Forskrift om politivedtekt, Vaksdal kommune, Hordaland

DatoFOR-2015-07-10-923
PublisertII 2015 hefte 3
Ikrafttredelse10.08.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forVaksdal kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort30.07.2015   kl. 15.15
KorttittelForskrift om politivedtekt, Vaksdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vaksdal kommunestyre 22. juni 2015 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven). Stadfesta av Politidirektoratet 10. juli 2015 med nokre endringar, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Dei plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsel.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halda oppe den allmenne orden eller for å regulera ferdsla.

På offentleg stad er det forbode, utan løyve frå politiet, å søkje erverv ved sjølv eller andre å tilby publikum si teneste. Forbodet gjeld og å søkje erverv ved tilbod om fotografering på offentleg stad.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer, å driva innsamling av pengar, dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.Tigging

Den som ønskjer å driva tigging på offentleg stad eller frå hus til hus, må på førehand melda seg for politiet.

§ 6.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over, eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge o.l.,
2.å brenne av krut, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve,
3.å kaste eller sleppe stein eller flasker, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 7.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken, og må ikkje gå ut over fortauskant.

§ 8.Sport, leik

Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, bruk av rulleskeiser, rollerblades, rullebrett, leik eller spel og liknande på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 9.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 10.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.

§ 11.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsetje korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 12.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad, pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp varsel med avviser som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 13.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp varsel med avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 14.Fjerning av sperrar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 10, § 11 og § 12 er gjort, eller når faren eller ulempene som er nemnt i § 12 og § 13 ikkje lenger er til stades.

§ 15.Ferdsle på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 16.Lys- og luftegraver

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad, pliktar å gjere reine lys- og luftegraver som er knyta til eigedomen.

Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogleg ulempe.

Oppsop e.l. må ikkje leggjast i kloakksluk, men takast opp og fjernast.

§ 17.Takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad, pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras. Snø etter takras kan krevjast fjerna sjølv om lokal sedvane ikkje ligg føre.

§ 18.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgje for at avlaup for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 19.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over, eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste eller leggja frå seg glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel.
3.å hengja opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillate dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å rive, skade, eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 20.Avfall

Den som driv sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall. Korgene skal tømmast etter stengetid.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 21.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik, eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

Kapittel VII. Dyr

§ 22.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Kapittel VIII. Tilskiping på offentleg stad mv.

§ 23.Søknadsplikt for tilskipingar på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil halda tilskipingar som i hovudsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føra til omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkja om dette innan ein frist som politiet set.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 24.Meldeplikt for allment tilgjengelege tilskipingar utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil halda tilskipingar som er allment tilgjengeleg, må senda melding til politiet i god tid, seinast innan 2 veker før tilskipinga skal avhaldas. Dette skal gjerast sjølv om tilskipinga ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det er naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av tilskipinga.

Plikt til å melda frå gjeld og samkome med dans eller anna tilstelling som overvegande er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 25.Offentleg dans e.l.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 26.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene, må dekkje utgiftene.

§ 27.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 28.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter at ho er stadfest av Politidirektoratet.

Forskrift 19. mars 1998 nr. 290 om politivedtekt for Vaksdal kommune, Hordaland, blir oppheva frå same tid.