Forskrift om retningslinjer for behandling av avkjørslesaker for riksveg, jfr. veglova §§ 40 og 41.

DatoFOR-1982-02-26-3791
DepartementSamferdselsdepartementet
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2003-02-20-193
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1963-06-21-23-§40, LOV-1963-06-21-23-§41
Kunngjort
KorttittelForskrift om avkjørsel til riksveg

Kapitteloversikt:

Fastsett av Samferdselsdepartementet 26. februar 1982. Endra 20 feb 2003 nr. 193.

Innleiing.

Avkjørsle til offentleg veg kan i samsvar med veglova § 40, ikkje byggjast utan løyve eller nyttast utan løyve eller annan særskilt heimel. Avkjørsle er her brukt som samleomgrep og omfattar all tilkomst mellom offentleg veg og tilstøytande eigedom, herunder gangtilkomst.

Avkjørsle kan fastleggjast og regulerast i plan etter plan- og bygningslova.

Det vil kunne melde seg behov for, eller ønskje om nye avkjørsler sjølv om det ligg føre reguleringsplan der det er teke sikte på å dekkje avkjørsleforholda. I slike tilfelle skal saka takast opp til realitetsvurdering. Søknad kan ikkje avvisast med tilvising til at han gjeld avkjørsle som ikkje er i samsvar med planen.

Retningslinene nedanfor skal nyttast ved behandling av enkeltsaker som gjeld avkjørsle til riksveg. Avgjerdsmakta i desse sakene ligg til regionvegkontoret eller kommunen som ved delegering etter veglova § 9 første ledd eventuelt vil få denne styremakta. Klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar er fylkesmannen, jf. veglova § 11 andre ledd.

Retningslinene gjeld både for behandling av førsteinstansen og klageinstansen. I tillegg til retningslinene gjeld forvaltningsrettslege føresegner som følgjer av forvaltningslova mv., jf. veglova § 11.

0Endra ved forskrift 20 feb 2003 nr. 193.

1. Generelt om siktemål og interesseavveging.

Behovet for avkjørsler til offentleg veg har samanheng med arealutnyttinga langs vegen. Ved behandling av avkjørslesaker skal målet vere å sikre eit tilkomstmønster til vegen som kan aksepterast ut frå omsynet til vegen og ferdsla på denne, jfr. pkt. 2 i retningslinene her. Samtidig skal det takast omsyn til interesser og ønske som er knytte til utnytting av områda langs vegen, jfr. pkt. 3 i retningslinene her. Medan omsynet til vegen og ferdsla såleis vil kunne tale mot å gi avkjørsleløyve, kan andre overordna samfunnsmål og private interesser tale for at løyve bør gjevast.

Dersom eit avkjørsleløyve ikkje vil kome i strid med omsyn som gjeld vegen og ferdsla, herunder først og fremst trafikktryggleik og vegen sin transportfunksjon, skal løyve gjevast. Løyve til avkjørsle kan ikkje nektast på anna grunnlag enn det som har å gjere med desse omsyna.

Er det ut frå omsynet til vegen og ferdsla uakseptabelt å gi løyve til avkjørsle, skal søknaden avslåast. Mellom desse ja- og nei-tilfelle som markerer ytterpunkta på vurderingsskalaen, ligg dei vanskelege sakene der utfallet vil vere avhengig av ei vurdering der omsynet til vegen og ferdsla blir vege opp mot det som talar for å imøtekome søknaden.

Denne avveginga skal, innanfor dei rammene som følgjer av retningslinene her, gjerast på bakgrunn av den konkrete situasjonen i kvart tilfelle, likevel slik at enkeltsøknader ikkje blir sett isolert. Avgjerda skal skje etter ei heilskapsvurdering der vegstrekning og område blir sett i samanheng.

Om utfallet av behandlinga blir at ein avkjørslesøknad ikkje kan imøtekomast i den forma han ligg føre, skal alternative løysingar vurderast, jfr. pkt. 4.3 i retningslinene.

