Forskrift om tryggleiken ved sportsdykking.

DatoFOR-1994-11-10-1134
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertAvd I 1994 2057
Ikrafttredelse01.03.1995
Sist endretFOR-2003-11-06-1318
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1976-06-11-79-§4, LOV-1976-06-11-79-§8, FOR-1990-09-07-731
Kunngjort
KorttittelForskrift om tryggleiken ved sportsdykking

Kapitteloversikt:

Fastsett av Barne- og familiedepartementet 10. november 1994 i medhald av lov av 11. juni 1976 nr. 79 om produktkontroll § 4 og § 8, jfr. Kronprinsregentens res. av 7. september 1990 nr. 731 om gjennomføring av lov om produktkontroll. Endra 25 juni 1997 nr. 705, 6 nov 2003 nr. 1318.

Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar

§ 1.Formål

Denne forskrifta har til formål å førebyggje at sportsdykking fører til helseskade for dykkar eller meddykkar.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omfattar:

a)Sportsdykkarutstyr som ikkje er personleg verneutstyr.
b)Opplæring av sportsdykkarar.

Forskrifta rettar seg mot produsentar, importørar, distributørar, detaljistar og andre som har med omsetning eller bruk av sportsdykkarutstyr å gjere.

Forskrifta gjeld også for den som er ansvarleg for eller utfører arbeid i verksemd som tilbyr eller driv sportsdykkaropplæring.

§ 3.Definisjonar

Med sportsdykking er meint fritidsaktivitet under vatn med sjølvforsynande pusteutstyr.

Med kandidat er meint person som er under opplæring i sportsdykking.

Med opplæringsperiode er meint det tidsrommet ein er kandidat.

Med kurs er meint eit systematisk og planlagt opplegg for utdanninga som kandidaten skal gjennomgå.

Med grunnkurs er meint eit systematisk og planlagt opplegg for den utdanninga som er nødvendig for at kandidaten skal kunne ta til med sportsdykking.

Med sportsdykkar er meint person som minst har fullført grunnkurs i sportsdykking.

Med sportsdykkarutstyr er meint utstyr som blir bore, halde eller brukt ved sportsdykking.

Med flytekontroll er meint kontroll over den situasjonen som har oppstått når dykkaren oppheld seg i overflata og ønskjer positiv oppdrift.

Med oppdriftskontroll er meint kontroll over den situasjonen som eksisterer når dykkaren er under vatn og ønskjer å vere i likevekt på ulike djup.

Med reservegassystem er meint ei reserveluftmengd som blir aktivert ved ei særskild handling.

Med varslingssystem er meint 1) ei aktiv, positiv varsling når luftforrådet når ei viss grense, eller 2) ein indikator (til vanleg manometer) som viser kor mykje luft som er att når ein når låge nivå.

Med botntid er meint tida frå ein forlet overflata til oppstiginga tek til.

Med produsent er meint den som fysisk framstiller dykkarutstyr.

Med importør er meint den som overfor tollverket er legitimert til å råde over sportsdykkarutstyret.

Med distributør er meint den som syter for fordeling mellom produsent, importør og detaljist.

Med detaljist er meint den som sel eller formidlar sportsdykkarutstyr til forbrukar.

Med hevdvunnen norm er meint rettleiing, standard m.v. som innanfor eit fagområde har vunne internasjonal og/eller nasjonal hevd.

Kapittel 2. Krav til sportsdykkarutstyr

§ 4.Sportsdykkarutstyr

Sportsdykkarutstyr skal vere konstruert og utforma slik at det ikkje fører til fare for helseskade for dykkar eller meddykkar. Dette kravet vil normalt vere oppfylt når utstyret er i samsvar med hevdvunne normer. Dersom utstyret ikkje samsvarar med hevdvunne normer, må det kunne dokumenterast at bruk av utstyret ikkje fører til fare for helseskade.

Dersom noko utstyr har risikoaspekt som ikkje er inkluderte i hevdvunne normer, skal desse vurderast særskilt.

Ein skal unngå å kombinere delar av hevdvunne normer, med mindre det kan dokumenterast at bruk av slikt utstyr ikkje fører til fare for helseskade.

