Forskrift om film og videogram.

DatoFOR-1999-12-20-1515
DepartementKulturdepartementet
PublisertAvd I 1999 3468
Ikrafttredelse01.01.2000
Sist endretFOR-2016-05-01-890
EndrerFOR-1987-12-07-998
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1987-05-15-21-§2, LOV-1987-05-15-21-§3, LOV-1987-05-15-21-§4, LOV-1987-05-15-21-§5, LOV-1987-05-15-21-§6, LOV-1987-05-15-21-§7, LOV-1987-05-15-21-§8, LOV-1987-05-15-21-§10, LOV-1987-05-15-21-§11, LOV-1987-05-15-21-§12
Kunngjort
KorttittelForskrift om film og videogram

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kulturdepartementet 20. desember 1999 med heimel i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram.
Endringar: Endra ved forskrifter 20 okt 2002 nr. 1186, 11 jan 2005 nr. 16, 12 juli 2007 nr. 895, 8 feb 2008 nr. 115, 20 okt 2009 nr. 1298, 20 des 2012 nr. 1391, 26 juni 2015 nr. 800, 1 mai 2016 nr. 890.

Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar

§ 1-1.Verkeområde

Lova og forskriftene gjeld ikkje på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen.

§ 1-2.Definisjonar

Distributør tyder i denne forskrifta både firma og ansvarleg leiar av firma som driv distribusjon av film eller videogram.

Som distributør av ein film eller eit videogram reknast i denne forskrifta den som er registrert som distributør i Medietilsynet sine register.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.

Kapittel 2. Kommunal løyveplikt

§ 2-1.Unntak frå krav om løyve

Det krevst ikkje kommunalt løyve for:

1)framsyning av film eller videogram der det ikkje krevst særskild betaling for framsyninga,
2)framsyning eller omsetning av film eller videogram i hotellrom,
3)omsetning av videogram som berre inneheld
-opptak frå offentlege arrangement, framsyningar eller tilstellingar,
-musikk- eller idrettsstoff,
-dokumentar-, aktualitets- eller nyhendestoff,
-forskings- eller hobbystoff,
-opplysnings- eller undervisningsstoff til bruk i undervisninga ved skolar, universitet og høgskolar og ved vaksenopplæring i organisasjonar og institusjonar som er godkjende etter lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring,
-informasjon om, og reklame for, varer og tenester.
0Endra ved forskrift 8 feb 2008 nr. 115 (tidlegare § 2-2).

Kapittel 3. Avgift til staten

0Overskrifta endra ved forskrift 1 mai 2016 nr. 890.
§ 3-1.Betaling av avgift til staten

Det skal førast særskild rekneskap for avgiftspliktig framsyning eller omsetning. Rekneskapen skal reviderast av ein registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen til kommunale kinoar skal reviderast av kommunerevisjonen.

For framsyning av film eller videogram i næring skal avgiftsgrunnlag og avgiftsbeløp kvart kvartal fyllast ut på eit skjema til Norsk filminstitutt. Meirverdiavgift skal ikkje reknast inn i avgiftsgrunnlaget.

For omsetning av videogram med trykte registreringsmerker etter § 8-1 fjerde leddet, skal distributøren kvart kvartal rapportere om netto omsetning på eit felles skjema til Medietilsynet, jf. § 10-2.

For omsetning av videogram med registreringsmerker frå Medietilsynet, skal distributøren betale avgifta i samband med kjøpet av registreringsmerker. Medietilsynet gir refusjon av avgifta for ubrukte merker.

0Endra ved forskrifter 11 jan 2005 nr. 16, 1 mai 2016 nr. 890.
§ 3-2.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 20 des 2012 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2013), oppheva ved forskrift 1 mai 2016 nr. 890.
§ 3-3.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 20 des 2012 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2013), oppheva ved forskrift 1 mai 2016 nr. 890.
§ 3-4.Unntak frå kravet om betaling av avgift

Det skal ikkje betalast avgift for framsyning av film eller videogram som ikkje krev kommunalt løyve etter § 2-1 pkt. 1 eller 2.

