Forskrift om målbruk i offentleg teneste.

DatoFOR-1980-12-05-4938
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 1980 902
Ikrafttredelse01.01.1981
Sist endretFOR-1989-12-22-1273
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1980-04-11-5-§4, LOV-1980-04-11-5-§11
Kunngjort
KorttittelForskrift om målbruk i offentleg teneste

Fastsett ved kgl.res. av 5. desember 1980 med heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste § 4, andre leddet, og § 11. Fremja av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Endret 30. januar 1987 nr. 31, 15. mai 1987 nr. 389, 4. november 1988 nr. 892. (Ved res. av 22. desember 1989 nr. 1273 er ansvaret for denne forskrifta lagt til Kyrkje- og kulturdepartementet).

§ 1.Kultur- og vitskapsdepartmentet1 fører tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste.

Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde.

Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

1Kirke- og kulturdepartementet i følge res. 22. desember 1989 nr. 1273.
§ 2.For utanlandske statsborgarar gjeld plikta til å nytte begge målformer berre dersom dei har norsk vidaregåande utdanning med sidemålsopplæring eller universitets- eller høgskoleutdanning i norsk eller tilsvarande opplæring i norsk.

I særlege høve kan Kultur- og vitskapsdepartementet1 etter søknad frita einskilde tenestemenn eller nærmare fastsette grupper av tenestemenn frå plikta til å nytte begge målformer.

1Kirke- og kulturdepartementet i følge res. 22. desember 1989 nr. 1273.
§ 3.Lokale statsorgan er statsorgan med tenestekrins som femner om ein kommune. Regionale statsorgan er statsorgan som femner om meir enn ein kommune, men likevel ikkje heile landet. Sentrale statsorgan er statsorgan med heile landet som tenestekrins.

I høve til reglane om målbruk skal statsorgan som førebur og gjer vedtak, og som utetter står fram som ei eining, reknast for eit eige statsorgan.

§ 4.Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.
§ 5.Tenestemålet for eit lokalt statsorgan skal samsvare med målvedtaket i den kommunen som er tenestekrins for organet. Tenestemålet skal nyttast i skriv til alle statlege organ.

Tenestemålet for eit regionalt statsorgan skal samsvare med fleirtalsmålforma for kommunane i tenestekrinsen. Utrekning av fleirtalsmålforma skal følgje reglane i lov om målbruk i offentleg teneste § 7. I skriv frå det regionale statsorganet til lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. I skriv frå det regionale statsorganet til alle andre statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast.

Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale. Eit sentralt statsorgan som skriv til eit anna språkleg nøytralt organ, står fritt i val av målform. I skriv til eit regionalt statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv til det lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast.

§ 6.For tilfang etter § 8 første ledd i lova vil ei rimeleg kvantitativ fordeling seie at ingen av dei to målformene skal vere representert med mindre enn 25 %.

Målvedtaka i kommunane skal som hovudregel leggjast til grunn ved spreiing av parallellutgåver av alle slag tilfang som høyrer inn under § 8 første ledd.

Regionale statsorgan med tenestemål kan veksle mellom målformene i tilfang med særleg tilknyting til ein eller fleire nøytrale kommunar i tenestekrinsen. I tilfang med særleg tilknyting til fleire kommunar som har gjort vedtak om same målform, kan denne målforma nyttast sjølv om ho ikkje samsvarer med tenestemålet til det regionale statsorganet. I andre saker kan departementet i særlege tilfelle gjere unntak etter § 8 femte ledd.

§ 7.

Når eksamensoppgåver i andre fag enn norsk blir gitt på norsk mål, skal kvar kandidat få oppgåveteksten på bokmål eller nynorsk etter ønske. Dette gjeld for slutteksamenar, medrekna deleksamenar som høyrer med i ein større eksamen. Lærestaden kan be om bindande val av målform for oppgåveteksten ved oppmelding til eksamen.

Når særlege grunnar talar for det, kan lærestaden gjere heilt eller delvis unntak frå denne regelen. Studentar som dette vedkjem, kan klage på slikt vedtak til departementet.

Departementet kan gi nærmare reglar til denne paragrafen.

§ 8.Vedtak i kommunestyre eller fylkesting etter § 5, første leddet, i lov om målbruk i offentleg teneste skal meldast til Kultur- og vitskapsdepartementet1. Ajourførte lister over slike målvedtak blir tekne inn i Norsk Lovtidend og Norsk lysingsblad to gonger for året. Nye målvedtak får ikkje rettslege verknader for statsorgan før dei er kunngjorde på denne måten.

Kultur- og vitskapsdepartementet1 kan fastsetje nærmare reglar om kunngjeringsmåten.

Føresegnene tek til å gjelde 1. januar 1981. Frå same tid blir føresegner til lov 6. juni 1930 nr. 22 om målbruk i statstenesta, fastsette ved kgl.res. 29. januar 1932 og ved kgl.res. 18. april 1947, oppheva.

1Kirke- og kulturdepartementet i følge res. 22. desember 1989 nr. 1273.