Kapittel 3. Krav til opplæring

§ 5.Dugleik og opplæring

Opplæringa skal vere slik at kandidaten blir sett i stand til å utføre sportsdykking utan fare for helseskade på seg sjølv eller meddykkar.

Den aktiviteten som går føre seg i opplæringsperioden, skal ikkje føre til fare for helseskade for kandidaten eller medkandidatar.

Når opplæringa er gjennomført, skal den som er ansvarleg for verksemda, forvisse seg om at kvar kandidat har nådd eit dugleiksnivå som gjer at vedkommande er istand til å dykke etter intensjonen med opplæringa.

Den ansvarlege for verksemda har eit særleg ansvar for å sjå til at kandidatane på ein trygg måte meistrar stressituasjonar som ein må rekne med kan oppstå.

§ 6.Undervisningsstad

Undervisningsstadene skal høve til formålet og ikkje føre til fare for helseskade for kandidatane. Den som er ansvarleg for verksemda, skal ha eit system for å dokumentere at undervisningsstadene høver til formålet.

§ 7.Personell

Det personellet som blir nytta i opplæringa, skal ha nødvendige kvalifikasjonar, slik at undervisninga ikkje fører til fare for helseskade for kandidatane. Den som er ansvarleg for verksemda, skal ha system for å dokumentere at personellet har nødvendige kvalifikasjonar.

§ 8.Kandidatar

Den som er ansvarleg for verksemda, pliktar å treffe tiltak som kan dokumentere at kandidatane er skikka for den opplæringa dei skal gjennomgå. Slike forhold kan omfatte kandidatane sin alder, vatnkjensle, fysikk, helse og praktiske eller teoretiske kunnskapar.

Kandidaten skal kunne symje og skal gjennomgå legeundersøking før dykkinga tek til.

§ 9.Kandidatens utstyr

Kandidatane skal under sjødykk vere utstyrte med følgjande utstyr: dykkemaske, snorkel, symjeføter, kniv, system for oppdriftskontroll, system for flytekontroll, system for nødoppstiging, varmeisolerande drakt, pusteventil(ar), ballastvekt med hurtiglås, reservegassystem/varslingssystem, djupnemålar, manometer, kompass eller utstyr med tilsvarande funksjonar.

I basseng/skjerma vatn skal det brukast utstyr som er formålstenleg for dei øvingane som skal trenast.

§ 10.Opplæringsperiode

Opplæringsperioden skal vare så lenge at kandidaten blir sett i stand til på eiga hand å meistre dei forholda som opplæringa vedkjem.

§ 11.Grunnkurs

På grunnkurs skal det gjennomførast minst seks sjødykk. Dykka skal fordelast over minst tre dagar. For kandidatar som ikkje meistrar alminnelege stressituasjoner etter seks dykk, skal ytterlegare dykk gjennomførast. Kandidaten skal nå eit nivå som gir akseptabel tryggleik utfrå dei tilhøva det blir dykka under, og dei tilhøva det kan ventast at kandidaten vil dykke under etter avslutta kurs.

Det skal brukast tilstrekkeleg tid til førebuing, gjennomføring og oppsummering av dykka. Det skal trenast i av- og påkledingsprosedyrar.

Minst eitt av dykka skal planleggjast til 20 meter.

Den totale tida i vatnet, for alle dykka til saman, skal minst vere 90 minutt. Kandidatar som ikkje meistrar alminnelege øvingar og stressituasjonar etter 90 minutt, skal få lengre tid, slik at dei oppnår meistring.

Berre luft skal brukast som pustegass. Nitrox eller andre gassblandingar skal ikkje nyttast.

Kandidaten skal ha kunnskap om og demonstrere forståing for:

-kva funksjon utstyret har, og korleis det skal haldast ved like
-grunnleggjande dykkefysikk: lyd, lys, oppdrift, trykk/gasslover og temperatur
-grunnleggjande dykkemedisin
-ulike faremoment, særleg ved vrakdykking og ved å dykke for djupt
-ver, vind og straumtilhøve.

Kandidaten skal ha kunnskap om og i påsyn av kvalifisert personell utvise nødvendig dugleik i praktisk sjødykking, medrekna:

-meistring av stressituasjonar, så som ulike løysingar av ein tom-for-luft situasjon, tap av maske i kaldt vatn, og gjenfinning og tømming av pusteventil
-oppdriftskontroll på ulike djup
-orientering ved bruk av kompass.

