Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning

DatoFOR-1984-06-22-1302
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 1984 623
Ikrafttredelse22.06.1984
Sist endretFOR-2014-09-22-1223
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-31-§38
Kunngjort
Rettet05.02.2016 (§ 29)
KorttittelForskrift om seter og tilleggsjord m.m.

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. av 22. juni 1984 med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 38. Fremja av Landbruksdepartementet (nå Landbruks- og matdepartementet).
Endringar: Endra ved forskrifter 1 nov 1985 nr. 1899, 6 okt 1989 nr 1033, 4 april 2000 nr. 346 (hele forskriften gjengitt på nytt), 14 des 2000 nr. 1296, 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120, 28 mars 2014 nr. 352, 22 sep 2014 nr. 1223.
Rettelser: 05.02.2016 (§ 29).

Kapittel 1 - Innleiande føresegner

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 1.Formål

Denne forskrifta har til formål å gi nærare føresegner for utøving av jordbrukstilknytte bruksrettar og ressursutnyttinga elles i statsallmenningane. Ved praktiseringa av forskrifta skal det leggjast til grunn ein rasjonell bruk av ressursane i statsallmenningane, slik det er naturleg etter tida og tilhøva.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 2.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld i statsallmenningar som fell inn under § 1 i fjellova.

Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under denne forskrifta. Det gjeld òg retten til samisk reindrift, jf. føresegnene i lov 15. juni 2007 nr. 40. om reindrift (reindriftslova).

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 3.Administrasjon

Fjellstyra skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenning slik det følgjer av fjellova og denne forskrifta. Dei skal arbeide for å sikre at allmenningen blir brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftslivsinteressene, jf. § 3 andre ledd i fjellova.

Om ein søknad om beite, seter eller tilleggsjord m.m. gjeld område i statsallmenning med produktiv skog skal allmenningstyret alltid vere gitt høve til å uttale seg.

Iverksetjing av grunndisponeringstiltak, under dette tiltak som gjeld vassdrag, kan berre skje etter løyve frå departementet eller den departementet gir fullmakt, jf. § 12 i fjellova og forskrift fastsett 1. juli 1995 nr. 679 om delegasjon av myndigheit etter fjellova.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 2 - Beite

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 4.Beiterett

Jordbrukar med beiterett i statsallmenning har rett til å beite med så stor buskap han kan vinterfø på eigedomen, jf. § 15 første ledd i fjellova. Fjellstyret kan godkjenne at det blir beita med større buskap enn dette, når det kan skje utan skade for andre som har bruksrett, jf. § 15 andre ledd i fjellova.

0Endra ved forskrifter 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 5.Beiteareal, inngjerding, natthamning og gjetarbu

Jordbrukar med beiterett i statsallmenning kan få utvist areal til inngjerding og natthamning (beiteareal), og ein stad for oppføring av gjetarbu, anten aleine eller saman med andre jordbrukarar. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for areal til inngjerding eller gjetarbu, ved til dømes å leggje fram driftsplan.

Søknad om å få utvist beiteareal og ein stad for oppføring av gjetarbu skal sendast til fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.

Fjellstyret tek avgjerd om beiteareal og gjetarbu, og fastset dei nærare vilkåra for det utviste, under dette vilkår om oppføring av gjetarbu, kva slags bygningar som kan setjast opp, frist for å ta bua eller beitearealet i bruk m.m. Fjellstyret skriv ut eit dokument til beitebrukaren om utvisinga. Statskog SF skal ha kopi av det endelege vedtaket og dokumentet til beitebrukaren.

Statskog SF tek avgjerd om inngjerding av beiteareal etter tilråding frå fjellstyret. I avgjerda kan Statskog SF setje dei vilkåra som er nødvendige, mellom anna kva slag gjerde søkjaren skal bruke og kor det av omsyn til ferdsel skal vere eit le eller ei grind.

Når beitearealet eller gjetarbua ikkje lenger er i bruk skal fjellstyret fatte vedtak om at inngjerdinga eller gjetarbua skal fjernast, om det ikkje kan utvisast til ein annan som har bruksrett. Elles gjeld føresegnene om fjerning av hus i § 8 tilsvarande.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 3 - Seter

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 6.Utvising av seter

Jordbrukar med beiterett i statsallmenning som godtgjer at det trengst seter til drift av eigedomen, kan få utvist seter anten aleine eller saman med andre jordbrukarar, jf. § 18 første ledd og § 21 andre ledd i fjellova. Dette gjeld òg for utviding av seter.

