Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien

DatoFOR-1998-12-31-1488
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 1998 2530
Ikrafttredelse01.01.1999
Sist endretFOR-2016-10-31-1265
EndrerFOR-1994-07-01-708
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-12-19-124-§12, LOV-2003-12-19-124-§15, LOV-2003-12-19-124-§19, LOV-2003-12-19-124-§23, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36, FOR-2003-12-19-1790
Kunngjort
Rettet11.04.2016 (EØS-tilvisingar)
KorttittelForskrift om handel med hestedyr

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Landbruksdepartementet (no Landbruks- og matdepartementet) 31. desember 1998 med heimel i lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 12, § 15, § 19, § 23 tredje ledd, § 33 første ledd, jf. § 36 andre ledd, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.
EØS-tilvisingar: EØS-avtalen vedlegg I (avgjerd 92/260/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1899), avgjerd 93/195/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1775), avgjerd 93/197/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1899), avgjerd 2004/211/EF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1899), avgjerd 93/196/EØF (som endra ved avgjerd (EU) 2015/1009), direktiv 2004/68/EF (som endra ved avgjerd 2012/253/EU), avgjerd 2008/698/EF, direktiv 2009/156/EF, avgjerd 2010/57/EU, avgjerd 2010/613/EU, forordning (EU) nr. 519/2013 og avgjerd (EU) 2016/1775).
Endringar: Endra ved forskrifter 21 des 1999 nr. 1479, 4 april 2000 nr. 315, 21 nov 2000 nr. 1184, 9 jan 2004 nr. 62, 4 juli 2006 nr. 882, 23 jan 2009 nr. 61, 11 sep 2009 nr. 1198, 7 aug 2009 nr. 1033, 16 mars 2010 nr. 395, 25 mai 2010 nr. 724, 25 juni 2010 nr. 1053, 1 juli 2010 nr. 1074, 25 aug 2010 nr. 1217, 3 sep 2010 nr. 1255, 21 okt 2010 nr. 1357, 20 des 2010 nr. 1751, 6 mai 2011 nr. 464, 6 juli 2011 nr. 745, 8 aug 2011 nr. 812, 19 sep 2011 nr. 938, 20 okt 2011 nr. 1049, 4 okt 2012 nr. 942, 26 april 2013 nr. 417, 27 juni 2013 nr. 800, 12 aug 2013 nr. 975, 17 sep 2014 nr. 1294, 23 okt 2014 nr. 1320, 24 okt 2014 nr. 1336, 27 okt 2014 nr. 1385, 13 april 2015 nr. 373, 30 juni 2015 nr. 812, 11 des 2015 nr. 1462, 9 feb 2016 nr. 122, 16 mars 2016 nr. 258, 27 juni 2016 nr. 822, 6 okt 2016 nr. 1175, 31 okt 2016 nr. 1265.
Rettingar: 07.02.2013 (EØS-tilvisingar), 11.04.2016 (EØS-tilvisingar).

Kapittel I. Formål, virkeområde og definisjonar

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar i samband med innførsel og utførsel av levande dyr av hestefamilien.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld dei dyrehelsemessige vilkåra for innførsel og utførsel innanfor EØS, samt innførsel frå tredjeland eller deler av tredjeland av levande dyr av hestefamilien.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meiner ein med:

1)Dyr av hestefamilien: Husdyr og viltlevande dyr av hestearten, inkludert sebra, esel og kryssingsdyr.
2)Registrerte dyr: Dyr av hestefamilien som er registrert som bestemt i forskrift 13. januar 1999 nr. 67 om godkjente (reinavla/registrerte) dyr av hestefamilien og identifisert ved eit identifikasjonsdokument (pass) utstedt av det organ som i dyrets opphavsland fører stamboka eller raseregisteret for den aktuelle rasen, eller av internasjonal foreining eller organisasjon som administrerer konkurranse- eller løpshestar.
3)Slaktedyr: Dyr av hestefamilien som enten direkte eller etter transitt via ein marknad eller ein godkjent samleplass, skal føres til et slakteri for å slaktast der.
4)Avls- og produksjonsdyr: Andre dyr av hestefamilien enn registrerte dyr og slaktedyr.
5)Driftseining: Ei landbruks- eller treningsverksemd, ein stall eller eitkvart lokale eller anlegg der dyr av hestefamilien jamt vert halde eller alt opp, same til kva slags bruk.
6)Buskap: Alle dyr innanfor same driftseining med slik kontakt at smitte kan overførast, også indirekte.
7)Tredjeland: Land som verken er medlem av Den Europeiske Union eller som gjennom EØS-avtalen har inngått avtale med EU om handel med levande dyr av hestefamilien.
8)- - -
9)Offentleg veterinær: Veterinær som er gjeven offentleg mynde av kompetent sentral styresmakt i det aktuelle landet.
0Endra ved forskrifter 7 aug 2009 nr. 1033 (i kraft 1 okt 2009), 3 sep 2010 nr. 1255.

