Forskrift om transporttilskott i skogbruket.

DatoFOR-1993-11-11-1042
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertAvd I 1993 1171
Ikrafttredelse11.11.1993
Sist endret
EndrerFOR-1985-12-17-2448
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1814-05-17-§75, Stortingsvedtak
Kunngjort
KorttittelForskrift om transporttilskott i skogbruket

Fastsett av Landbruksdepartementet 11. november 1993 i medhald av Stortingets årlege budsjettvedtak.

§ 1.Innleiing

Transporttilskott i skogbruket skal vere eit avverkingsfremjande tiltak. Formålet med støtteordninga er å stimulere interessa for kjøp av virke frå næringssvake område der det på grunn av høge transportkostnader kan vere vanskeleg å få avsetnad.

Statstilskott til langtransport skal ikkje verke slik at det hindrar lokal utnytting av skogsvirke.

§ 2.Område med rett til tilskott

Ordninga gjeld i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark.

Frå andre område med særleg vanskeleg avsetnad, kan transporttilskott gjevast for enkelte sortiment. Departementet avgjer dette det enkelte år.

§ 3.Om kva det han gjevast stønad til Transportstønad kan gjevast som:
1.Direkte tilskott i kr. pr. m³.

Direkte tilskott kan gjevast til skogsvirke og flis hogd av skogsvirke. Det kan og gjevast tilskott til transport av sekundærvirke frå sagbruksindustrien.

Fylkesmannen fastset tilskottssatsane for dei enkelte sortiment innafor ramma av tildelt beløp. Tilskott ut over 20 % av gjeldande virkespris for vedkommande sortiment, krev førehandsgodkjenning av Landbruksdepartementet.

Vanlegvis skal det ikkje gjevast tilskott til tømmertransport frå område som ligg innafor kjøparbedriftas naturlege forsyningsområde.

2.Investeringstilskott til anlegg som fører til meir rasjonell og rimeleg langtransport.

Fylkesmannen kan med godkjenning frå departementet gje tilskott til fellestiltak som sikrar avsetnad, fremjar rasjonell levering og fører til rimelegare langtransport.

§ 4.Søknad om tilskott
1.Søknad om direkte tilskott i kr. pr. m³.

Så tidleg som råd etter at driftssesongen har starta, og seinast innan 1. september, sender søkjaren melding til fylkesmannen, om kva for område som kan sjåast på som vanskelegstilte ut frå ei transportøkonomisk vurdering. Oppgåva skal og innehalde venteleg kvantum og kva for transportkostnader som kan påreknast frå desse områda. Fylkesmannen sender førehandssøknadane med tilrådde forslag til Landbruksdepartementet innan 1. oktober. Desse oppgåvene er grunnlaget for rammetildelinga til fylket det enkelte år.

Søknad om transporttilskott skal skrivast på skjema M-375 og sendast til fylkesmannen i det fylket virket er transportert frå. Søknadsfrist er 15. oktober. Kvantumet i søknaden skal referere seg til føregåande driftssesong.

2.Søknad om investeringstilskott.

Søknad skal skrivast på skjema M-376 og sendast til fylkesmannen i det fylket anlegget er planlagt bygd.

Fylkesmannen skal vurdere søknadane, gje tilråding og sende dei til departementet til avgjersle.

§ 5.Utbetaling

Fylkesmannen utbetalar transporttilskottet.

Tilskott pr. m³ skal utbetalast til den som har kosta transporten.

Investeringstilskott skal utbetalast til søkjaren på grunnlag av rekneskap.

§ 6.Tilbakebetaling

Direkte tilskott kan krevjast tilbakebetalt dersom det er gjeve på grunnlag av urette opplysningar.

Investeringstilskott kan og krevjast tilbakebetalt dersom vilkåra for å få tilskott ikkje blir oppfylt.

§ 7.Dispensasjon

Landbruksdepartementet kan i særlege tilfelle dispensere frå denne forskrifta.

§ 8.Klage

Vedtak med grunnlag i denne forskrifta kan påklagast etter kap. VI i lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).

§ 9.Ikraftsetting

Denne forskrifta trer i kraft straks og gjeld for virke som blir avverka og transportert frå og med driftssesongen 1993/94.

Forskrifter av 17. desember 1985 nr. 2448 om transportstøtte i skogbruket blir samstundes oppheva.