Det er eit krav at behovet for seter blir dokumentert. Dette kan til dømes gjerast ved å leggje fram ei driftsplan.

0Endra ved forskrifter 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 7.Søknad og saksgang ved utvising av seter

Søknad om utvising av seter skal sendast til fjellstyret, som gjer vedtak. Før fjellstyret gjer vedtak, skal saka leggjast fram for Statskog SF og regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Spørsmål om utvising av seter i område med produktiv skog blir avgjort av fjellstyret og allmenningsstyret i fellesskap. Blir dei to styra ikkje samde, gjeld føresegnene i § 9 i fjellova.

Gjeld det utvising av seter i område som er reinbeiteområde etter vedtak i medhald av lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftsloven) § 5, jf. § 4 og § 8, skal søknaden leggjast fram for områdestyra til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak.

Fjellstyret skriv ut eit eige dokument til seterbrukaren om utvisinga.

Statskog SF skal ha kopi av det endelege vedtaket og dokument til seterbrukar.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 8.Om frist til å ta setra i bruk

Utvist seter må takast i bruk innan 5 år, jf. § 18 femte ledd i fjellova. Når det er gått 5 år sidan utvisinga blei gjort, skal fjellstyret sjå til at utvist seter er teken i bruk i samsvar med føresetnadene for utvisinga. Om det utviste ikkje er teke i bruk innan 5 år skal fjellstyret ved vedtak ta stilling til om retten er falt bort, og gi melding til Statskog SF.

I si melding til Statskog SF må fjellstyret gi sitt syn på om seterbrukaren skal fjerne eventuelle hus eller om utvisinga skal førast over til ein annan eigedom i samsvar med § 20 første ledd, eller § 21 første ledd i fjellova. Fjellstyret skal i slike saker innhente fråsegn frå regional kulturminnestyresmakt.

Statskog SF kan påleggje seterbrukaren å fjerne eventuelle hus, om ikkje utvisinga blir ført over til ein annan eigedom i samsvar med § 20 første ledd eller § 21 første ledd i fjellova, og den nye brukaren tek over husa.

Ved overføring av utvist seter, gjeld føresegnene i første, andre og tredje ledd tilsvarande.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 9.Om når seter skal reknast for å vere i bruk

Blir setervollen hausta, anten til eige bruk eller for sal, eller gjerda inn og nytta til beite som ein del av den jordbruksmessige drifta på eigedomen som setra ligg til, vil setra vere «i bruk» i høve til § 22 i fjellova.

0Endra ved forskrifter 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009), 28 mars 2014 nr. 352.

Kapittel 4 - Hus på utvist seter

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 10.Om søknad om å setje opp, utvide og endre hus

Etter søknad som fjellstyret avgjer, kan seterbrukaren setje opp, utvide og endre hus for ei rasjonell utnytting av utvist seter. Fjellstyret skal ta stilling til kva slag og kor mange hus som trengst, deira storleik og standard eller anna, og kan setje vilkår for oppføring, utviding og endring av hus. Fjellstyret skal leggje saka fram for Statskog SF til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak etter dette leddet.

Om fjellstyret vil krevje at hus eller anlegg som alt står, skal rivast, må fjellstyret leggje saka fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak. Det same gjeld ved nybygg og endring eller utviding av hus på seter, der dette vil påverke eksisterande kulturmiljø.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 11.Om hus på seter som ikkje er i bruk og ikkje er fallen i det fri

På seter som ikkje er i bruk, men som ikkje er fallen i det fri, kan seterbrukaren halde husa vedlike på ordinært vis. § 10 andre ledd i denne forskrifta gjeld tilsvarande.

Skal seterbrukaren ta opp att seterdrifta, gjeld føresegnene i § 10 i denne forskrifta.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 5 - Seter fallen i det fri etter § 22 i fjellova

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 12.Om seter som er fallen i det fri

Når vilkåra etter § 22 i fjellova ligg føre skal fjellstyret gjere vedtak om at retten til setra m.m. er fallen i det fri.

Fjellstyret kan vise ut seter som er fallen i det fri etter § 22 i fjellova, til eigedom i drift som treng seter.

Fjellstyret skal i tilfelle gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa om han ikkje innan ei viss tid fører dei over til den nye brukaren. Før fjellstyret gjer vedtak om fjerning av hus skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 13.Løyve til å ha hus m.m. ståande, bortleige m.m. på seter som er fallen i det fri

Blir seter som er fallen i det fri ikkje vist ut til ein annan eigedom med bruksrett, kan Statskog SF gi seterbrukaren løyve i inntil 10 år av gangen til å ha hus eller anlegg ståande utan vederlag til bruk for seg og huslyden om fjellstyret samtykkjer. Denne retten skal høyre under eigedomen, og kan ikkje skiljast frå han ved overdraging av husa.