Når tilhøva krev det, skal ein gi ein introduksjon til mørkedykking. Denne treninga skal det leggjast vekt på når det kan ventast at kandidaten vil praktisere slik dykking.

Kandidatane skal vere sikra under alle sjødykka. Under dei to første sjødykka skal sikringa skje ved at minst ein kvalifisert person følgjer (sym saman med) kandidaten. Under dei neste to sjødykka skal sikringa gjerast ved å følgje eller observere kandidatane. Ein kvalifisert person kan maksimalt følgje/observere to kandidatar under eit dykk. Under dei resterande sjødykka står undervisningsstaden fritt til å velje sikringsmåte.

Under dykk som skjer utan direkte tilsyn av kvalifisert personell, må kandidaten/kandidatane sjølve kunne ta botntida eller på annan måte kallast opp til overflata.

Under alle dykk som skjer i par, skal para sikrast samhald under dykket.

Spesielt om førstehjelpsopplæring:

Kandidaten skal vere i stand til å utøve førstehjelp på meddykkar i eventuelle ulykkessituasjonar. Det skal trenast på nødprosedyrar.

Spesielt om dykketabellar:

Det skal brukast hevdvunne tabellar som viser dekompresjonstider. Kandidaten skal kunne demonstrere korrekt bruk av dykketabellar, også for gjentekne dykk. Dessutan skal kandidaten kjenne til andre forhold enn tid/dybdeverdiar som kan ha noko å seie for trykkfallsjuke, så som oppstigingsfart, fysisk arbeid, temperatur, fysisk form, alder, fedme, alkohol og væskebalanse.

Kandidaten skal kjenne til verknadene av dykking fleire dagar på rad, hyppige opp- og nedstigingar, flyging etter dykking og verknadene av dykking ved redusert lufttrykk.

Spesielt om linedykking:

Dersom det blir nytta line frå land eller fartøy for å sikre kandidaten/kandidatane, skal det spesielt øvast i å kunne kutte lina i ein situasjon der kandidaten/kandidatane sit fast på botnen og linen er spent. Minst tre av dykka på grunnkurset skal gå føre seg utan line frå land eller fartøy.

§ 12.Beredskap

Den som er ansvarleg for verksemda, skal sjå til at det er utarbeidt ein beredskapsplan, slik at skadeomfanget i tilfelle av ulykkessituasjonar blir avgrensa til eit minimum.

Beredskapsplanen skal kunne følgjast av opplæringspersonellet og mellom anna innehalde omtale av tiltak for å møte aktuelle fare- og ulykkessituasjonar. Nødvendig beredskapsutstyr må finnast på plass i tilknyting til undervisninga.

Kapittel 4. Tilsyn, klage, straff m.v.

§ 13.Tilsyn

Den departementet gir fullmakt, fører tilsyn med at forskrifta blir etterlevd.

0Endra ved forskrift 6 nov 2003 nr. 1318.
§ 14.Dispensasjon

I særskilte tilfeller kan sentral tilsynsmyndighet gjere unntak frå denne forskrifta.

0Tilføyd ved forskrift 25 juni 1997 nr. 705 (i kraft 1 juli 1997). Endra ved forskrift 6 nov 2003 nr. 1318.
§ 15.Klage

Vedtak som er gjorde i medhald av denne forskrifta, kan påklagast til departementet.

0Endra ved forskrifter 25 juni 1997 nr. 705 (tidligere § 14), 6 nov 2003 nr. 1318.
§ 16.Tvangsmulkt

For å sikre at føresegnene i denne forskrifta eller vedtak som er gjorde i medhald av forskrifta blir gjennomførte, kan det fastsetjast tvangsmulkt etter reglane i lov om produktkontroll § 13.

0Endra ved forskrift 25 juni 1997 nr. 705 (tidligere § 15).
§ 17.Straff

Brot på denne forskrifta eller vedtak som er gjorde i medhald av forskrifta, blir straffa etter lov om produktkontroll § 12 dersom ikkje strengare straffeføresegner kjem på tale.

0Endra ved forskrift 25 juni 1997 nr. 705 (tidligere § 16).
§ 18.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde 1. mars 1995.

0Endra ved forskrift 25 juni 1997 nr. 705 (tidligere § 17).