Det skal ikkje betalast avgift for omsetning av videogram som berre inneheld musikkstoff. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle om eit videogram berre inneheld musikkstoff.

0Endra ved forskrifter 12 juli 2007 nr. 895 (i kraft 1 aug 2007), 8 feb 2008 nr. 115.

Kapittel 4. Registreringsplikt og førehandskontroll

0Kapittel 4 endra ved forskrift 8 feb 2008 nr. 115.
§ 4-1.Registreringsplikt

Filmar eller videogram som skal synast fram i næring skal registrerast i Medietilsynet sitt filmregister.

Den som registrerer filmen eller videogrammet må gi Medietilsynet følgjande opplysningar:

-namn på distributør, med adresse og telefonnummer
-original tittel
-norsk tittel
-regissør
-skodespelarar
-produksjonsår
-produksjonsland
-kort samandrag av innhaldet i filmen eller videogrammet
-filmtype (t.d. dokumentar, spillefilm, trailer osv.)
-talet på kopiar
-filmformat
-lagringsmedium.

Endringar i registrerte opplysningar skal meldast skriftleg til Medietilsynet snarast råd.

I tillegg skal registeret innehalde opplysningar om dato for registrering, registernummer og distributørnummer.

§ 4-2.Førehandskontroll

For filmar eller videogram som skal synast fram i næring for personar under 18 år skal filmregisteret, jf. § 4-1, også innehalde opplysningar om vedtak, grunngjeving, vedtaksdato og ev. klage til og vedtak frå Klagenemnda for film og videogram.

0Endra ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 4-3.(Oppheva)
0Oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 4-4.(Oppheva)
0Oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 4-5.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 20 des 2012 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2013), oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).

Kapittel 5. Aldersgrenser

§ 5-1.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 5-2.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 5-3.(Oppheva)
0Endra ved forskrifter 11 jan 2005 nr. 16, 20 okt 2009 nr. 1298, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).

Kapittel 6. Klagenemnd for film og videogram

§ 6-1.(Oppheva)
0Oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 6-2.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 6-3.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).

Kapittel 7. Registrering av videogram

§ 7-1.Opplysningsplikt

Den som vil ha eit videogram registrert for omsetjing i næring, må gje Medietilsynet følgjande opplysningar om videogrammet:

-namn på distributørfirma, med adresse og telefonnummer
-tittel
-anbefalt aldersgrense
-produksjonsår (om det kan skaffast, jf. § 7-4)
-regissør (om det kan skaffast, jf. § 7-4).

Opplysningane skal gis i latinske bokstavar og fyllast ut på eit skjema frå Medietilsynet.

Endringar i desse opplysningane skal meldast skriftleg til Medietilsynet snarast råd.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 7-2.Videogramregisteret

For kvar videogramtittel skal videogramregistret innehalde opplysningane nemnt i § 7-1 samt opplysningar om:

-distributørnummer
-videogramregisternummer
-dato for registrering.
§ 7-3.Registrering av videogram som inneheld fleire titlar

Dersom eit videogram inneheld fleire titlar, skal kvar tittel registrerast med dei opplysningane som følgjer av § 7-1 og § 7-2. Dette gjeld ikkje for videogram som er ei samling av fleire titlar og som har ein eigen tittel for samlinga. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle kor mange registreringar som er nødvendige for eitt videogram.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 7-4.Manglande opplysningar

Medietilsynet skal normalt ikkje nekte registrering sjølv om det i somme tilfelle ikkje let seg gjere å skaffe fram opplysningar om produksjonsår eller regissør. Distributøren skal opplyse om årsaka til at det ikkje let seg gjere å skaffe fram opplysningane.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 7-5.Distribusjonslister

Registrerte distributørar plikter å føre distribusjonslister over dei videogramma dei har distribuert. Listene skal på oppmoding stillast til rådvelde for politiet og/eller Medietilsynet.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 7-6.(Oppheva)
0Endra ved forskrifter 20 okt 2002 nr. 1186, 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 7-7.Videogram som er inndrege eller sperra

Når eit videogram er inndrege eller sperra etter avgjerd av påtalemakta eller tingretten fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova § 204 eller § 382, skal dette førast i registeret.

