Forskrifter om eigedomsinngrep etter veglova

DatoFOR-1981-09-11-8603
DepartementSamferdselsdepartementet
PublisertI 1981 s 871
Ikrafttredelse01.10.1981
Sist endretFOR-2014-05-06-609
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1963-06-21-23-§50, FOR-2004-08-27-1219
Kunngjort
KorttittelForskrift om eigedomsinngrep etter veglova

Heimel: Fastsett med heimel i veglova § 50, 4. ledd. Fremja av Samferdselsdepartementet.
Tilføyd heimel: Delegeringsvedtak 27. august 2004 nr. 1219.
Endringar: Endra ved forskrifter 13 des 2002 nr. 1603, 27 aug 2004 nr. 1217, 6 mai 2014 nr. 609.

§ 1.Kva føresegnene gjeld

Føresegnene gjeld eigedomsinngrep til riks-, fylkes- og kommunal veg etter veglova § 50.

§ 2.Minnelege forhandlingar om eigedomsinngrep

Før vedtak om eigedomsinngrep kan gjerast, skal vegstyremakta, eller kommunen i saker som blir fremma etter § 5 første eller andre ledd i føresegnene her, prøve å nå fram til semje med dei inngrepet råkar.

Unntak frå regelen i første ledd kan gjerast når vegstyremakta

a)ser det som rådlaust å nå fram til semje, eller
b)finn at saka er av ein slik karakter eller eit slikt omfang at det ikkje ligg til rette for minnelege forhandlingar.
§ 3.Plankrav

Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningslova.

Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 12-12.

0Endra ved forskrifter 27 aug 2004 nr. 1217, 6 mai 2014 nr. 609.
§ 4.Unntak frå plankrav

Regelen om plankrav etter § 3 gjeld ikkje for:

a)små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1.
b)inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1.
c)vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd.
d)avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.
0Endra ved forskrifter 13 des 2002 nr. 1603 (i kraft 1 jan 2003), 27 aug 2004 nr. 1217, 6 mai 2014 nr. 609.
§ 5.Forholdet til kommunen

Vegstyremakta skal på vanleg måte gjere vedtak om eigedominngrep i saker der kommunen er pålagt å stå for gjennomføringa av eigedomsinngrep til

a)riksveg med heimel i veglova § 14, og
b)fylkesveg med heimel i veglova § 15.

Den vegstyremakta som har heimel til å gjere vedtak om eigedomsinngrep for riks- eller fylkesveg, kan avtale med kommunen at denne skal stå for gjennomføringa av eigedomsinngrepet.

Pålegg etter første ledd eller avtale etter andre ledd i denne paragrafen gir kommunen fullmakt til å krevje skjønn.

§ 6.Når føresegnene tek til å gjelde

Føresegnene her tek til å gjelde frå 1. oktober 1981. Frå same tid trer Kronprinsregentens resolusjon av 15. januar 1965 om forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven, og kongeleg resolusjon av 12. august 1966 om endringer og tillegg i forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven ut av kraft.