Forskrift om normalvedtekter for gjensidige sjøtrygdelag ifølge lov av 3. juli 1953. 

DatoFOR-1956-11-09-8632
DepartementFinansdepartementet
PublisertII 1956 s 667
Ikrafttredelse09.11.1956
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1953-07-03-2-§4, LOV-1953-07-03-2-§6
Kunngjort
KorttittelForskrift om vedtekter for sjøtrygdelag

§ 1.Namn, føremål og forretningskontor.
1.1. Namnet på sjøtrygdelaget er ........ med forretningskontor og verneting i .......
1.2. Føremålet for sjøtrygdelaget er å taka over trygding etter lov av 3. juli 1953 nr. 2 § 1 i ....... kommuner, fylke.
1.3. Sjøtrygdelaget er medlem i Sjøtrygdelagenes fellesforening i samsvar med hovudavtale, og samarbeidar i kraft av denne med dei andre gjensidige sjøtrygdelaga i Sjøtrygdegruppen. (Sjøtrygdelag som ikkje er medlem av Sjøtrygdelagenes Fellesforening kan stryka dette punkt.)
§ 2.Medlemskapet.

Medlemer er alle direkte trygdetakarar i sjøtrygdelaget. Ved overtaking av attertrygding vert ikkje medlemskap oppretta. Medlem er ein når trygdinga tek til å gjelda og så lenge den står ved lag.

§ 3.Høgstesum for eiga rekning.

Sjøtrygdelaget kan ikke taka høgare sum for eiga rekning enn kr. ..... på den einskilde risiko.

§ 4.Medlemsmøte.
4.1. Medlemsmøtet er den øvste styresmakta i sjøtrygdelaget.
4.2. Ordinært medlemsmøte skal haldast innan utgangen av juni. Det skal kallast inn av formannen i styret seinast 3 veker i førevegen ved brev frå styret til kvart medlem eller kunngjering i minst ei lokalavis. Styret fastset tid og stad for møtet. Berre dei sakene som er nemnde i innkallinga skal handsamast på medlemsmøtet. Avskrift av sakspapira skal leggast ut til gjennomsyn på kontoret til sjøtrygdelaget 3 veker før medlemsmøtet, og skal verta sendt til dei medlemene som skriftleg ber om det. Saker som nokon ønskjer å få tekne opp på medlemsmøtet, må vera styret i hende innan utgangen av april månad.
4.3. Ekstraordinært medlemsmøte skal haldast så ofte styret ønskjer, eller når skriftleg krav om det vert sett fram av revisor eller minst 10 medlemer. Møtet skal kallast inn på same måte og med same varsel som fastsett for ordinært medlemsmøte, jfr. § 4.2.
4.4. På medlemsmøtet har kvart medlem ei røyst for kvar einskild risiko han har meldt inn. Han kan dessutan etter skriftleg fullmakt røysta med like mange røyster som talet på dei risikoar han har trygda, men ingen kan ha meir enn 3 røyster. Medlemsmøtet er vedtaksført når minst 10 medlemer møter. (Sjøtrygdelag med få medlemer, kan velja eit mindre tal.) Møter ikkje mange nok medlemer skal det kallast inn ekstraordinært medlemsmøte, og dette er vedtaksført utan omsyn til kor mange medlemer som møter. Møtet skal kallast inn på same måte og med same varsel som fastsett for ordinært medlemsmøte, jfr. § 4.2.
4.5. Formannen i styret leier drøftingane på medlemsmøte. Er ikkje han til stades er det nestformannen eller ein særskilt ordførar vald av medlemsmøtet som leier drøftingane.

Alle vedtak vert gjorde med vanleg røystefleirtal, når ikkje anna er fastsett i vedtektene. Når røystene står likt, gjer røysta til formannen utslaget, med unnatak av val, der lutdraging skal nyttast. Det skal førast møtebok over drøftingane. Når møtet sluttar, skal møteboka lesast opp til godkjenning, og underskrivast av møtestyraren og eit anna medlem som møtet vel til det.