2. Omsynet til vegen og ferdsla.

Ved vurdering av avkjørslesaker skal det leggjast stor vekt på trafikktryggleiken. Andre viktige omsyn kan vere vegen sin transportfunksjon og det som har å gjere med vedlikehald av vegen. Både av omsyn til trafikktryggleiken og den transportfunksjon vegen skal ha, er det ved planlegging og utbygging i nokon mon lagt til grunn føresetnader om vegtype, til dømes avkjørslefri eller avkjørsleregulert veg. Slike føresetnader skal leggjast til grunn ved behandling av avkjørslesaker.

2.1 Omsynet til trafikktryggleiken.

Avkjørslesituasjonen har klar innverknad på trafikkmønsteret og aktivitetsnivået langs vegen, både i form av ferdsle inn og ut av avkjørsler og den lokaltrafikken som følgjer med (bilar, jordbruksreiskap, syklistar og fotgjengarar). Dette har igjen innverknad på risikoen for ulykker.

Ein sterkt trafikkert veg med mange avkjørsler inneber stor risiko for ulykker. Særleg farleg er det når fotgjengarane, og då mest typisk skolebarn, må bruke same vegen som den motoriserte ferdsla.

Det vil såleis vere eit anna grunnlag for å vurdere ei avkjørslesak ved ein sterkt trafikkert gjennomgangsveg enn ved ein veg med mindre og lokalprega trafikk. Konflikten mellom omsynet til trafikktryggleiken og søkjaren sine interesser vil vere mindre i det siste tilfellet, og vil gi grunnlag for ei meir liberal haldning. På vegar med stor trafikk, særleg gjennomgangstrafikk og stor fart, må ein av omsyn til trafikktryggleiken vurdere avkjørslesøknadene vesentleg strengare.

Ved vurderinga skal det takast omsyn til endringar som kan ventast. Kan ein rekna med at det innanfor eit akseptabelt rimeleg tidsrom blir sett i verk tryggingstiltak, til dømes bygging av gang- og sykkelveg, eller at noverande veg blir avlasta av omkjøringsveg, kan det vere grunnlag for ei meir liberal haldning enn forholda i dag skulle tilseie. Tiltak eller planar som inneber at vegen i framtida kan få auka trafikk og spele ei større rolle transportmessig, vil kunne føre til at avkjørslesaker må behandlast meir restriktivt.

Det er fastsett krav til sikt m.v. i avkjørsler, jfr. pkt. 4.4 i retningslinene her. Bakgrunnen for dette regelverket som skal leggjast til grunn ved behandling av avkjørslesaker, er mellom anna trafikktryggleiken. Avkjørsleløyve skal ikkje gjevast dersom desse krava ikkje kan tilfredsstillast.

Dersom fleire avkjørsler vil innebere at det oppstår behov for omkjøringsveg eller tryggingstiltak som gang-/ sykkelveg eller fartsregulering, skal dette takast omsyn til ved behandling av avkjørslesaker. Meiner ein at slike behov er heilt klare, skal avkjørsleløyve ikkje gjevast dersom det ikkje samstundes er sikkert at dei nødvendige tiltaka blir gjennomførte.

2.2 Omsynet til vegen sin transportfunksjon.

Ved sida av trafikktryggleiken er det særleg vegen sin transportfunksjon som skal telje med ved vurdering av avkjørslesaker. I praksis vil det i denne samanhengen, kunne vere vanskeleg å skilje desse omsyna frå einannan. Samanhengen kan illustrerast ved at avkjørslesituasjonen er eit viktig moment ved fastsetting av fartsgrenser på vegnettet. Fleire avkjørsler kan gi grunnlag for å sette ned farten. Redusert fart gjev eit dårlegare vegsamband, jamvel om vegen i seg sjølv er god. Det er såleis viktig at slike verknader er klarlagde før det blir teke avgjerd i avkjørslesaker.

Søknad om avkjørsle til ein viktig gjennomfartsveg skal under elles like vilkår, vurderast meir restriktivt enn tilsvarande søknad til ein veg med lokalprega trafikk.

