Forskrifter om lensmennene si attåtverksemd.

DatoFOR-1973-11-16-9
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 1973 s 1270, II 1973 s 651
Ikrafttredelse01.01.1974
Sist endretFOR-2002-10-11-1094 fra 01.01.2003
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1961-06-16-7-§4
Kunngjort
KorttittelForskrift om lensmennene si attåtverksemd.

Fastsett ved kgl. res. av 16. november 1973, jfr. lov av 16. juni 1961 nr. 7 om lensmenn, § 4, andre leden. Fremja av Justisdepartementet. Endra 11 okt 2002 nr. 1094.

§ 1.Lensmenn må ikkje:
a)halda friviljuge auksjonar utan etter oppdrag frå offentleg styremakt, jfr. § 2 c),
b)driva eigedomsmekling, eigedomsomsetjing eller handsama bu utan etter oppdrag frå tingretten, jf. § 2 bokstav d,
c)ta på seg innkrevjing for private, unnateke oppdrag for TONO, jfr. § 2 f) og h),
d)driva agentur eller trygdeverksemd av alle slag, unnateke trygdeverksemd for Norges Brannkasse i tida fram til brannkassa hev tilsett ein annan enn lensmannen som sin representant i vedkomande distrikt, jfr. § 2 i).
0Endra ved forskrift 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003).
§ 2.Utan samtykke frå fylkesmannen kan lensmenn:
a)møte i forliksråd som forliksfullmektig,
b)setja opp kjøpekontraktar, skøyter, testament, ektepakter og andre rettshandelsdokument,
c)etter oppdrag frå offentleg styremakt halda friviljuge auksjonar,
d)etter oppdrag frå tingretten ta på seg eigedomsmekling, eigedomsomsetjing og handsaming av bu,
e)vera testamentiverksetjar,
f)driva innkrevjing for TONO,
g)ta på seg særskild lønte oppdrag i samband med offentleg jakt- og fiskeoppsyn,
h)ta på seg innkrevjing (innkassering) for offentlege bankar og institusjonar,
i)driva trygdeverksemd for Norges Brannkasse, jfr. § 1 d).
0Endra ved forskrift 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003).
§ 3.Desse reglane vert sett i verk frå 1. januar 1974. Frå same tid held førebels reglar fastsett ved kgl. res. 22. desember 1961 om den retten fylkesmannen skal ha til å gje samtykke etter § 4 første leden i lov om lensmenn av 16. juni 1961, opp å gjelde.