Kontrakt om bortleige eller annan liknande bruksrett er likestilt med overdraging om ikkje retten er stifta for kortare tid enn 10 år utan rett for brukaren til forlenging eller fornying av kontrakten.

§ 17 i denne forskrifta gjeld tilsvarande for løyve etter første ledd.

Fjellstyret gjer vedtak om at husa skal fjernast om verken utvising eller løyve er aktuelt. Før fjellstyret gjer vedtak om fjerning av hus skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 14.Tinglysing av rett til å ha hus ståande på seter som er fallen i det fri

Får seterbrukaren ha husa ståande skriv Statskog SF ut eit eige dokument som blir tinglyst på allmenningen sitt blad i grunnboka.

Eigar av eigedomen skriv under på eit særskilt dokument som blir tinglyst på bruket sitt blad i grunnboka om at

a)retten til å ha husa ståande utan vederlag ikkje kan overdragast eller pantsetjast utan saman med eigedomen,
b)kontrakt om bortleige eller annan liknande bruksrett ikkje kan stiftast om ikkje retten er stifta for ei tid mindre enn 10 år utan rett for brukaren til å krevje forlenging eller fornying av kontrakten,
c)dokumentet berre kan slettast med godkjenning frå Statskog SF.
0Endra ved forskrifter 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 15.Nybygging og ombygging av hus på seter som er fallen i det fri

Statskog SF tek etter samråd med fjellstyret avgjerd med omsyn til løyve til nybygging/ ombygging o.l.

Før Statskog SF tek avgjerd skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 6 - Bortfall av seterrett m.m.

0Overskrifta tilføyd ved forskrift 27 mars 2007 nr. 358, Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 16.Bortfall av seterrett

Når seterretten fell bort fordi drifta på eigedomen er lagt ned og jorda teken i bruk til formål utanom jordbruk, eller fordi ein ikkje kan rekne eigedomen som ei jordbruksmessig eining eller jordbruk, jf. § 2 andre ledd i fjellova, skal fjellstyret gjere vedtak om

a)at setra skal visast ut til eigedom i drift som treng seter, jf. § 6 og § 7, eller
b)at den tidlegare seterbrukaren må søkje Statskog SF om feste av tomt for seterhusa til fritidsformål, eller
c)at seterbrukaren fjernar husa om verken overføring eller oppretting av festekontrakt er aktuelt.

Blir setra vist ut til ein annan eigedom, skal fjellstyret gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa om ikkje han, innan ei viss tid, overdreg dei til den nye seterbrukaren.

Før fjellstyret tek avgjerd om fjerning av hus etter første ledd bokstav c eller andre ledd, skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

0Endra ved forskrifter 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 17.Oppretting av kontrakt om feste av seterhus til fritidsformål

Ved oppretting av kontrakt om feste av seterhus til fritidsformål, kan det takast inn særlege restriksjonar med omsyn til restaurering, utviding og endring av seterhusa når dette er nødvendig på grunn av kvaliteten på husa, plassen der dei ligg, og tilhøve til eventuell anna seter med hus og seterdrift. I slike tilfelle skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Sjølv om festet gjeld fleire hus, skal ein nytte punktfeste (kontrakt om feste berre av grunnen huset eller husa dekkjer). Husa må vere av ein slik standard at dei kan tene formålet, og nødvendige påkostnader må stå i eit rimeleg høve til verdien av husa.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 18.Overdraging av seterhus til fritidsformål

Om seterbrukaren overdreg seterhus til fritidsformål, må han overdra alle husa utan å halde noko attende.

Elles gjeld føresegnene i tomtefestelova ved overføring av festerett til seterhus.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 7 - Utvising og utleige av tilleggsjord

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 19.Om planer for utvising og utleige av tilleggsjord

Utvising eller bortleige av tilleggsjord skal i størst mogleg utstrekning skje etter planar utarbeidd for større samanhengande område, eller knytt til eksisterande seter eller tilleggsjord.

Formålet med planarbeidet skal vere å finne fram til område som kan bli omdisponert til tilleggsjord. I planarbeidet skal det gjerast ei avveging av dyrkingsinteressene mot annan bruk av jorda som til dømes skogbruk, jakt og vilt, friluftsliv, landskapsvern, og eventuelle andre omsyn.

