrar den allmenne ro og orden eller ferdsla.
§ 4.Når mange folk er samla ved inngang til møterom, idrettsplass, haldeplass, utsalsplass e.l., pliktar dei å rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halda ro og orden eller for å regulera ferdsla.
§ 5.Den som på eller ut mot offentleg stad vil laga til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller like attmed offentleg stad ynskjer å ha innsamling av pengar, dele ut eller spreie opprop, annonser, reklame eller tilsvarande.

§ 6.På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:
1.å skyta med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenna av krutt, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve.
3.å kasta eller sleppa stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 7.På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vera festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken.

§ 8.Politiet kan setja forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.
§ 9.Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkja løyve frå politiet. Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.
§ 10.Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevja særlege tryggingstiltak.
§ 11.Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsetja korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevja andre tryggingstiltak til vern for publikum.
§ 12.Ved vedlikehald av bygningar m.m. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.
§ 13.Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syta for at taket blir rydda.
§ 14.Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 10, § 11 og § 12 er gjort eller når faren som er nemnt i § 13 ikkje lenger er til stades.
§ 15.Politiet kan av tryggingsgrunnar setja forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 16.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å gjera reine lys- og luftegraver som er knytt til eigedomen. Innanfor områda Egne Hjem – Freimsanden og dei tidlegare bygningskommunane Odda og Tyssedal pliktar eigar av hus eller grunn mot offentleg stad også å syta for å halda reint fortau og rennestein som er knytt til eigedomen i samsvar med lokal sedvane.

Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe og oppsop må ikkje leggjast i rennestein eller sluk/sandfangskum.

§ 17.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras. Innanfor områdene Egne Hjem – Freimsanden og dei tidlegare bygningskommunane Odda og Tyssedal gjeld ryddeplikta også etter snøfall.

Snø og is kan leggjast langs kanten av fortauet, men må ikkje kastast ut i vegbanen eller leggjast i rennesteinen. Snø eller is frå gårdsplass, tomt eller hage må ikkje kastast på offentlege areal, ut på fortau eller kommunal veg.

§ 18.Innanfor områda Egne Hjem – Freimsanden og dei tidlegare bygningskommunane Odda og Tyssedal pliktar eigar av hus eller grunn mot offentleg stad å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt i samsvar med lokal sedvane.

Kapittel V. Hindra tilgrising

§ 19.På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:
1.å kasta glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
2.å grisa til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel,
3.å hengja opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillete dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å riva, skada eller skjemma oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 20.Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syta for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syta for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syta for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 21.På kyrkjegard er det forbode å sykla, aka eller å driva sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

Kapittel VII. Dyr

§ 22.Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad m.m.

§ 26.Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som openbert vil føra til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkja om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.
§ 27.Den som vil laga til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, medrekna arrangere sportsstemne e.l., må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikra ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet. Plikt til å melda frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelling som for det meste er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 28.Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 29.Forsømer nokon å utføra det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkja utgiftene.
§ 30.Brot på vedtektene eller pålegg gjeve i medhald av vedtektene vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje forholdet kjem inn under strengare straffepåbod.
§ 31.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet.

Forskrift 17. juli 1997 nr. 860 om politivedtekt, Odda kommune, Hordaland blir oppheva frå same tid.