Forskrift om normalvedtekt for ymsesidige sjøtrygdelag etter lov av 3. juli 1953.

DatoFOR-1956-11-09-9388
DepartementFinansdepartementet
PublisertII 1956 s 667
Ikrafttredelse09.11.1956
Sist endretFOR-1983-08-19
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1953-07-03-2-§4, LOV-1953-07-03-2-§6
Kunngjort
KorttittelForskrift om vedtekter for sjøtrygdelag

Kapitteloversikt:

Normalvedtekt til ymsesidige sjøtrygdelag etter lov 3. juli 1953.

Namn...............................................

Vedteki på lagsmøte den............................

og med nyare brigde frå.................................

Godkjent av.....................den..................

og brigde godkjende den...............................

Namn og sæte.

§ 1.Namnet på laget er:.............................

Laget har sæte i ................herad/by.

Føremål og kva som kan trygdast.

§ 2.Føremålet for laget er ymsesidig trygding av etternemde trygdingsemne på dei vilkår som står i denne vedtekta og i dei ålmenne trygdevilkåra.

Det kan gjevast trygding på..........................

.......................................................

.......................................................

.......................................................

Arbeidsområde.

§ 3.Dei som kan takast inn i trygdelaget, er eigarar av ting som er nemde i § 2, når eigaren høyrer heime i ........

.......................................................

Attertrygding fører ikkje med seg lagmannskap.

Høgstesum for eiga regning.

§ 4.Trygdelaget kan ikkje taka høgare sum på eiga rekning enn kr. ..... ...på ei vågnadseining.

Skyldnad for dei som står i laget.

§ 5.Dei som står i laget, har ikkje sjølve ansvar for lagsskuld.

Forskotspremi, etterskotspremi.

§ 6.Dei premiane som trengst til lagsutgiftene, skal liknast ut på dei innskrivne pengesummene i forskot og med frå % til % for året. Styret fastset premiane innanfor desse grensene.

Skulle inntektene i rekneskapsbolken verta for lite til ansvaret og utgiftene åt trygdelaget, endå om det vert nytta reservefondspengar etter § 15, skal det svarast ein etterskotspremi som vert utlikna i høve til forskotspremien. Men etterskotspremien skal aldri verte meir enn % av forskotspremien.

Har trygdelaget ikkje nok pengar til alle krav og utgifter i rekneskapsbolken, skal det som vantar, liknast ut - med same prosent - på alle skadar som lagsfolk har hatt og meldt i den tidsbolken.

Lagsmøtet.

§ 7.Det vanlege lagsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av ..... ...........månad, og lagsfolket skal kallast inn etter nærare avgjerd i styret, med brev til kvar som er med i laget og seinast 3 veker i førevegen.

Saman med innkallinga skal kvar lagsmann få tilsendt eit utdrag or siste årsrekneskapen. Framlegg som nokon vil ha opp på møtet, skal vera sendt styret innan utgangen av ......månad.

Lagsmøtet er vedtaksført når minst 10 lagsmenn møter. Er der ikkje så mange, skal det tidsetjast nytt møte med same varselfrist, og det vert vedtaksført endå om færre møter.

Sakene på lagsmøtet, røysterett.

§ 8.På lagsmøtet skal dei:
1.ha føre seg årsmelding frå styret og ettersedd rekneskap,
2.taka avgjerd om korleis overskotet skal nyttast eller underskotet greiast opp,
3.velja styre med varamenn i samsvar med § 9,
4.velja ettersynsmann (-menn),
5.velja takstmenn,
6.avgjerda om dei valde tillitsmennene skal ha godtgjersle og då kor stor godtgjersle kvar skal ha,
7.tilsetja forretningsfører og andre tenestemenn og fastsetja løn, aldersgrense, plikt til å stilla trygd og føresegner for dei, eller taka avgjerd om at styret skal gjera dette.
8.ha føre seg andre saker som er nemde i innkallinga.

Møtestyrar på lagsmøtet er styreformannen, og varaformannen når formannen ikkje er til stades, og elles ein serskild ordførar som lagsmøtet vel.

På lagsmøtet har kvar lagsmann ei røyst for kvar vågnadseining han har meldt, og dessutan kan han røysta etter skriftleg fullmakt - med like mange røyster som han har vågnadseiningar. Men ingen kan ha meir enn tre røyster.

Alle vedtak vert gjorde med vanleg røystefleirtal, når ikkje anna er fastsett i vedtekta. Når røystene står likt, går det etter møtestyrar-røysta så nær som i val. Då skal det nyttast lutkasting.

