Forskrift om ettergjeving.

DatoFOR-1992-10-13-762
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertAvd I 1992 1058
Ikrafttredelse15.11.1992
Sist endretFOR-2006-05-31-617 fra 01.07.2006
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§74
Kunngjort
KorttittelForskrift om ettergjeving

Hjemmel: Fastsett av Barne- og familiedepartementet 13. oktober 1992 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 74 andre stykket, andre punktum.
Endringer: Endra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 560 (heimel), 31 mai 2006 nr. 617. 

§ 1.Tilskotsgjeld kan etter søknad frå den tilskotspliktige ettergjevast helt eller delvis dersom den tilskotspliktige si framtidige evne til å betale gjelda er varig sterkt sett ned.
§ 2.Full ettergjeving av tilskotsgjeld etter § 1 kan gjevast, dersom den tilskotspliktige si varige årlege bruttoinntekt er lågare enn 75 ganger forskotsbeløpet på søknadstidspunktet. Det skal takast omsyn til tilskotspliktige si formue før gjelda vert sett ned etter reglane i første punktum.
§ 3.Tilskotsfuten tek avgjerd om ettergjeving etter søknad frå tilskotspliktige. Tilskotsfuten kan ettergje både offentleg og privat gjeld. Tilskotsfuten skal vise varsemd ved ettergjeving av privat gjeld. Partane skal høyrast før tilskotsfuten ettergjev privat gjeld. Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
0Endra ved forskrift 31 mai 2006 nr. 617 (i kraft 1 juli 2006).
§ 4.Foreldra kan ikkje ettergje det barnet har til gode. Etter fylte 18 år kan barnet sjølv ettergje sitt tilgodehavande utan omsyn til forskrifta her.
§ 5.Forskrifta her tek til å gjelde 15. november 1992.