Kapittel II. Generelle vilkår

§ 4.Opphav

Dyr av hestefamilien som er innførte til avsendarlandet skal komma frå eit land som er innanfor EØS eller frå eit godkjent tredjeland.

Det er berre tillate å innføre dyr av hestefamilien frå tredjeland eller deler av tredjeland som framgår av vedlegg A.

0Endra ved forskrift 27 okt 2014 nr. 1385.
§ 5.Identifikasjon

Dyr av hestefamilien skal ved innførsel og utførsel innanfor EØS følgjast av identifikasjonsdokument (pass) i samsvar med forskrift 28. april 2010 nr. 631 om identifikasjon av dyr av hestefamilien.

Registrerte hestar som tilbakeførast frå tredjeland, jf. § 11, skal følgjast av identifikasjonsdokumentet (passet) dei skal vere identifisert med etter forskrift 28. april 2010 nr. 631 om identifikasjon av dyr av hestefamilien. Passnummeret skal vere oppgitt i helsesertifikatet som skal følgje med dyra, jf. § 6.

Registrerte hestar som innførast mellombels frå tredjeland, jf. § 12, skal følgjast av identifikasjonsdokument (pass). Passnummeret skal vere oppgitt i helsesertifikatet som skal følgje med dyra, jf. § 6.

Slaktedyr som innførast frå tredjeland, jf. § 13, skal vere brennmerka med ein minst 3 cm høy «S» på hoven på venstre frambein. I tillegg skal dyra vere identifisert i helsesertifikatet som skal følgje med dyra, jf. § 6. Identifikasjonsdokument (pass) kan nyttast som identifikasjonsmetode. I så fall skal passet vere vedlagt og passnummeret vere oppgitt i helsesertifikatet.

Registrerte dyr og avls- og produksjonsdyr som innførast frå tredjeland, jf. § 14, skal vere identifisert i helsesertifikatet som skal følgje med dyra, jf. § 6. Identifikasjonsdokument (pass) kan nyttast som identifikasjonsmetode. I så fall skal passet vere vedlagt og passnummeret vere oppgitt i helsesertifikatet.

Dyr av hestefamilien som førast frå eit tredjeland til eit anna i transitt gjennom Noreg, jf. § 15, skal følgjast av identifikasjonsdokument (pass). Passnummeret skal vere oppgitt i helsesertifikatet som skal følgje med dyra, jf. § 6 og § 15.

0Endra ved forskrifter 7 aug 2009 nr. 1033 (i kraft 1 okt 2009), 3 sep 2010 nr. 1255.
§ 6.Helsesertifikat

Med dyra skal det følgja eit helsesertifikat i original skrive ut av den lokale offentlege veterinæren på eit standardformular utarbeidd eller godkjent av Mattilsynet. Helsesertifikatet skal skrivast ut innan 48 timar eller på siste yrkedag før reisa tek til og er gyldig i 10 dagar. Med dyr som innførast frå tredjeland skal det følgje eit helsesertifikat skrive ut på sendardagen, eventuelt for registrerte hestar, siste yrkedag før sending. Helsesertifikatet skal vere på eitt ark og minst på dei språka som blir nytta i avsendar- og mottakarlandet.

Registrerte dyr skal ha eitt sertifikat pr. dyr.

Avls- og produksjonsdyr kan ha eitt felles helsesertifikat for kvar sending, men skal vere individuelt identifiserte. Kvart helsesertifikat må berre omfatta dei dyra som blir transporterte med same transportmiddel, og som skal frå ei og same driftseining til ein mottakar.

Slaktedyr kan ha eitt felles sertifikat for kvar sending.

