Forskrift om målingsmåten i lov om rettshøve mellom grannar 16. juni 1961 nr. 15 § 3.

DatoFOR-1961-12-22-4
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 1961 s 1042, II 1961 s 650
Ikrafttredelse01.01.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1961-06-16-15-§3
Kunngjort
KorttittelForskrift om målingsmåten i granneloven § 3

Fastsett av Justis- og politidepartementet 22. desember 1961. 

Med heimel i § 3 første leden i lov frå 16. juni 1961 om rettshøve mellom grannar vert det fastsett desse føresegnene om målingsmåten:

Trehøgda skal målast i loddrett line frå grunnen der treet (stomnen) står og til høgste punktet i trekrona.

Fråstandet til hus, hage, tun eller dyrka jord på granneeigedomen skal målast i vassrett line frå næraste ytterkant på trestomnen. Når trestomnen ikkje hallar nemnande, kan målet takast i ei lagleg høgd frå bakken, men elles skal målet takast i ei høgd som svarar til halve trehøgda (sjå ovanfor) eller - om sjølve stomnen er lågare - i høgd med øvste punktet på stomnen.