Forskrifter om stiftelse og organisasjon av gjensidige sjøtrygdelag. 

DatoFOR-1956-11-09-5
DepartementFinansdepartementet
PublisertII 1956, 662
Ikrafttredelse09.11.1956
Sist endretFOR-1983-08-19
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1953-07-03-2-§4, LOV-1953-07-03-2-§6
Kunngjort
KorttittelForskrift om gjensidige sjøtrygdelag

Kapitteloversikt:

I.I medhald av § 4 og § 6, andre leden i lov om sjøtrygdelag frå 3. juli 1953 vert fastsett reglar for ymsesidige sjøtrygdelag om lagskiping og styreskipnad, og normalvedtekt til ymsesidige sjøtrygdelag, i samsvar med eit framlagt utkast på nynorsk og bokmål.
II.I medhald av § 6, tridje leden i same lova får Trygderådet (Forsikringsrådet) fullmakt til å godkjenne vedtekter og brigde i dei.

Det under I nevnte utkast lyder:

Reglar for ymsesidige sjøtrygdelag, om lagskiping og styreskipnad.

Kapitel 1. Lagskiping.

§ 1.Eit sjøtrygdelag kan skipast når minst 10 mann gjer vedtak om det på eit skipingsmøte, og dei ti går med i laget med minst 30 vågnadseiningar og minst kr. 1.000.000 i samla trygdesum. Møter nokon av dei for andre, skal han leggja fram skriftleg fullmakt, og den lyt godkjennast samrøyst på møtet.

Møtelyden skal velja ein møtestyrar.

Før det vert teke avgjerd om å skipa laget, skal alle avtalar som nokon av skipingsmennene har gjort innbyrdes eller med andre om lagskipinga eller lagsverksemda, leggjast fram i original eller rettkjend avskrift, og lesast opp. Ein slik avtale gjeld ikkje utan han vert godteken av alle skipingsmennene. Avtalen må ikkje stå i strid med den vedtekta som vert fastsett. Har nokon av skipingsmennene hatt utlegg som gjeld skipinga, skal ei noggrann oppgåve over dei leggjast fram på møtet og lesast opp der. Vert ikkje det gjort, kan utlegga ikkje krevjast att hjå laget.

Laget er skipa når det er fastlege at skipingsmennene er samde om det, og dei er så mange mann som nemnt i fyrste leden og har så mange vågnadseiningar og så stor trygdesum som nemnt der. Alle skipingsmennene lyt melda seg inn i laget.

Skipingsmennene skal så gjeva vedtekt for laget. Alle skipingsmennene lyt vera einige i vedtekta.

Dinest skal det veljast tillitsmenn i samsvar med vedtekta. Kvar som er med, har ei røyst for kvar vågnadseinig som han har meldt inn, og dessutan kan han røysta etter fullmakt for like mange vågnadseiningar. Men ingen kan ha meir enn 3 røyster ihoplagt. Står røystene likt, vert det halde lutdraging.

Det skal førast møtebok på skipingsmøtet. I den skal gjevast opplysing om alt som er framlagt på møtet, alle vedtaka skal førast inn, og heile vedtekta. Møteboka skal lesast opp når møtet skal slutta, og alle skipingsmennene som er der, skal skriva under.

Styret skal senda utskrift av møteboka til Trygderådet så snart som råd, og seinast innan 2 veker.

§ 2.Trygderådet kan fastsetja at eit sjøtrygdelag skal ha ein grunnmedel eller ein garantisum før det tek til med verksemda.

Kapitel 2. Lagsmennene og deira rett og skyldnad.

§ 3.Berre dei som tek trygding, kan vera med i eit ymsesidig sjøtrygdelag. Laget kan taka på seg attertrygding utan at trygdetingaren går inn i laget, og då gjerne mot fast premi for attertrygdinga.
§ 4.Dei som er med, har ikkje sjølve ansvar for skuld på laget. Deira ansvar er avgrensa til å yta ein forskotspremi (og omframpremi) og ein etterskotspremi. Det kan setjast ei avgrensing for etterskotspremien, men grensa for høgaste etterutlikning må ikkje vera lågare enn to gonger forskotspremien (og omframpremien).
§ 5.Eig laget for lite til å bera alle utgiftene i rekneskapsbolken, endå det er gjort etterutlikning, skal den summen som vantar, bytast etter eit og same prosenttal, på alle skadar som lagsmennene har lide og meldt frå om i rekneskapsbolken.
§ 6.Eit ymsesidig sjøtrygdelag kan ikkje ha deilder som er sjølvstendige i pengevegen. Men dette er ikkje til hinder for at det vert fastsett ulikt premigrunnlag for ulike grupper.
§ 7.Den skyldnad som ein lagsmann har til laget, vert for gamal og fell bort 3 år etter at han gjekk ut or laget eller etter at laget vart oppløyst.