0Endra ved forskrifter 9 jan 2004 nr. 62, 3 sep 2010 nr. 1255.
§ 7.Transport

Transport av hest skal foregå på ein slik måte at det ikkje blir smittemessig kontakt med andre dyr. Transportmiddel skal vaskast og desinfiserast med eit godkjent desinfeksjonsmiddel både før og straks etter transporten. Avføring, avfall, fôr eller andre ting må ikkje falle av under transporten.

Kapittel III. Generelle krav

§ 8.Generelt

Dyr av hestefamilien skal:

1)ikkje visa teikn på sjukdom ved undersøking dei siste 48 timane før sending.
2)dei siste 15 dagane ikkje ha vore i kontakt med andre dyr som har hatt åtak av smittsam sjukdom.
3)ikkje vere pålagt nedslakta eller destruerte i samband med nasjonal plan for nedkjemping av smittsam sjukdom.
4)ikkje komma frå eller ha vore i kontakt med dyr av hestefamilien som kjem frå ei driftseining som er pålagt restriksjonar, eller dersom det har vore utbrot av sjukdom og dei mottakelege dyra ikkje er slakta, skal det gå minst så lang tid før det blir sendt dyr ut av driftseininga:
a)for vondarta beskjelarsjuke seks månader rekna frå siste dag det har vore mogleg smittekontakt med sjuke dyr. For hingstar gjeld restriksjonane til dyret er kastrert,
b)for snive og encefalomyelitt (alle typar) seks månader rekna frå den dagen då dei angripne dyra blei slakta,
c)for smittsam anemi til den dagen alle dyr som er igjen etter at angripne dyr er slakta, er undersøkt to gonger med Coggins test med tre månader mellom kvar og med negativt resultat begge gonger,
d)for vesikulær stomatitt seks månader rekna frå det siste registrerte tilfellet i driftseininga,
e)for rabies 30 dagar etter det siste registrerte tilfellet i driftseininga,
f)for miltbrann 15 dagar etter det siste registrerte tilfellet i driftseininga.

Dersom alle dyr av dei artane som er mottakelege for sjukdomen er blitt slakta og lokala reingjorde og desinfiserte, skal restriksjonane gjelda i 30 dagar. For miltbrann er det 15 dagar.

§ 9.Afrikansk hestepest

Det er berre tillate å innføre dyr av hestefamilien frå land eller område som er fritt for afrikansk hestepest. Ved afrikansk hestepest i område innan EØS, kan det innførast dyr etter nærare vilkår som angitt i Rdir. 90/426/EØF Artikkel 5.

Kapittel IV. Tilleggskrav ved innførsel frå tredjeland

§ 10.Generelt

Dyr som skal innførast frå tredjeland skal i tillegg til krava i dette kapittelet også oppfylle krava i kapittel II og III. Testar som blir krevde skal vere utførte i samsvar med Rdir. 90/426/EØF.

Dyra skal ikkje ha vore behandla med legemiddel eller anna stoff som er forbode i EØS.

Det er berre tillate å innføre dyr frå tredjeland som:

1)har vore fritt for Venezuelansk equine encephalomyelitt (VEE) dei siste 2 åra.
2)har vore fritt for vesikulær stomatitt dei siste 6 månadene eller driftseininga har vore fri i minst 6 månader og at dyra det gjeld, er seronegative.
3)har vore fritt for equine viral arteritt dei siste 6 månadene eller at hingstar har reagert negativt med omsyn til antistoff i blod eller virus i sæd.
4)har vore fritt for vondarta beskjelarsjuke dei siste 6 månadene.
5)har vore fritt for snive dei siste 6 månadene.
§ 11.Tilbakeføring av konkurransedyr

Registrerte hestar som har vore i eit godkjent tredjeland i samband med konkurransar eller andre kulturelle tilstellingar i mindre enn 30 dagar, kan førast tilbake dersom området dei har vore i tilfredsstiller krava i § 10. Dei skal ha vore under veterinær overvaking og ha hatt opphald i åtskilde stallar utan å komma i kontakt med hestar med lågare helsestatus anna enn under konkurransar eller kulturelle tilstellingar. Med dyra skal det følgje eit helsesertifikat i samsvar med den modellen som er fastsatt i vedlegg C.

Tilbakeførsel av registrerte hestar som har delteke i internasjonale gruppeløp i Australia, Canada, Dei amerikanske Sambandsstatane, Hongkong, Japan, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata eller Qatar er tillate når dyra oppfyller vilkåra fastsett i eit helsesertifikat etter modellen i vedlegg E.

