Forskrift om endring av rettskriving og læreboknormal

DatoFOR-1982-02-16-382
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 1982 71
Ikrafttredelse01.07.1982
Sist endretFOR-1989-12-22-1273
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1980-04-11-5
Kunngjort
KorttittelForskrift om endring av rettskriving m.v.

Heimel: Fastsett med heimel i kgl.res. 24. juli 1981 av Kultur- og vitskapsdepartementet 16. februar 1982. (Ved res. av 22. desember 1989 nr. 1273 er ansvaret for denne forskrift lagt til Kirke- og kulturdepartementet).

1.Dei endringane i rettskriving og læreboknormal for bokmål som det vart gjort framlegg om i tilknytning til St.meld. nr. 100 (1980-81), og dei rettskrivingsendringane for bokmål og nynorsk som Norsk språkråd gjorde vedtak om 29. - 30. januar 1982, blir fastsette som gjeldande for ordlister, norsklærer og andre godkjenningspliktige lærebøker frå 1. juli 1982.
2.Læreboknormalen for bokmål og nynorsk skal leggjast til grunn for språkbruken i statstenesta seinast frå 1. juli 1982.
3.I statstenesta er det høve til å leggje til grunn den nye læreboknormalen for bokmål straks.

Nærmare opplysningar om endringane i rettskriving og læreboknormal får ein ved å vende seg til Norsk språkråd, postboks 8107 Dep., Oslo 1.