Det skal førast møtebok over det som er føre. Når møtet sluttar, skal møteboka lesast opp til godkjenning, og underskrivast av møtestyraren og to andre lagsmenn som møtet vel til det.

Styret.

§ 9.Styret er på ....styresmenn, valde på lagsmøtet. Formannen vert vald for eit år om gongen. Dei andre styresmennene vert valde for to år, såleis at .... av dei går ut kvart år, fyrste gongen etter lutkasting. Det skal veljast ..... varamenn med tenestetid som fastsett for dei vanlege styresmennene.

Dei som er med i laget, har skyldnad til å taka imot val. Men kvar kan seia ifrå seg attval for så lang tid som han har gjort teneste.

Styret vel sjøl varaformann, for eit år om gongen.

Ein styresmann står i styret til dess det er valt ein ny, endå om tenestetida er ute.

Styremøte.

§ 10.Styremøte skal haldast så ofte formannen meiner det er turvande, eller når ...... styresmenn krev det. Møtestyrar er formannen, men varaformannen når formannen ikkje er tilstades. Styret er vedtaksført når minst .... styresmenn møter. Vedtak vert gjort med vanleg røystefleirtal. Når røystene står likt, går det etter møtestyrar-røysta.

Styretenesta.

§ 11.Styret er målsmann for trygdelaget i alt som høyrer med til å driva verksemda.

Elles skal styret:

1.syta for at det vert laga årsrekneskap med jamvektsrekning og årsmelding,
2.syta for at det vert laga, til bruk for lagsfolket, ei liste over alle skader som er melde, med opplysing om godkjend skadebotsum for regulerte skadar og pårekna skadebotsum for dei uregulerte,
3.syta for at lagsmøtet vert samankalla,
4.Fastsetje premi og trygdevilkår,
5.syta for at lagseiga vert styrd på forsvarleg måte, herunder passa på at det vert stilt forsvarleg trygd,
6.tilsetja forretningsførar og andre tenestemenn så framt lagsmøtet har lagt det gjeremålet til styret.

Styret skal føra møtebok for møta sine. Alle styresmenn som møter skal skriva under i boka.

Bindane underskrift, prokura.

§ 12.Laget vert bunde med underskrift av formannen eller to andre styresmenn. Styret kan gjeva prokura.

Rekneskapsår.

§ 13.Rekneskapsåret i laget skal fylgja almanakkåret.

Pengefesting.

§ 14.Lagseiga skal settjast i bank, i skuldbrev som staten har utferda eller garantert, eller - med godkjenning frå Trygderådet - i andre verde.

Reservefond.

§ 15.I fall premi, rente og andre inntekter opptent i eit rekneskapsår, ikkje går med til ansvar og utgifter, skal overskotet leggjast til eit reservefond. Når fondet har vorte så stort som 10 prosent av heile trygdesummen den 31. desember, skal det vanlege lagsmøtet gjera nærare vedtak om korleis overskotet skal nyttast.

Vert reservefondet mindre enn 10 prosent av trygdesummen, skal det aukast som nevnt i fyrste leden.

Reservefondet skal nyttast til å bera underskott på slik måte: ......... .......................................

.......................................................

.......................................................

.......................................................

Innmelding, takst.

§ 16.Den som vil gjera trygdeavtale med laget, skal leggja fram dei opplysningar og oppgåver som styret krev. Styret avgjer om det skal haldast syn og takst. Kostnaden med dette skal berast av ........................

Brigde i vedtekta.

§ 17.Vedtak om brigde i vedtekta for laget kan berre lagsmøtet gjera. Til vedtaket trengst minst 2/3 av dei røystene som er gjevne. Dei som har røysta, må vera målsmenn for minst 2/3 av alle røystene i laget. Elles lyt vedtaket gjerast opp att med minst 3/4 fleirtal på eit nytt lagsmøte, men då gjeld det.

Går vedtaket ut på å utvida verksemda, kan dei lagsmennene som ikkje har røysta for vedtaket, seia opp trygdingane sine innan 4 veker utan oppseiingsfrist.

Vedtektbrigde tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Trygderådet.

Overskotet.

§ 18.Overskot når laget er oppløyst, skal nyttast så:

.......................................................

§ 18 a.Høgste aldersgrense for forretningsførar og andre fast ansette tenestemenn er 70 år.

Ingen kan veljast eller attveljast til noko tillitsombod etter å ha fylt 70 år.

§ 19.Kvar som vert teken opp i laget, skal få eit avprent av denne vedtekta.

Serlege føresegner.

§ 20...................................................

......................................................