0Endra ved forskrifter 12 aug 2013 nr. 975, 27 okt 2014 nr. 1385, 6 okt 2016 nr. 1175 (i kraft 7 okt 2016).
§ 12.Mellombels opphald for registrerte dyr

Registrerte dyr kan få mellombels opphald i inntil 90 dagar dersom området dei kjem frå tilfredsstiller krava i § 10. I tillegg skal dei oppfyller følgjande krav:

Gruppe A:

1)Dyra skal dei siste 40 dagane før sending ha vore under veterinær overvaking i besetning i
a)avsendarlandet og/eller
b)medlemsland i Fellesskapet og/eller
c)eit av landa som framgår av vedlegg B. Om dyra er ført frå eit av landa i vedlegg B, skal dei vere innførte under minst dei same dyrehelsekrava som om dei blei innførte direkte til Fellesskapet.
2)Dersom det har vore utbrot av vesikulær stomatitt eller viral arteritt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt mindre enn 10 dagar før sending for vesikulær stomatitt og mindre enn 21 dagar før sending for viral arteritt.

Gruppe B: Vilkåra i andre ledd gjeld tilsvarande. I tillegg skal dyra ha testa negativt mot smittsam anemi, (Coggins test) mindre enn 3 månader før sending.

Gruppe C: Vilkåra i tredje ledd gjeld tilsvarande. I tillegg skal dyra

1)ikkje vere vaksinerte mot Venezuelansk equine encephalomyelitt (VEE) dei siste 6 månadene.
2)enten
a)vere vaksinerte med inaktivert vaksine mot Western (WEE) og Eastern equine encephalomyelitt (EEE) eller Japansk B-encephalitt mindre enn 6 månader og minst 30 dagar før utførsel, eller
b)ha testa negativt mot Western og Eastern equine encephalomyelitt to gonger med eit intervall på 21 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, eller utan auke i antistoffnivå om dei er vaksinerte meir enn 6 månader før utførsel. Krav om test eller vaksine for WEE og EEE gjeld berre for Canada og USA. Krav om vaksine for Japansk B-encephalitt gjeld for Hong Kong, Japan, Macau, Malaysia og Singapore.
3)Registrerte hestar frå Kina, India og Thailand skal i tillegg ha testa negativt mot vondarta beskjelarsjuke og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) innan 10 dagar før sending.

Gruppe D: Vilkåra i andre ledd gjeld tilsvarande. I tillegg skal dyra

1)ha testa negativt mot smittsam anemi (Coggins test) mindre enn 30 dagar før sending.
2)enten
a)vere vaksinerte med inaktivert vaksine mot Western og Eastern equine encephalomyelitt mindre enn 6 månader og minst 30 dagar før utførsel, eller
b)ha testa negativt mot Western og Eastern equine encephalomyelitt to gonger med eit intervall på 21 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, eller utan auke i antistoffnivå om dei er vaksinerte meir enn 6 månader før utførsel.
3)Registrerte hestar frå Brasil skal i tillegg ha testa negativt mot snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10) innan 10 dagar før sending.

Gruppe E: Vilkåra i andre ledd gjeld tilsvarande. I tillegg skal dyra ha testa negativt mot

1)smittsam anemi (Coggins test) innan 30 dagar før sending,
2)vondarta beskjelarsjuke og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) innan 10 dagar før sending og
3)afrikansk hestepest (sjå Annex D i Rdir. 90/426/EØF) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending. Alternativt kan dyra vere vaksinerte mot afrikansk hestepest, men då skal det ikkje vere stigning i antistoffnivå mellom dei to prøvane.

Gruppe F:

1)Dyra skal dei siste 60 dagar før sending ha hatt opphald i besetning under veterinær overvaking i
a)godkjent region i avsendarlandet, eller
b)medlemsland i Fellesskapet så framt dei blei innførte til avsendarlandet direkte frå eit medlemsland i Fellesskapet, eller
c)tredjeland eller del av tredjeland som er godkjent for mellombels eller permanent innførsel av registrerte dyr av hestefamilien (sjå vedlegg A), så framt dyra blei innførte til avsendarlandet under minst like strenge krav som dei som gjeld for mellombels eller permanent innførsel frå vedkommande tredjeland direkte til Fellesskapet.
2)I tillegg skal dyra ha vore isolerte dei siste 40 dagane før sending i godkjent karantene under slike forhold:
a)Dyra skal ha hatt permanent opphald skjerma mot vektorar, eller
b)dei skal ha stått i vektorskjerma stall minst frå 2 timar før solnedgang til 2 timar etter soloppgang og berre vere lufta under veterinær overvaking og etter påføring av effektivt insektmiddel, og strengt isolert frå hestar som ikkje blir førebudd for utføring under same strenge vilkår som dei som gjeld for mellombels eller permanent innførsel til Fellesskapet.
3)Dersom det har vore utbrot av vesikulær stomatitt eller viral arteritt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt mindre enn 21 dagar før sending.
4)I tillegg skal dyra ha testa negativt mot
a)smittsam anemi (Coggins test) og mot vondarta beskjelarsjuke (komplementbindingstest fortynning 1 til 5) innan 21 dagar før sending, og
b)afrikansk hestepest (sjå Annex D i Rdir. 90/426/EØF) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending. Alternativt kan dyra vere vaksinerte mot afrikansk hestepest, men då skal det ikkje vere stigning i antistoffnivå mellom dei to prøvane.
5)Dyra skal også vere testa mot equin encephalose (ELISA-test) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, med negativt resultat eller utan stigning i antistoffnivå.
6)Hestane skal sendast direkte frå karantenestasjonen til flyplassen skjerma mot vektorar, og vidare til medlemslandet utan å komma i kontakt med andre hestar som ikkje følgjast av EU-sertifikat for mellombels eller permanent innførsel. Flyet skal vaskast og desinfiserast på førehand med desinfeksjonsmiddel godkjent i avsendarlandet, og sprayast mot vektorinsekt rett før avgang. Helsesertifikat og identifikasjonsdokument må til ein kvar tid følgje dyra medan dei oppheld seg i Fellesskapet.
0Endra ved forskrifter 25 mai 2010 nr. 724, 21 okt 2010 nr. 1357, 23 okt 2014 nr. 1320, 24 okt 2014 nr. 1336, 27 okt 2014 nr. 1385.
§ 13.Innførsel av slaktedyr

Dyr som skal førast til slakt, kan innførast dersom området dei kjem frå tilfredsstiller krava i § 10. Dei skal dei siste 90 dagane før sending eller sidan fødsel ha hatt opphald i besetning under veterinær overvaking i avsendarlandet. I tillegg skal dyra mindre enn 10 dagar før sending teste negativt mot smittsam anemi (Coggins test) og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10). Krav om test for smittsam anemi gjeld ikkje for hestar som har hatt opphald på Island sidan fødsel. Krav om test for snive gjeld ikkje for Grønland, Island, Sveits, Australia, New Zealand, Canada og USA. Dersom det har vore utbrot av vesikulær stomatitt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt (virusnøytralisasjonstest fortynning 1 til 12) mindre enn 10 dagar før sending.

Dyr som skal førast direkte til slakt skal dei siste 30 dagane før sending ha vore isolerte frå hestar med lågare helsestatus.

Dyr som blir sendt via ein marknad innan Fellesskapet skal oppfylle følgjande krav:

1)enten
a)komma frå land i gruppe A, B, C eller D, sjå vedlegg A, og skal dei siste 30 dagane før sending ha vore isolerte frå hestar med lågare helsestatus, eller
b)dei skal komma frå land i gruppe E, og dei siste 40 dagane før sending ha vore i eit godkjent isolasjonssenter, skjerma mot vektorinsekt.
2)Dersom det har vore utbrot av viral arteritt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt mindre enn 21 dagar før sending.
3)Dyr frå land i gruppe D skal ikkje vere vaksinerte mot Venezuelansk equine encephalomyelitt (VEE), alle andre dyr skal vere vaksinerte mot VEE minst 6 månader før isoleringa.
4)I tillegg skal dei teste negativt mot:
a)vondarta beskjelarsjuke (komplementbindingstest fortynning 1 til 10) mindre enn 10 dagar før sending. Krav om test for vondarta beskjelarsjuke gjeld ikkje for landa i gruppe A og C, Australia og New Zealand.
b)afrikansk hestepest (sjå Annex D i Rdir. 90/426/EØF) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending. Alternativt kan dyra vere vaksinerte men då skal det ikkje vere stigning i antistoffnivå mellom dei to prøvane. Krav om test eller vaksine for afrikansk hestepest gjeld berre for land i gruppe E.
c)Western (WEE) og Eastern equine encephalomyelitt (EEE) to gonger med eit intervall på 21 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, eller utan auke i antistoffnivå om dei er vaksinerte meir enn 6 månader før utførsel. Alternativt så kan dyr frå land i gruppe C og D vere vaksinerte mindre enn 6 månader og minst 30 dagar før utførsel.
0Endra ved forskrift 27 okt 2014 nr. 1385.
§ 14.Innførsel av registrerte dyr og avls- og produksjonsdyr