Kapitel 3. Lagsmøtet.

§ 8.Den retten lagsmennene har til å taka vare på lagssaker, gjer dei gjeldane på lagsmøtet.

Lagsmøtet kan anten vera eit vanleg hovudmøte for alle lagsmennene eller vera eit møte der eit utval av lagsmennene er målsmenn for alle. Skal lagsmøtet vera eit utvalsmøte, lyt nærare reglar og vedtak om det godkjennast av Trygderådet.

Vanleg lagsmøte skal haldast ein gong i året, før utgangen av juni månad.

§ 9.Omframt lagsmøte skal haldast når styret, ettersynsmannen eller minst 10 lagsmenn krev det. Innkallinga vert gjord på same måten som er fastsett for det vanlege lagsmøtet, og med same frist. Vert eit krav om innkalling av omframt årsmøte ikkje etterkome innan 14 dagar, skal Trygderådet senda innkallinga, når rådet vert bede om det.
§ 10.Ein lagsmann kan ikkje sjølv eller med fullmektig eller med fullmakt frå andre, vera med og røysta i spørsmålet om han sjølv har røysterett eller om noko anna spørsmål der han har ei framståande personleg eller økonomisk serinteresse. Ein lagsmann kan likevel røysta på seg sjølv til tillitsyrke i laget.

Kapitel 4. Styret.

§ 11.Lagsmøtet skal velja eit styre, med varamenn, til å stå føre verksemda. Styret skal vera på minst 3 mann. Styresmennene lyt vera busette her i landet.

Når det er gjort framlegg om det i innkallinga til lagsmøtet, kan det veljast opp til 2 styresmenn og 1 varamann som ikkje er lagsmenn.

§ 12.Ein styresmann kan ikkje vera med i førehaving eller avgjerd om ei sak som han sjølv har ei framståande personleg eller økonomisk serinteresse i.
§ 13.Styresmenn, folk som dei er føresette for, eller firma som nokon av desse har ei framståande interesse i, lyt ha samtykke frå lagsmøtet i fall dei vil taka imot vederlag frå andre enn laget i samband med forretningar som vert gjorde for laget. Lagsmøtet kan taka samtykket attende kva tid som helst. Vederlag som nokon tek mot i strid med desse reglane, går til lagskassa.
§ 14.Lagsmøtet kan løysa ein tjenestemann frå stillinga mellombels, utan varsel. Ein varamann møter då i staden.

Spørsmålet om styresmannen skal slutta for godt, vert avgjort på eit nytt lagsmøte, som vert innkalla med vanleg varsel.

Kapitel 5. Rekneskapen.

§ 15.Trygderådet kan gjeva ålmenne reglar om korleis bokføringa skal vera, om korleis eiga skal verdsetjast, om korleis dei tekniske atthaldssummane - premireserven og skadereserven - skal utreknast, og om kva pengane åt laget skal setjast i og korleis dei skal styrast.

Det skal stillast forsvarleg trygd for handsaminga av lagseiga. Trygderådet kan gjeva nærare reglar om art og omfang av trygda.

Kapitel 6. Ettersynet.

§ 16.Kvart sjøtrygdelag skal ha ein eller fleire ettersynsmenn (revisorar), og lagsmøtet skal velja dei på uviss tid. Den ansvarlege revisor skal anten vera statsautorisert eller registrert revisor. Oppseiingsfristen for laget må ikkje vera lengre enn 6 månader. Trygderådet kan fastsetja at valet skal leggjast fram for rådet til godkjenning.
§ 17.Ettersynsmannen skal halda ettersyn av lagsrekneskapen til uvisse tider, så ofte som det trengst, og sjå etter om dei åtgjerder styret gjer, er i samsvar med vedtekta og trygdingsreglane og dei vedtak som elles er gjorde, alt ettar nærare reglar som Trygderådet gjev.
§ 18.Ettersynsmannen må ikkje vera med i styret for laget, eller ha noka stilling under styret eller under nokon av styresmennene - i eller utanfor laget -, eller vera gift med nokon som er i styret, eller vera i skyldskap eller verskyldskap med nokon styresmann i rett opp- eller nedstigande line eller i fyrste sidelina.
§ 19.Ettersynsmannen må ikkje ha lån hjå laget eller godtakast til kausjonist eller endossent for lån hjå laget.
§ 20.Ettersynsmannen har skyldnad til å teia andsynes uvedkomande, om alt som han har fått kjennskap til i arbeidet sitt.
§ 21.Lagsmøtet skal setja ein ettersynsmann av når han er saka i brot på sin skyldnad eller legg for dagen at han ikkje er skikka til å gjere arbeidet sitt. Om vedtaket skal sendast melding til Trygderådet med ein gong.