Utbygginga av eit overordna avkjørslefritt eller avkjørsleregulert vegnett skjer gradvis. Avkjørslesaker skal vurderast i lys av ein samla utbyggingsstrategi for ei aktuell vegstrekning, jfr. elles pkt. 4.1 i retningslinene her om strekningsinndeling av vegnettet for vurdering av avkjørsler.

Langs avkjørslefrie vegar er utgangspunktet at det ikkje skal gjevast løyve til enkeltavkjørsler. Saker som gjeld driftsavkjørsler i landbruket kan likevel i visse tilfelle behandlast meir lempleg enn andre avkjørslesaker.

Det skal leggjast vekt på å differensiere vurderingane i avkjørslesaker etter kor viktig det er å halde den konkrete vegstrekninga mest mogleg avkjørslefri av omsyn til tryggleik, transportstandard og veg- sambandet som ledd i samferdsla.

3. Forholdet til planlegging/arealbruk - busettings- og næringsgrunnlag.

3.1 Omsyn til planar og arealutnytting.

Etter veglova § 40 er utgangspunktet at avkjørsler skal fastleggjast i plan etter plan- og bygningslova. Avgjerd i enkeltsak bør i prinsippet byggje på ei tilsvarande brei vurdering.

Trafikkmønsteret er i stor grad avhengig av arealbruk, utbygging og korleis sentrale funksjonar i lokalsamfunnet er lokaliserte. På same måten som omsynet til trafikktryggleiken skal inngå i all planlegging og lokalisering, skal det som ligg føre av aktuelle planar etter bygningslova, telje med ved vurderinga av avkjørslesaker. Søknad om avkjørsleløyve til bustadtomt skal til dømes vurderast ut frå plassering i høve til sentrumsfunksjonar, skole, butikk m.v., så langt dette har noko å seie for trafikktryggleiken t.d. ved resulterande blanding av gåande/syklande og motorisert ferdsel når gang- og sykkelveg manglar. Som peika på under pkt. 1 i desse retningslinene, kan avkjørsle berre nektast ut frå omsyn som har med vegen og ferdsla å gjere.

I samråd med kommunen skal det vurderast om avkjørslespørsmålet bør løysast gjennom reguleringsplanlegging i området, men dette bør sjåast i samanheng med omsynet til søkjaren. Bruk av mellombels og tidsavgrensa løyve kan vere aktuelt.

0Endra ved forskrift 20 feb 2003 nr. 193.

3.2 Distriktsomsyn.

I utkantstrøk og grisgrendte område er det viktig å halde oppe og styrke busetting og næringsgrunnlag. Ved behandling av avkjørslesaker i slike område skal det leggjast vekt på at det lokaliseringsønsket som er grunnlag for søknaden, er i samsvar med eit utbyggingsmønster som er innarbeidd i kommunale planar eller lagt til grunn for kommunal planlegging og lokalisering. Så langt råd er, skal ein prøve å finne fram til løysingar ved hjelp av lokalvegnett eller i form av utvida bruk av eksisterande avkjørsler.

Ofte vil det vere slik at omsynet til vegen og ferdsla, betyr mindre i desse områda enn elles. Men også i grisgrendte område er det viktige gjennomfartsvegar som tilseier eit restriktivt utgangspunkt for vurdering av avkjørslesaker.

I område med særlege terrengtilhøve, som til dømes mellom fjord/vassdrag og fjell er det ofte ikkje særleg plass til lokalvegar i tillegg til hovudvegen. I slike tilfelle kan ein måtte vurdere avkjørslesøknader meir liberalt enn elles. Men ein må og vere særleg varsom så den einaste aktuelle hovudvegen ikkje får for låg standard på grunn av avkjørsler.

3.3 Særlege omsyn til stadbundne næringar (landbruk).

Avkjørsler som trengst i samband med stadbundne næringar, først og fremst i landbruket, skal vurderast meir liberalt enn avkjørsler til andre formål. Det same gjeld utvida bruk av eksisterande avkjørsle til husvære nr. 2 på eit gardsbruk, når dette er grunnlag for eit naturleg generasjonsskifte i drifta på eigedomen.