Registrerte dyr og avls- og produksjonsdyr kan innførast dersom området dei kjem frå tilfredsstiller krava i § 10. Dyra skal ha hatt opphald i besetning under veterinær overvaking i avsendarlandet

1)dei siste 3 månadene før sending, eller
2)sidan fødsel om dei er yngre enn 3 månader, eller
3)sidan dei kom til avsendarlandet dersom dei blei innførde direkte til avsendarlandet frå Fellesskapet innan dei 3 månadene. I tillegg skal dei oppfylle følgjande krav:

Gruppe A: Dyra skal dei siste 30 dagane før sending ha vore skild frå hestar med lågare helsestatus. Dersom det har vore utbrot av vesikulær stomatitt eller viral arteritt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt mindre enn 21 dagar før sending. Dyra skal vere fri frå smittsam metritt (CEM) og vere testa negativt for smittsam anemi (Coggins test) mindre enn 30 dagar før sending. Krav om test for smittsam anemi gjeld ikkje for hestar som har hatt opphald på Island sidan fødsel.

Gruppe B: Vilkåra i andre ledd gjeld tilsvarande. I tillegg skal dyra ha testa negativt mot vondarta beskjelarsjuke, snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) og smittsam anemi (Coggins test) mindre enn 21 dagar før sending.

Gruppe C: Vilkåra i andre ledd gjeld tilsvarande, likevel slik at dyra har vore i isolasjon dei siste 30 dagane før sending. I tillegg gjeld følgjande krav:

1)Dyra skal enten vere vaksinerte mot Venezuelansk equine encephalomyelitt (VEE) minst 6 månader før isoleringa, eller ikkje vere vaksinerte mot VEE.
2)I tillegg skal dyra enten
a)vere vaksinerte med inaktivert vaksine mot Western (WEE) og Eastern equine encephalomyelitt (EEE) eller Japansk B-encephalitt mindre enn 6 månader og minst 30 dagar før utførsel, eller
b)ha testa negativt mot Western og Eastern equine encephalomyelitt 2 gonger med eit intervall på 21 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, eller utan auke i antistoffnivå om dei er vaksinerte meir enn 6 månader før utførsel. Krav om test eller vaksine for WEE og EEE gjeld berre for Canada og USA. Krav om vaksine for Japansk B-encephalitt gjeld for Hong Kong, Japan, Macau, Malaysia og Singapore.
3)Registrerte hestar frå Kina, India og Thailand skal i tillegg ha testa negativt mot vondarta beskjelarsjuke og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) innan 10 dagar før sending.

Gruppe D: Vilkåra i andre og tredje ledd gjeld tilsvarande. Dyra skal enten

1)vere vaksinerte med inaktivert vaksine mot Western og Eastern equine encephalomyelitt mindre enn 6 månader og minst 30 dagar før utførsel, eller
2)ha testa negativt mot Western og Eastern equine encephalomyelitt to gonger med eit intervall på 21 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, eller utan auke i antistoffnivå om dei er vaksinerte meir enn 6 månader før utførsel.

Gruppe E: Vilkåra i tredje ledd gjeld tilsvarande, likevel slik at dyra har vore i eit godkjent isolasjonssenter skjerma mot vektorinsekt dei siste 40 dagane. I tillegg skal dyra ha testa negativt mot afrikansk hestepest (sjå Annex D i Rdir. 90/426/EØF) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending. Alternativt kan dyra vere vaksinerte mot afrikansk hestepest, men då skal det ikkje vere stigning i antistoffnivå mellom dei to prøvane.