Statskog SF skal utarbeide planane i samarbeid med fjellstyret og kommunen, og skal leggje dei fram for Fylkesmannen, regional kulturminnestyresmakt og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reindriftsområde etter reindriftslova, for fråsegn.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 20.Utvising av tilleggsjord og sakshandsaming

Jordbrukar med beiterett i statsallmenningen kan - anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar - få utvist grunn som er skikka til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord, jf. § 19 første ledd i fjellova. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for tilleggsjord. Dette kan til dømes gjerast ved å leggje fram ei driftsplan.

Søknad om utvising av tilleggsjord skal sendast fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.

Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding til beitebruk, skal kommunen gi fråsegn om dei tilhøva som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.

Fjellstyret gjer vedtak om utvising av tilleggsjord til jordbrukar med beiterett. Statskog SF skal ha melding om vedtaket.

Statskog SF avgjer søknader om inngjerding av tilleggsjord etter tilråding frå fjellstyret, jf. § 5 fjerde ledd i forskrifta.

Fjellstyret måler ut setervoll og dyrkingsjord eller kulturbeite som skal visast ut saman med eller leggjast til seter.

Fjellstyret skriv ut eit eige dokument til beiterettshavaren om utvisinga. Fjellstyret skal sende kopi av dette dokumentet til Statskog SF.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 21.Leige av jord for jordbrukar utan beiterett

Jordbrukar utan beiterett i statsallmenningen kan få leige jord om beiterettshavarane ikkje søkjer om å få jorda utvist, jf. § 21 tredje ledd første punktum i fjellova.

Søknad om utvising av leigejord til jordbrukar utan beiterett skal sendast fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.

Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding til beitebruk, skal kommunen gi fråsegn om dei tilhøva som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.

Fjellstyret gjer vedtak om utleige av tilleggsjord til jordbrukar utan beiterett.

Dei nærare vilkåra for utleige av tilleggsjord til jordbrukar utan beiterett skal fastsetjast i avtale, og Statskog SF skal ha melding om vedtaket og ein kopi av avtalen.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 22.Vederlag for utvising av tilleggsjord

Utvising av tilleggsjord til beiterettshavar skal skje utan vederlag, men gjeld utvisinga produktivt skogareal, skal beiterettshavaren yte vederlag svarande til tapt skogproduksjon. Slikt vederlag skal òg ytast ved utleige til jordbrukar utan beiterett, og kjem i tillegg til vederlag (leige) som blir fastsett for bruken, jf. § 21 fjerde ledd tredje punktum i fjellova.

Vederlaget skal ytast som årleg avgift fastsett av Statskog SF lokalt og tilkjem Statskog SF når det gjeld statsallmenningar utan fond og allmenningsfondet når det gjeld statsallmenning med fond.

Om vederlaget blir så lite at det ikkje er praktisk med deling i årlege terminar, kan det krevjast gjort opp ein gong for alle.

0Endra ved forskrifter 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 23.Om frist til å ta tilleggsjord i bruk

Den som har fått utvist tilleggsjord må ta jorda i bruk innan 5 år, jf. § 19 andre ledd i fjellova. Om ikkje tilleggsjorda er teken i bruk etter 5 år fell ho automatisk tilbake til allmenningen. Fjellstyret skal gi melding til den som har fått utvist jorda, og til Statskog SF, om bortfallet av utvisinga.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 8 - Hus og anlegg

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 24.Endring og ominnreiing av eksisterande hus

Med godkjenning frå Statskog SF og fjellstyret kan brukaren byggje om eller ominnreie uthus til bustad eller for utleige når det ikkje er aktuelt å ta opp att bruken av husa til seterformål og endringa av bruken ikkje vil vere ei hindring for seterdrifta på denne eller andre setre. Det skal opprettast ei særskild avtale om avgift, som Statskog SF fastset.

Uthusa er ein del av dei andre husa på setra, og kan ikkje skiljast frå.

Før Statskog SF og fjellstyret gir godkjenning etter første ledd skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

0Endra ved forskrifter 14 des 2000 nr. 1296 (i kraft 1 jan 2001), 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 25.Oppføring av nye hus og anlegg m.m.

Når det er nødvendig for drift av utvist tilleggsjord eller for utøving av anna beitebruk enn setring, eller når det er gitt løyve til utnytting av andre ressursar som krev bygningsmasse, kan brukaren få føre opp, endre eller utvide hus, driftsbygningar og anlegg etter retningslinene i andre, tredje og fjerde ledd.

