Forskrift om gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar.

DatoFOR-1998-05-04-463
DepartementOlje- og energidepartementet
PublisertAvd I 1998 571 (Vedlegg utelate)
Ikrafttredelse04.05.1998
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-12-18-90-§3, LOV-1981-12-18-90-§4, LOV-1981-12-18-90-§5, FOR-1995-12-22-1037
Kunngjort
KorttittelForskr om energimerking av kombi-vaskemaskiner

Fastsett av Olje- og energidepartementet 4. mai 1998 med heimel i lov av 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer m.v. § 3 fyrste leden bokstavane a, b og c, jf. § 3 andre leden, § 3 fjerde leden, § 3a og § 5 fyrste og tredje leden, jf. kgl.res. av 22. desember 1995 nr. 1037 pkt. 3. Jf. EØS-avtalen vedlegg II og IV (Kdir. 96/60/EF).

§ 1.Denne forskrifta gir gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar, jf. forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger.
§ 2.Denne forskrifta skal nyttast på nettdrivne kombinerte hushaldsvaskemaskiner og tørketromlar. Apparat som òg kan drivast med andre energikjelder, er ikkje omfatta av denne forskrifta.
§ 3.Dei obligatoriske opplysningane som er fastsette i denne forskrifta, skal arbeidast ut etter målemetodane i harmoniserte standardar som det er offentleggjort tilvisingsnummer for i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Føresegner i denne forskrifta som krev opplysningar om støy, skal gjelde berre dersom slike opplysningar er påkravde etter artikkel 3 i rådsdirektiv 86/594/EØF. Dersom det er naudsynt, skal opplysningane arbeidast ut i samsvar med føresegnene i det førnemnde direktivet.
§ 4.Dei utrykka som er nytta i denne forskrifta skal, bortsett frå i tilfelle der samanhengen krev ei anna tyding, ha same tydinga som i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger.
§ 5.Det tekniske dokumentasjonsmaterialet som er nemnt i § 8 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal omfatte:
-namnet og adressa til leverandøren,
-ein generell omtale av apparatet som gjer det mogleg å identifisere det på ein eintydig måte,
-opplysningar, eventuelt med teikningar, om dei viktigaste konstruksjonskjenneteikna ved modellen, særleg om eigenskapar som har ein klår innverknad på energiforbruket,
-rapportar om prøvingar og målingar som er gjorde etter prøvemetodane i dei harmoniserte standardene som er nemnde i § 3 i denne forskrifta,
-eventuell bruksrettleiing.
§ 6.Etiketten som er nemnd i § 6 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal vere utforma som vist i vedlegg I1 til denne forskrifta. Etiketten skal plasserast utvendig på framsida eller oversida av apparatet, slik at han er godt synleg og ikkje vert dekt til.
1Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.
§ 7.Innhaldet og formatet til opplysningsskjemaet som er nemnt i § 6 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, skal vere i samsvar med vedlegg II1 til denne forskrifta.
1Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.
§ 8.Dersom eit apparat vert bode fram for sal, leige eller kjøp på avbetaling på dei vilkåra som er fastsette i § 14 i forskrift av 10. januar 1996 nr. 16 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger, og ved hjelp av ei trykksak, til dømes ein postordrekatalog, skal trykksaka innehalde alle dei opplysningane som er gjevne i vedlegg III1 til denne forskrifta.
1Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.
§ 9.Klassifiseringa av eit apparat etter energieffektivitet og vaskeevne skal fastsetjast i samsvar med vedlegg IV.1
1Vedlegget er utelate. Ein kan få det ved å vende seg til Olje- og energidepartementet, Energi- og vassdragsavdelingen, postboks 8148 Dep., 0033 Oslo, tlf. 22249090.
§ 10.Olje- og energidepartementet fastset kven som skal føre tilsyn med føresegnene i denne forskrifta og fastset instruks for tilsynsverksemda.
§ 11.Denne forskrifta trer i kraft straks.