Gruppe F: Vilkåra i andre ledd gjeld tilsvarande. I tillegg gjeld følgjande krav:

1)Dyra skal dei siste 40 dagane før sending har vore isolerte i godkjent karantene under slike forhold: Dei skal enten
a)ha hatt permanent opphald skjerma mot vektorar, eller
b)dei skal ha stått i vektorskjerma stall minst frå 2 timar før solnedgang til 2 timar etter soloppgang og berre vere lufta under veterinær overvaking og etter påføring av effektivt insektmiddel, og strengt isolert frå hestar som ikkje blir førebudd for utføring under same strenge vilkår som dei som gjeld for mellombels eller permanent innførsel til Fellesskapet.
2)Dersom dei er vaksinerte mot Afrikansk hestepest blei det gjort mellom 110 dagar og 24 månader før isoleringa tok til, med ein registrert polyvalent vaksine.
3)I tillegg skal dyret ha testa negativt mot
a)vondarta beskjelarsjuke (komplementbindingstest fortynning 1 til 5) og smittsam anemi (Coggins test) mindre enn 21 dagar før sending og
b)afrikansk hestepest (Annex D i Rdir. 90/426/EØF) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending. Alternativt kan dyra vere vaksinerte mot afrikansk hestepest, men då skal det ikkje vere stigning i antistoffnivå mellom dei to prøvane.
4)Dyra skal også vere testa mot equin encephalose (ELISA-test) 2 gonger med eit intervall på 21 til 30 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, med negativt resultat eller utan stigning i antistoffnivå.
5)Hestane skal sendast direkte frå karantenestasjonen til flyplassen skjerma mot vektorar, og vidare til medlemslandet utan å komma i kontakt med andre hestar som ikkje følgjast av EU-sertifikat for mellombels eller permanent innførsel av registrerte hestar. Flyet skal vaskast og desinfiserast på førehand med desinfeksjonsmiddel godkjent i avsendarlandet, og sprayast mot vektorinsekt rett før avgang. Helsesertifikat og identifikasjonsdokument må til ein kvar tid følgje dyra medan dei oppheld seg i Fellesskapet.
0Endra ved forskrifter 25 mai 2010 nr. 724, 3 sep 2010 nr. 1255, 24 okt 2014 nr. 1336.
§ 15.Transitt frå eit tredjeland til eit anna

Det er berre tillate å ha dyr av hestefamilien i transitt frå eit tredjeland gjennom Noreg til det samme, eller til eit anna tredjeland dersom dyra kjem frå eit tredjeland som er godkjent for import eller mellombels opphald for registrerte dyr, jf. kolonne 6 og 8 i vedlegg A. I tillegg må slike dyr følgjast av eit «Dyrehelsesertifikat for transitt av dyr av hestefamilien» som er godkjent av Mattilsynet og godtgjer at krava til transitt er innfridde.

Helsesertifikatet for dyr av hestefamilien skal bestå av:

(a)del I, II og III av relevant sertifikat slik det er vist i vedlegg II til vedtak 92/260/EØF, som er relevant for den landgruppa i kolonne 5 i vedlegg A som avsenderlandet eller eit område i avsenderlandet høyrer til, med unntak av krava for virusarteritt hos hest (EVA) i del III punkt (e)(v), og
(b)en ny del IV og del V i helsesertifikatet som er utforma slik: 

«IV. Dyr av hestefamilien som kjem frå: ............................ .......................................

(Navn på tredjeland/avsendarland) 

som skal vidare til: .................................................. ................................................. 

(Navn på tredjeland/mottakarland) 

V. Stempel og offentlig veterinærs signatur: .......................... .......................................»

Når det gjeld registrerte hestar, skal landlista i helsesertifikatmalen i vedlegg II, del III, punkt d, tredje strekpunkt til vedtak 92/260/EØF, erstattast med opplisting av dei land som tilhøyrer den landgruppa dyret kjem frå, jf. gruppe A-E i kolonne 5 i vedlegg A. 

0Endra ved forskrifter 9 jan 2004 nr. 62, 16 mars 2010 nr. 395.

Kapittel V. Avsluttande vilkår

§ 16.Fritak

Mattilsynet kan gje fritak frå kapittel II og III når det gjeld dyr av hestefamilien som:

1)blir ridd eller tekne med for sportslege eller fritidsmessige formål langs vegar i Sverige og Finland nær grensa mot Noreg.
2)tek del i kulturelle eller liknande arrangement eller i aktivitetar tilrettelagt av autoriserte lokale organ som held til i Sverige og Finland nær grensa mot Noreg.
3)berre skal beite eller arbeide i kortare tid i Sverige eller Finland nær grensa mot Noreg.