4.6. Det ordinære medlemsmøte skal:
4.6.1. Handsame årsmelding og revidert rekneskap.
4.6.2. Taka avgjerd om korleis overskotet skal nyttast eller underskotet dekkjast.
4.6.3. Velje styremedlemer og varamenn.
4.6.4. Velje statsautorisert eller registrert revisor(ar) og fastsetje godtgjersle for revisjonen.
4.6.5. Taka avgjerd om tillitsmennene i sjøtrygdelaget skal ha godtgjersle og i tilfelle kor stor godtgjersle dei skal ha.
4.6.6. Handsame dei sakene som blir lagde fram av styret.
§ 5.Styret.
5.1. Styret er på ..... medlemer med ..... varamenn. Funksjonstida for medlemene er 3 år og for varamennene 1 år. Første året går ..... medlem(er) ut, andre året ..... , begge åra etter lutdraging, deretter den/dei som har vore med lengst. Ein styremedlem er med i styret til dess det er valt ein ny, endå om tenestetida er ute.
5.2. Styremøte skal haldast så ofte formannen meiner det er naudsynt, eller når minst ..... styremedlemer krev det. Drøftingane i styret vert leia av formannen, eller når han ikkje er til stades, av varaformannen. For at eit styrevedtak skal vere gyldig, må minst halvparten av styremedlemene ha røysta for framlegget. Står røystene likt, gjer røysta til møtestyraren utslaget.
5.3. Firmaet til sjøtrygdelaget skal underskrivast av to styremedlemer saman. Styret kan gje prokura.
5.4. Styret skal elles:
5.4.1. Velje formann og nestformann seg imellom for 1 år om gongen.
5.4.2. Leie verksemda i sjøtrygdelaget og dessutan avgjere alle saker som ikkje ved vedtekter er lagde til andre organ i sjøtrygdelaget.
5.4.3. Gjennomføra vedtaka til medlemsmøtet.
5.4.4. Førebu og gje tilråding i dei sakene som skal leggast fram for medlemsmøtet.
5.4.5. Gje årsmelding og revidert rekneskap til medlemsmøtet.
5.4.6. Kunne inngå Hovudavtale med Sjøtrygdelagenes fellesforening og fastsetja premiar og trygdevilkår i samsvar med Hovudavtalen.
5.4.7. Syta for trygg attertrygding av risikoane til sjøtrygdelaget.
5.4.8. Tilsetja personale og fastsetja løn og andre vilkår for desse.
5.4.9. Sjå til at det vert stilt forsvarleg tryggleik for den midelen som dei tilsette er ansvarlege for etter føresegn gitt av Forsikringsrådet.
5.4.10. Sjå til at interessene til sjøtrygdelaget vert tekne forsvarleg vare på.

Styret skal føra møtebok over drøftingane sine. Alle styremedlemene som møter, skal skriva under i boka.

§ 6.Forretningsføraren.

Forretningsføraren skal leie den daglege drifta, gjennomføre styret sine vedtak og elles ta vare på interessene til sjøtrygdelaget.

§ 7.Plassering av midlar.

Midelen til sjøtrygdelaget skal setjast i bank, i skuldbrev som staten har ferda ut eller garantert eller - med godkjenning frå Forsikringsrådet - i andre verde.

§ 8.Rekneskapsår.

Rekneskapen til sjøtrygdelaget skal fylgja kalenderåret.

§ 9.Reservefond.

Overskotet i rekneskapsåret skal etter at alle utgifter er utgreidde og naudsynlege avskrivingar og store nok avsetningar er gjorde, førast over til reservefondet inntil fondet har nådd ein storleik på 10 % av heile trygdesummen for eiga rekning. Etter at reservefondet har nådd ein slik storleik, kan inntil 50 % av overskotet brukast til føremål vedteke av det ordinære medlemsmøte. Resten av overskotet skal overførast til eigenkapitalen. Vert reservefondet mindre enn 10 % av trygdesummen for eiga rekning, skal det aukast igjen som nemnt i fyrste leden. Mogeleg underskot skal først dekkjast av fri eigenkapital. Deretter skal reservefondet nyttast til dekking av underskot på slik måte: .............

§ 10.Revisjonen og rekneskapen.

