Forskrift om førehandsvarsling og om fjellstyrevedtak.

DatoFOR-1983-06-08-1257
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 1983 s 643
Ikrafttredelse01.08.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-31-§10
Kunngjort
KorttittelForskrift om varsling av fjellstyrevedtak

Kapitteloversikt:

Fastsett 8. juni 1983 av Direktoratet for statens skoger med heimel i § 10 i fjellova av 6. juni 1975, kgl.res. av 21. november 1975 og brev av 19. desember 1975 frå Landbruksdepartementet.

Om førehandsvarsling og melding om fjellstyrevedtak.

§ 1.Førehandsvarsling etter § 16 i forvaltningslova og melding om vedtak etter § 27 i forvaltningslova, skal fjellstyret i regelen gjera skriftleg, i brev, eller om fjellstyret finn det mest høveleg, ved forsvarleg offentleg kunngjering.

I særlege høve kan fjellstyret gje varsel eller melding munnleg.

§ 2.Førehandsvarsling frå eit fjellstyre skal gje parten(ane) ein frist på minst ei veke til å gje fråsegn i saka.
§ 3.Forskriftene gjeld frå og med 1. august 1983. Frå same tid held forskrifter gjevne 6. april 1976 opp å gjelde.