Mattilsynet kan også frita frå andre krav i denne forskrifta og setja vilkår for slikt fritak. Dette gjeld særskilt for trav- og galoppbanar og liknande.

0Endra ved forskrift 9 jan 2004 nr. 62.
§ 17.Utgifter

Alle utgifter i samband med inn- og utførsel av levande dyr av hestefamilien er det offentlege uvedkommande.

§ 18.Tryggleiksvilkår

Landbruksdepartementet kan på kort varsel og utan vederlag til importør eller eksportør, stoppa innførsel eller utførsel av dyr av hestefamilien dersom særskilde tilhøve når det gjeld avsendarlandet sin dyrehelsesituasjon eller andre tilhøve skulle tilseie det.

§ 19.Straff

Forsettleg eller aktlaust brot på denne forskrifta eller føresegner og vedtak gitt i mehald av forskrifta, er straffbart etter matloven § 28.

0Endra ved forskrift 9 jan 2004 nr. 62.
§ 20.Iverksetjing og overgangsordningar

Denne forskrifta blir sett i verk 1. januar 1999. Frå same dato opphevast forskrift av 1. juli 1994 nr. 708 om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av levende dyr av hestefamilien innenfor EØS.

Vedlegg A. Liste over godkjente land og regionar (sist endra av avgjerd (EU) 2016/1899)

For å lese vedlegg A se her: pdf.gif

0Endra ved forskrifter 21 des 1999 nr. 1479, 23 jan 2009 nr. 61, 11 sep 2009 nr. 1198, 25 mai 2010 nr. 724, 1 juli 2010 nr. 1074, 25 aug 2010 nr. 1217, 3 sep 2010 nr. 1255, 20 des 2010 nr. 1751, 6 mai 2011 nr. 464, 19 sep 2011 nr. 938, 20 okt 2011 nr. 1049, 4 okt 2012 nr. 942, 26 april 2013 nr. 417, 27 juni 2013 nr. 800, 17 sep 2014 nr. 1294, 23 okt 2014 nr. 1320, 24 okt 2014 nr. 1336, 27 okt 2014 nr. 1385 (tidlegare vedlegg A og B), 13 april 2015 nr. 373, 30 juni 2015 nr. 812, 11 des 2015 nr. 1462 (i kraft 12 des 2015), 16 mars 2016 nr. 258, 27 juni 2016 nr. 822, 31 okt 2016 nr. 1265.

Vedlegg B. Mellombels opphald for registrerte dyr jf. § 12 

Australia
Canada
Dei sameinte arabiske emirata
FYROM - Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia
Grønland
Hongkong
Island
Japan
Kviterussland
Macau
Malaysia
Montenegro
New Zealand
Republikken Korea
Russland
Serbia
Singapore
Sveits
Thailand
Ukraina
USA
0Endra ved forskrifter 23 jan 2009 nr. 61, 23 okt 2014 nr. 1320, 24 okt 2014 nr. 1336, 27 okt 2014 nr. 1385 (tidligere vedlegg C).

Vedlegg C. Helsesertifikat for tilbakeførsel av registrerte hestar etter midlertidig utførsel i ein periode på høgst 30 dagar 

pdf.gif

0Tilføyd ved forskrift 12 aug 2013 nr. 975. Endra ved forskrifter 27 okt 2014 nr. 1385 (tidligere vedlegg E), 11 des 2015 nr. 1462 (i kraft 12 des 2015).

Vedlegg D. Helsesertifikat for tilbakeførsel av registrerte hestar etter midlertidig eksport til Mexico og USA i ein periode på høgst 30 dagar for å ta del i konkurranser i storbyområde Mexico City og Miami 

For å lese vedlegg D se her: pdf.gif

0Tilføyd ved forskrift 11 des 2015 nr. 1462 (i kraft 12 des 2015).

Vedlegg E. Helsesertifikat for tilbakeførsel til EØS av registrerte hestar som har delteke i internasjonale gruppeløp i Australia, Canada, Dei amerikanske Sambandsstatane, Hongkong, Japan, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata eller Qatar etter midlertidig utførsel i mindre enn 90 dagar 

For å lese vedlegg E se her: pdf.gif

0Tilføyd ved forskrift 6 okt 2016 nr. 1175 (i kraft 7 okt 2016).