Slike videogram kan ikkje omsetjast før det ligg føre endeleg frifinnande avgjerd i saka.

0Endra ved forskrift 20 okt 2002 nr. 1186.
§ 7-8.Plikt til å sende inn kopi av videogram

Når Medietilsynet krev at eit registrert videogram skal vurderast, skal distributør sende videogrammet til Medietilsynet innan ei veke frå han har motteke meldinga om dette.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 7-9.Unntak frå kravet om registrering

Videogram som berre inneheld musikkstoff skal ikkje registrerast. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle om eit videogram berre inneheld musikkstoff.

0Tilføyd ved forskrift 12 juli 2007 nr. 895 (i kraft 1 aug 2007).

Kapittel 8. Merking av videogram

§ 8-1.Utforming av registreringsmerke

Kvart eksemplar av registrerte videogram som skal omsetjast i næring skal påførast eit registreringsmerke utferda av Medietilsynet.

Registreringsmerket skal innehalde følgjande opplysningar:

-registreringsnummer
-tittel.

Opplysningane på registreringsmerket skal gis i latinske bokstavar.

Distributøren kan søkje Medietilsynet om løyve til å trykkje registreringsmerket direkte på videogrammet. Medietilsynet gir nærare vilkår for løyve til trykking av registreringsmerke.

Medietilsynet kan gje nærmare reglar om utforming, plassering, betaling, levering og makulering av registreringsmerke.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 8-2.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 8-3.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).
§ 8-4.Ansvar for merking

Distributøren er ansvarleg for at kvart eksemplar av videogram som han omset i næring er merkt i høve til lov og forskrift.

Merket skal vere påført innan videogrammet vert omsett til forhandlar eller forbrukar.

§ 8-5.Unntak frå kravet om merking

Videogram som berre inneheld musikkstoff skal ikkje merkast. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle om eit videogram berre inneheld musikkstoff.

0Tilføyd ved forskrift 12 juli 2007 nr. 895 (i kraft 1 aug 2007).

Kapittel 9. Administrative sanksjonar

§ 9-1.Administrative sanksjonar

Dersom ein distributør handlar i strid med lov om film og videogram eller forskrifter gitt i medhald av lova, eller i strid med pålegg gitt av Medietilsynet etter § 7-6 tredje leddet, kan Medietilsynet inntil det ulovlege tilhøvet opphøyrer nekte å motta film eller videogram frå vedkommande distributør for førehandskontroll eller registrering.

Distributør som har fått løyve til å trykke registreringsmerker, jf. § 8-1, kan ved brot på reglar eller vilkår som nemnt i første leddet miste retten til trykking, for ei periode eller permanent.

Medietilsynet kan fastsette nærmare reglar om handsaminga av spørsmål om bruk av administrative sanksjonar.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.

Kapittel 10. Gebyr for registrering, merking og vurdering av videogram

§ 10-1.Gebyr for registrering og merking av videogram

For registrering og merking av videogram for omsetning i næring krev Medietilsynet eit gebyr, jf. § 10 i lova.

Medietilsynet fastset betalingsforma.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 10-2.Rapportering

Dei som har fått løyve til trykking av registreringsmerker, jf. § 8-1, skal kvart kvartal rapportere om netto omsetning på eit felles skjema til Medietilsynet og Norsk kino- og filmfond, jf. § 3-1.

Medietilsynet kan fastsette nærare reglar for rapporteringa.

0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16.
§ 10-3.(Oppheva)
0Endra ved forskrift 11 jan 2005 nr. 16, oppheva ved forskrift 26 juni 2015 nr. 800 (i kraft 1 juli 2015).

Kapittel 11. Ikraftsetjing

§ 11-1.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2000. Frå same tid opphevast forskrift av 7. desember 1987 nr. 998 om film og videogram, likevel slik at § 3-1 i denne forskrifta gjeld for rapportering og innkrevjing av avgift som gjeld omsetning før 1. januar 2000.