Forskrift om tilskot til livssynssamfunn

DatoFOR-1988-12-01-996
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 1988 825
Ikrafttredelse01.01.1989
Sist endretFOR-2005-04-19-346
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-06-12-64-§4, LOV-1981-06-12-64-§5, LOV-1992-12-04-126-§12, FOR-2008-10-10-1110
Kunngjort
KorttittelForskr. om tilskot til livssynssamfunn

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsett av Justis- og politidepartementet 1. desember 1988 med heimel i lov av 12. juni 1981 nr. 64 § 4 og § 5, jfr. Kronprinsreg. res. av 14. mai 1982 nr. 794.
Tilføyd hjemmel: Lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv § 12, jf. delegeringsvedtak 10. oktober 2008 nr. 1110.
Endringer: Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.

I.

Vilkår for tilskot

§ 1.Livssynssamfunn med meir enn 500 medlemer med rett til tilskot, jf. § 5 i lova, kan krevje årleg tilskot frå statskassa. Tilskotet vert rekna ut frå talet på slike medlemer.

Livssynssamfunn som får tilskot etter første leden kan krevje kommunalt tilskot for dei medlemene med rett til tilskot som bur i kommunen.

For å få tilskot må livssynssamfunnet føre eit høveleg medlemsregister.

0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.

Bruksføremål og rekneskap

§ 2.Stats- og kommunaltilskot skal nyttast til føremål som går inn under virket som livssynssamfunn. For mottekne tilskot skal livssynssamfunnet føre eigen rekneskap som viser kva pengane er nytte til. Innsende rekneskap over bruk av kommunale og statlege tilskotsmidlar skal attesterast av statsautorisert eller registrert revisor. Kultur- og kyrkjedepartementet fastset frist for innsending av rekneskap.
0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.

Statstilskot

§ 3.Søknad om statstilskot skal sendast for eitt år om gongen til fylkesmannen.

Alle livssynssamfunn skal sende oversikt over fødselsnummer til alle medlemer livssynssamfunnet søkjer om tilskot for. Oversikta skal vere i samsvar med spesifikasjonar fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet, som også fastset søknadsfrist.

Oversiktene blir jamførte med Det sentrale folkeregisteret og oversikter frå alle trudoms- og livssynssamfunn og Den norske kyrkja.

Livssynssamfunnet skal via fylkesmannen få informasjon om nødvendige korreksjonar. Kultur- og kyrkjedepartementet fastsetter nærare reglar for innhald og form for tilbakemeldinga. Dersom ein person står oppført i fleire trudoms- eller livssynssamfunn, skal fylkesmannen etter nærmare reglar frå Kultur- og kyrkjedepartementet, gjere vedtak om kva for trudoms- og livssynssamfunn som eventuelt har krav på tilskot.

Når den årlege kontrollen er gjennomført, skal Brønnøysundregistra og fylkesmannen fysisk slette alle oversikter som inneheld fødselsnummer, og stadfeste dette skriftleg overfor Kultur- og kyrkjedepartementet.

0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.
§ 4.Første søknaden skal gi opplysningar om:
a)det livssynet samfunnet byggjer på
b)organisasjonen, virke og utbreiing av samfunnet
c)korleis medlemsregisteret blir ført
d)organisasjonsnummer.

I første søknaden om statstilskot skal talet på medlemer med rett til tilskot vere sanna av advokat eller statsautorisert/registrert revisor.

0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.
§ 5.Dersom det er naudsynleg kan fylkesmannen be om fleire opplysningar eller attestasjonar av opplysningar.
§ 6.Kultur- og kyrkjedepartementet fastset sats for utrekninga av statstilskot med grunnlag i dei årlege budsjetterte utlegga til Den norske kyrkja. Frå summen vert trekt utlegg som er sams for alle innbyggjarane i riket og som ikkje er utlegg til eigentlege kyrkjelege føremål (medrekna meirutgifter til vedlikehald av freda eller verna kyrkjebygg og andre utlegg til alminnelege kulturføremål). Det netto utlegget som kjem fram vert delt med talet på medlemene i Den norske kyrkja. Dette gir eit utlegg pr. statskyrkjemedlem.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil kvart år i rundskriv til fylkesmannen gi melding om den satsen som skal nyttast ved utrekninga av statstilskotet til livssynssamfunn. Samstundes vil ein greie ut om korleis satsen er rekna ut.

0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.
§ 7.Fylkesmannen tilviser statstilskot til utbetaling.

Kommunalt tilskot

§ 8.Livssynssamfunn som har fått statstilskot, vil av dei kommunane der det er busett medlemer, få utbetalt kommunalt tilskot. Kultur- og kyrkjedepartementet skal sende kvar kommune oversikt over tal på medlemer det skal utbetalast tilskot for i dei ulike livssynssamfunna i den respektive kommunen.
0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.
§ 9.Det kommunale tilskotet vert rekna ut av kvar kommune med grunnlag i dei årlege budsjetterte kommunale utlegg til Den norske kyrkja, delt på kvart statskyrkjemedlem som bur i kommunen. Ved utrekninga av dei årlege utgifter skal inntekter som gjeld dei budsjetterte utlegg trekkjast fra, t.d. husleige frå prestar, refusjon for skyssutlegg og renter av kyrkjefond. I utleggsutrekninga vert det ikkje tatt med utlegg som er sams for alle innbyggjarane i kommunen og som ikkje er utlegg til eigentlege kyrkjelege føremål (medrekna m.a. meirutgifter til vedlikehald av freda eller verna kyrkjebygg, andre utlegg til alminnelege kulturføremål, til kyrkjegardar, krematorier og gravkapell, og til sosialt hjelpearbeid).

Klage over fastsetjinga av kommunalt tilskot går til fylkesmannen.

0Endra ved forskrift 19 april 2005 nr. 346.

II

Føresegna gjeld frå 1. januar 1989. Samstundes vert tidlegare føresegner av 14. mai 1982 nr. 945 oppheva.