4. Andre retningsliner for vurdering av avkjørslesaker.

4.1 Strekningsinndeling av vegnettet som grunnlag for vurdering av avkjørsler.

Avkjørslesøknader skal vurderast på bakgrunn av strekningsvise oversikter (for eksempel rammeplanar) som mellom anna viser kor strengt søknader om ulike avkjørsletyper vil bli vurdert. Ved utarbeiding av desse oversiktene skal det leggjast til grunn dei same omsyna og vurderingane som blir nytta ved behandling av avkjørslesøknader.

Strekningsoversiktene er ikkje bindande ved vurdering av enkeltsaker. Det er likevel viktig at dette materialet ligg til grunn for behandlinga, slik at den enkelte saka mest mogleg forsvarleg kan vurderast i ein vidare samanheng.

4.2 Forholdet mellom enkeltsaksbehandling og planlegging.

Regionvegkontoret vil kunne utarbeide plan eller be om at det blir utarbeidd plan i samband med avkjørslesøknader. Utanfor regulert område inneber dette at ein i staden for å avgjere til dømes avkjørslesøknad som enkeltsak, utarbeider reguleringsplan som omfatter løysing av det aktuelle avkjørslespørsmålet. Jfr. elles pkt. 3.1 i desse retningslinene.

Ved utarbeiding av enkelte planar, til dømes reguleringsplanar av eldre dato, har det ikkje vore teke sikte på å løyse avkjørslespørsmålet. I slike tilfelle vil avkjørslesøknad anten kunne behandlast som enkeltsak eller ved endring eller revisjon av vedkomande plan.

Ved avkjørslesøknader vil det kunne vere aktuelt å krevje plan når ein går inn på å vurdere alternative løysingar, jfr. pkt. 4.3 i retningslinene. Dette har mellom anna samanheng med at ei løysing som inneber utvida bruk eller regulering av eksisterande avkjørsler, og vil kunne få verknad for interessene til andre enn søkjaren.

0Endra ved forskrift 20 feb 2003 nr. 193.

4.3. Vurdering av alternative løysingar.

Om ein avkjørslesøknad ikkje kan imøtekomast i den forma han ligg føre, bør alternative løysingar vurderast. I slike tilfelle skal ein særleg sjå på om løyve kan gjevast i form av utvida bruk av eksisterande avkjørsle eller via anna vegnett i området. Om det trengst og forholda ligg til rette, kan det vedtakast flytting eller endring av eksisterande avkjørsler for å få ei god heilskapsløysing.

Det er grunnlag for å vurdere alternative løysingar sjølv om det vil vere akseptabelt å imøtekome søknaden slik han ligg føre. Vilkåret er at ein då alt i alt får ei trafikkmessig betre løysing. Dette punkt gjeld særleg førsteinstansen.

0Endret ved forskrift 20 feb 2003 nr. 193.

4.4 Tekniske krav til utforming av avkjørsler.

Ved behandling av avkjørslesaker skal dei tekniske krava til utforming av avkjørsler med tilkomstveg som til kvar tid gjeld, leggjast til grunn. Eksempel på slikt regelverk er vegnormalane, jfr. føresegnene etter veglova § 13, og reglar om bygging og vedlikehald av avkjørsler etter veglova § 43.

Etter veglova § 40, tredje ledd, kan regionvegkontoret krevje at den enkelte avkjørsla skal byggjast etter plan det godkjenner.

0Endret ved forskrift 20 feb 2003 nr. 193.

4.5 Ulike avkjørsletyper.

Avkjørsler vil tene ulike formål og få varierande innverknad på trafikkmønsteret. Driftsavkjørsler i landbruket, avkjørsle til bustadområde og næringsverksemd knytt til vegtrafikken, gir alle ulike verknader i høve til trafikken på vegen. Dette fører og til at grunnlaget for å vurdere slike avkjørsler er forskjellig.

5. Andre retningsliner.

Vegdirektoratet kan gi utfyllande bestemmelser for behandling av avkjørslesaker.