Fjellstyret kan gi jordbrukar som har fått utvist seter eller tilleggsjord rett til areal til gjødselkum om drifta krev det. Fjellstyret kan òg gi brukarar som samarbeider i felles drift rett til tomt til felles driftsbygning.

Statskog SF kan gi løyve til utnytting av andre ressursar enn beite og tilleggsjord, og kan gi løyve til oppføring av nødvendige hus og anlegg i samanheng med dette.

Fjellstyret og Statskog SF skal setje vilkår for bruken av hus og anlegg, fjerning ved opphør av bruk mv.

0Endra ved forskrifter 14 des 2000 nr. 1296 (i kraft 1 jan 2001), 27 mars 2007 nr. 358, 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 9 - Sakshandsaming, tvist og klage

0Overskrifta endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 26.Sakshandsaming i fjellstyret

For sakshandsaminga i fjellstyret gjeld føresegnene om enkeltvedtak i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) òg når vedtaket gjeld alle bruksrettshavarane, jf. § 10 i fjellova.

Møta i fjellstyra skal haldast for opne dører om ikkje noko anna fylgjer av lovbestemt teieplikt.

Fjellstyra skal sende kopi av møteboka for alle avgjerder og vedtak etter fjellova og denne forskrifta til Statskog SF. Statskog SF kan gi nærare retningsliner om praktiseringa av dette.

Vedtak fjellstyret har gjort i medhald av denne forskrifta kan bli klaga over til og omgjerast av Landbruksdirektoratet etter føresegnene i kap. VI i forvaltningslova, med mindre noko anna går fram av den enkelte føresegna.

0Endra ved forskrifter 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 27.Tvistesaker og skjøn ved seterutvising

Tvist om vilkåra for å vise ut seter ligg føre, blir avgjort ved skjøn, jf. § 18 fjerde ledd og § 21 fjerde ledd i fjellova.

Krav om skjøn må vere sett fram innan tre veker etter at fjellstyrevedtaket er kunngjort eller det er gitt melding om det etter føresegnene i § 10 i fjellova, jf. § 34 første ledd første punktum i fjellova og § 7 fjerde ledd i denne forskrifta.

Når fjellstyret vil krevje skjøn før det blir gjort vedtak, jf. § 34 første ledd siste punktum i fjellova, skal fjellstyret gi Statskog SF varsel på førehand.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 28.Tvistesaker og skjøn ved utvising av tilleggsjord

Tvist om utvising eller utleige av tilleggsjord som vil føre til vesentleg skade for bruksrettar blir avgjort ved skjøn. Skjøn må krevjast innan tre veker etter at den som krev skjøn fekk kunnskap om tiltaket eller avtala.

Fjellstyret kan krevje skjøn før det blir gjort vedtak.

0Endra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 29.Klage ved utvising av tilleggsjord

Dei delar av eit vedtak om utvising av tilleggsjord som ikkje blir avgjort ved skjøn, kan bli klaga over til Landbruksdirektoratet, jf. § 26 i forskrifta.

0Tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009), endret ved forskrift 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 30.Klage på enkeltvedtak gjort av Statskog SF

Enkeltvedtak gjort av Statskog SF i medhald av denne forskrifta, og som ikkje skal avgjerast ved skjøn, kan bli klaga over til Landbruksdirektoratet etter føresegnene i kapittel VI i forvaltningslova.

0Tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009). Endra ved forskrift 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 31.Innhenting av fråsegn frå regional kulturminnestyresmakt

Ved handsaming av saker etter denne forskrifta som gjeld tiltak som kan føre til endringar av kulturminne, kulturmiljø og landskap, jf. § 7, § 8, § 10, § 12, § 15, § 16, § 17, § 19, § 24 og § 25, skal regional kulturminnestyresmakt få høve til å gi fråsegn i saka.

Om det er freda kulturminne på setra, må kulturminnestyresmaktene alltid høyrast i samband med tiltak, jf. § 25 og § 28 i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne.

0Tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Kapittel 10 - Avsluttande føresegner

0Overskrifta tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 32.Endring av forskrifta

Landbruks- og matdepartementet kan endre denne forskrifta, og eventuelt gi ytterlegare forskrifter etter § 38 i fjellova.

0Tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 33.Dispensasjon

Departementet kan i særlege tilfelle dispensere frå føresegnene i denne forskrifta.

0Tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
§ 34.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.

0Tilføyd ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).