Kapitel 7. Røysterett, vedtekt-bridge, mindretalsrettar, oppløysing o.a.

§ 22.Attåt vanleg trygdeverksemd kan eit sjøtrygdelag vera agent for eit anna sjøtrygdelag som arbeider i same distriktet, når Trygderådet godkjennar skipnaden.
§ 23.Berre lagsmøtet kan gjera vedtak om brigde i vedtekta for laget. Slikt vedtak gjeld ikkje utan det har fått minst 2/3 av dei røystene som vart gjevne. Dei lagsmennene som har røysta, må vera målsmenn for minst 2/3 av alle røystene i laget. Elles lyt vedtaket takast opp att med 3/4 fleirtal på eit nytt lagsmøte, om det skal gjelda.

Går vedtaket ut på å utvida verksemda, kan dei lagsmennene som ikkje har røysta for vedtaket, seia opp trygdingane sine innan 4 veker utan oppseiingsfrist.

§ 24.Eit vedtektbrigde tek ikkje til å gjelda før det er godkjent av Trygderådet.
§ 25.Lagsmøtet kan fastsetja med vanleg fleirtal at det skal gjerast ei serskild gransking om lagsskipinga eller om forretningsførsla. Når det er gjort slikt vedtak, skal styret senda melding til Trygderådet med ein gong.

Vrakar lagsmøtet eit framlegg om å setja i gang slik gransking, kan minst 10 lagsmenn taka seg ein fullmektig og lata han anke saka inn for Trygderådet innan 3 månader etter at lagsmøtet vart halde. Den avgjerda som Trygderådet tek, kan kvar part anke inn for Kongen i samsvar med § 11 i lova frå 3. juli 1953 om sjøtrygdelag.

§ 26.Samanslåing av to eller fleire sjøtrygdelag kan finna stad ved at trygdingane saman med aktiva og passiva vert førte over til det sjøtrygdelaget som skal halda fram.

Avtale om samanslåinga og endringar i vedtektene i denne samanhengen må for å vera gyldige vedtakast med det fleirtal av røystene som er fastsett i § 23, første leden, og tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Forsikringsrådet.

Når eit sjøtrygdelag vil føra alle eller nokre av sine beinveges trygdingar over til eit anna trygdelag eller en annan trygdingsskipnad, kan overføringa ikkje setjast i verk før Trygderådet har gjeve lov til det.

Eit sjøtrygdelag kan ikkje taka atterhald i trygdevilkåra eller vedtekta om at laget skal kunna fri seg for ansvar med å føra trygdingane sine over til ein annan trygdingsskipnad.

§ 27.Går talet på lagsmenn ned under 10 eller talet på vågnadseiningar med beinveges trygding i laget ned under 30, eller den beinveges trygdesummen ned under kr. 1.000.000, skal dette meldast med ein gong til Trygderådet, og det tek avgjerd etter § 9 i lova frå 3. juli 1953 om sjøtrygdelag.
§ 28.Berre lagsmøtet kan gjera vedtak om at eit sjøtrygdelag skal løysa seg opp friviljugt, eller om at heile eiga skal førast over til eit anna trygdelag. Vedtaket gjeld ikkje utan det har slikt røystefleirtal som er fastsett i § 23, 1. leden. Styret syter for at vedtaket straks vert meldt til Trygderådet, og rådet avgjer korleis avskipinga skal setjast i verk.

Når det er gjort vedtak om å løysa laget opp, må det ikkje taka nye trygdingar og ikkje nya oppatt gamle trygdingar.

§ 28 a.Høgste aldersgrense for forretningsførar og andre fast ansette tenestemenn er 70 år.

Ingen kan veljast eller attveljast til noko tillitsumbod etter å fylt 70 år.

Kapitel 8. Vedtekta.

§ 29.Vedtekta for eit sjøtrygdelag skal ha føresegner om:
1.namnet på laget, kva herad eller by det skal ha sæte i, og så arbeidsområdet,
2.kva slag verksemd laget skal driva, og omfanget av verksemda,
3.den høgaste trygdesummen laget kan ha for eiga rekning på ei vågnadseining,
4.kva rett og skyldnad lagsmennene skal ha innbyrdes og til tredjemann, korleis underskot skal greiast og overskot nyttast,
5.lagsmøtet,
6.styret,
7.reglane for røysterett på lagsmøtet og i styret,
8.kven som kan binda laget og korleis,
9.rekneskapen, korleis han skal framleggjast og medfarast,
10.kva lagseiga skal setjast i,
11.oppleggjing av reservefond,
12.kva det skal gjerast med overskotet i fall laget vert oppløyst,
13.aldersgrense for laget sine tillits- og tenestemenn,
14.trygd for handsaming av lagseiga.