Forskrift til sameigeloven § 15 fjerde ledd.

DatoFOR-1966-05-25-8701
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertII 1966 s 222
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2007-12-21-1607 fra 01.01.2008
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1965-06-18-6-§15
Kunngjort
KorttittelForskrift til sameigeloven § 15 fjerde ledd

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 25. mai 1966. Fremja av Justis- og politidepartementet.
Endringar: Endra ved forskrifter 11 okt 2002 nr. 1094, 21 des 2007 nr. 1607.

Kapittel I. Allmenne føresegner.

§ 1.Innhaldet i kravet om oppløysingssal.

Kravet om tvangssal til oppløysing av sameige skal setjast fram i prosesskriv eller munnleg. Vert kravet sett fram munnleg, skal namsmakta setje det opp i prosesskriv.

I skrivet skal stå:

a)at kravet gjeld oppløysing av sameige;
b)kva det er som ligg i sameige;
c)namnet på og bustaden til alle sameigarane;
d)kor stor part kvar har i sameiga;
e)kva varsel medeigarane har fått om oppløysingskravet;
f)kva tvangsgrunnlag det er for oppløysing eller, i tilfelle, ei særskild grunngjeving i samsvar med siste stykket;
g)dei opplysningane som elles trengst til å dømme om oppløysingssal kan krevjast eller som det er bruk for av omsyn til tillysinga og gjennomføringa av oppløysingssalet.

Saman med opplysningane må leggjast fram dei dokument som kjem saka ved. Ligg det føre tvangsgrunnlag for oppløysing, skal utskrift eller anna dokument leggjast ved slik som fastsett i tvangsfullføringslova § 5-2 andre stykket.

Ligg det ikkje føre dom eller anna tvangsgrunnlag for oppløysing, må kravsmannen i ei særskild grunngjeving for kravet gjere det truleg at han har rett til å krevje sameige oppløyst. Saman med grunngjevinga skal leggjast fram alle opplysningar og dokument som trengst til å dømme om det er ein slik rett.

0Endret ved forskrift 21 des 2007 nr. 1607 (i kraft 1 jan 2008, jf endringsforskriften for overgangsregler).
§ 2.Oppløysingssal.

Når det ikkje ligg føre dom eller anna tvangsgrunnlag for oppløysing, skal krav om oppløysingssal setjast fram for retten, som gir dei andre sameigarane melding om kravet.

I meldinga skal retten

a)oppmode sameigarane til å seie si meining om kravet og i tilfelle uttale seg om opplysningane i kravskrivet;
b)gjere kjent at kravet skal fullførast etter avgjerd (ordskurd) av retten, dersom det ikkje vert tatt til motmæle eller dersom motmælet klårt er grunnlaust (sameigelova § 15 tredje stykket);
c)setje slik frist for motmæle som retten etter tilhøva finn rimelig.

Kvar sameigar skal ha melding om retten si avgjerd (ordskurd) med opplysning om at ho kan ankast.

0Endra ved forskrifter 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003), 21 des 2007 nr. 1607 (i kraft 1 jan 2008, jf endringsforskriften for overgangsregler).
§ 3.Høvet til tvangsfullføringslova.

Reglane i tvangsfullføringslova om tvangsauksjon eller anna tvangssal gjeld tilsvarande så langt dei høver for spørsmål som ikkje er løyste i sameigelova eller i føresegnene her.

Kapittel II. Auksjonssal til oppløysing av sameige.

§ 4.Varsel til auksjonen.

Vert det tillyst auksjonssal til oppløysing av sameige, skal namsmakta syte for at alle sameigarane får varsel om auksjonen i rimelig tid føreåt.

§ 5.Føreretten til sameigarane.

Har to eller fleire gitt like bod på oppløysingsauksjonen og ingen byd høgre, skal auksjonsstyraren syte for å få opplyst om nokon av bydarane er sameigar.

Er ein av bydarane sameigar, skal auksjonsstyraren gjere kjent at sameigaren har førerett til å få bodet sitt godtatt (sameigelova § 15 andre stykket). Før tilslag vert gitt, skal han så oppmode til høgre bod.

Har to eller fleire sameigarar kvar for seg gitt like bod, skal auksjonsstyraren gjere kjent at dei i tilfelle får tingen i sameige, slik at parthøvet dei imellom vert det same som før (sameigelova § 15 andre stykket, jfr. § 11 tredje stykket). Før tilslag vert gitt, skal han så oppmode til høgre bod.

Har alle sameigarane kvar for seg gitt like bod og ingen byr over, lyt fullføringa av oppløysingskravet utsetjast til så lenge. Før auksjonsstyraren gjer vedtak om utsetjing, skal han gjere dette kjent og oppmode til høgre bod.

§ 6.Godtakinga av auksjonsbodet.

Den som har sett fram kravet om oppløysingssal, avgjer om auksjonsbodet skal godtakast i tilfelle der avgjerda i vanleg tvangsauksjon ligg hjå saksøkjaren.

Er det tillyst auksjon til fullføring av oppløysingskrav frå to eller fleire sameigarar, er det nok at ein av dei godtar bodet.

§ 7.Ansvar for auksjonssummen.

Får to eller fleire av sameigarane tilslaget i samsvar med § 5, svarar dei for kjøpesummen i same høve som dei får part i sameiga (pro rata).

Kapittel III. Anna oppløysingssal (underhandssal).

§ 8.Om varsel og høve til å by.

Skal sameiga oppløysast ved anna tvangssal (underhandssal) enn sal på auksjon, skal namsmakta syte for at kvar sameigar får høve til å by på tingen og får slikt varsel om dei boda som kjem inn som etter tilhøva er rimelig. Reglane her gjeld også når sameiga er verdipapir.

§ 9.Føreretten til sameigarane.

Har to eller fleire gitt like bod i oppløysingssal (underhandssal) etter § 8, gjeld reglane i §§ 5 og 7 om gjennomføring av føreretten til sameigarane i auksjonssal og om ansvar for auksjonssummen så langt dei høver.