Forskrift om politivedtekt, Flora kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-04-13-358
PublisertII 2015 hefte 2
Ikrafttredelse13.05.2015
Sist endret
EndrerFOR-1998-06-03-542
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort16.04.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om politivedtekt, Flora

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Flora bystyre 9. september 2014 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven). Stadfesta av Politidirektoratet 13. april 2015 med nokre endringar, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1-1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, sti, park, torg e.l., bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er ålmenn ferdsle eller som er bestemt for ålmenn ferdsle.

§ 1-2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Dei plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 2-1.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som på uturvande vis forstyrrar ålmenn orden eller ferdsel.

§ 2-2.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipe til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, reklame e.l.

§ 2-3.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær, softgun eller anna skytevåpen, eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenne av krutt, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve,
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 3-1.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller henge noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

§ 3-2.Sport, leik

Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den ålmenne orden.

§ 3-3.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 3-4.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 3-5.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp sperring som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 3-6.Sperring

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp sperring som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 3-7.Fjerning av sperrer

Sperringar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 3-5 og § 3-6, er gjort eller når faren som er nemnt i § 3-7 ikkje lenger er til stades.

§ 3-8.Ferdsle på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 4-1.Fortau mv.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å gjere reine lys- og luftegraver og innanfor tettbygd strok også fortau og rennestein som er knytta til eigedomen.

Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe.

Oppsop e.l. må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 4-2.Snøfall og takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras, og innanfor tettbygd strok òg etter snøfall.

§ 4-3.Strøplikt

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad innanfor tettbygd strok pliktar å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.

§ 4-4.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 5-1.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste avfall i noko form, herunder glas, flasker, papir, tobakksprodukt eller tyggegummi
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel,
3.å urinere.
§ 5-2.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 6-1.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Kapittel VII. Dyr

§ 7-1.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 8-1.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovedsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 8-2.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må sende melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Ymse føresegner

§ 9-1.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.

§ 9-2.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 9-3.Kommunal handheving

Vedtekta § 3-1 om utplassering av åtvaring om rasfare og utplassering av løsfotreklame og andre salsfremjande gjenstandar på fortau, § 3-7, § 3-8, § 4-1, § 4-2, § 4-3, § 4-4, § 5-1 og § 5-2 kan handhevast av Flora kommune med heimel i forskrift 19. juni 2012 nr. 600 om kommunal handheving av politivedtekter, jf. politiloven § 14 tredje ledd. Flora kommune kan ved brot på disse reglane også pålegge gebyr.

§ 9-4.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde ein månad etter at ho er stadfest av Politidirektoratet.

Forskrift 3. juni 1998 nr. 542 om politivedtekt for Flora kommune, Sogn og Fjordane fylke, fell bort frå same tid.