Revisor reviderar rekneskapen til sjøtrygdelaget og gjev melding med tilråding om rekneskapen. Etter handsaminga på medlemsmøtet skal årsmelding og utdrag av rekneskapen sendast til Forsikringsrådet på fastsett skjema innan ein månad.

§ 11.Ansvar og plikter for medlemene.

Medlemene sitt ansvar er avgrensa til å svara ein forskotspremie (inkl. ekstrapremie) og til ein eventuell etterskotspremie, som ikkje må vere større enn det dobbelte av forskotspremien (inkl. ekstrapremie). Vedtak om etterskotspremie vert gjort av medlemsmøtet.

Eig sjøtrygdelaget for lite til å bera alle krav og utgifter i rekneskapsbolken, trass i at det er likna ut etterskotspremie, skal den summen som vantar, fordelast høveleg på alle skadar som medlemene har lide og meldt frå om i rekneskapsbolken. Utover denne tilskotsplikta har medlemene ikkje noko økonomisk ansvar overfor sjøtrygdelaget, dei andre medlemene eller tredjemann.

Medlem som går ut av sjøtrygdelaget, har ikkje rett til nokon del av eigenkapitalen eller overskotet i sjøtrygdelaget.

§ 12.Tillitsverv. Aldersgrenser.

Medlemene har plikt til å ta mot val til tillitsverv, men dei som er ferdige med valperioden kan nekte å ta mot attval i like lang tid som dei sist har hatt vervet. Medlemer som har fylt 60 år, kan nekte å ta mot val eller attval.

Ein tillitsmann går ut av vervet i det året han fyller ..... år (høgst 70 år). Aldersgrensa for funksjonærar er ..... år (høgst 70 år).

§ 13.Minstetal for medlemer, risikoar og samla trygdesum.

Går talet på medlemer ned under 10 eller talet på risikoar med direkte trygding i sjøtrygdelaget ned under 30, eller den direkte trygdesummen ned under kr. 1 mill. skal dette med ein gong meldast til Forsikringsrådet, som tek avgjerd etter § 9 i lova av 3. juli 1953 om sjøtrygdelag.

§ 14.Endringar i vedtektene. Godkjenning.

Vedtak om endring i vedtektene for sjøtrygdelaget kan berre medlemsmøtet gjera. Til vedtaket trengst minst 2/3 av dei røystene som er gjevne. Dei medlemene som har røysta må vera målsmenn for minst 2/3 av alle røystene i sjøtrygdelaget. Elles må vedtaket gjerast oppatt med minst 3/4 fleirtal på eit nytt medlemsmøte for å vera gyldig. Går vedtaket ut på å utvida verksemda til sjøtrygdelaget kan dei medlemene som ikkje har røysta for vedtaket, seia opp trygdingane sine innan 4 veker utan oppseiingsfrist. Endringar i vedtektene tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Forsikringsrådet.

§ 15.Samanslåing med andre sjøtrygdelag.

Sjøtrygdelaget kan verta samanslått med eit anna eller fleire andre sjøtrygdelag. I så fall må styret utarbeida framlegg til avtale om samanslåinga som mellom anna skal innehalda framlegg om eventuelle endringar i vedtektene og tidspunkt for gjennomføringa av samanslåinga.

Samanslåinga kan skje ved at trygdingane saman med aktiva og passiva vert førte over til det sjøtrygdelaget som skal halda fram. Framlegg om avtale om samanslåinga med eventuelle vedlegg skal godkjennast av medlemsmøtet, og må for å vera gyldige vedtakast med det fleirtal som er fastsett i § 14, 1. leden vedkomande endringar i vedtektene.

Dei tilsette skal orienterast om avtalen vedkomande samanslåinga. Avtale om samanslåinga og endringar i vedtektene tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Forsikringsrådet.

§ 16.Oppløysing.

Vedtek eit medlemsmøte oppløysing av sjøtrygdelaget, skal dette gå for seg i samsvar med lov om sjøtrygdelag av 3. juli 1953 nr. 2, jfr. kronprinsregentens resolusjon av 9. november 1956. Overskot når sjøtrygdelaget er oppløyst, skal nyttast slik: .........