Forskrift om handelsverksemd med brukte eller kasserte ting mv.

DatoFOR-1999-12-22-1379
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 1999 3164
Ikrafttredelse01.01.2000
Sist endretFOR-2009-12-22-1813 fra 28.12.2009
EndrerFOR-1989-04-28-290
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1999-12-22-105-§4
Kunngjort
KorttittelBrukthandelforskriften

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Nærings- og handelsdepartementet 22. desember 1999 med heimel i lov av 22. desember 1999 nr. 105 om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova) § 4 første og annet ledd.
EØS-tilvisingar: EØS-avtalen vedlegg X nr. 1 (direktiv 2006/123/EF).
Endringar: Endra ved forskrifter 24 sep 2001 nr. 1205, 20 nov 2006 nr. 1269, 22 des 2009 nr. 1813.

Kapittel 1. Verkeområdet mv.

§ 1.Forskrifta gjeld for handel med varer i næring, med dei unntak som er oppstilt i § 12. Forskrifta gjeld òg for utanlandske foretak som driv handel i Noreg når dei driv handel i næring etter § 1 i brukthandellova.

Nemninga handel omfattar sal, medrekna auksjonsverksemd, og oppkjøp med sikte på sal av brukte eller kasserte ting, både enkeltgjenstandar og vareparti. Nemninga handel omfattar òg formidling av slik verksemd, jf. brukthandellova § 1 annet ledd.

Nemninga handlande omfattar alle som har løyve etter kapittel 2 i forskrifta eller som driv handel på vegner av løyveinnehavaren.

§ 2.Forskrifta gjeld tilsvarande for den som til bruk i eiga verksemd kjøper eller byter til seg brukte platina-, gull-, og sølvvarer, edelsteinar, perler og smykker.

Forskrifta gjeld tilsvarande for ting den handlande tek imot ved innløysing av pantelånsetlar.

Kapittel 2. Løyve

§ 3.Søknad om løyve etter brukthandellova i eitt politidistrikt skal sendast til og avgjerast av vedkomande politimeister. Skal det drivast handel i fleire politidistrikt, skal søknaden sendast til den politimeisteren der verksemda har sitt hovudkontor. Dei berørte politimeistrane skal uttale seg før løyve vert gitt. Politiet skal alltid sende kopi av brukthandelløyvet til den/dei aktuelle kommunane.

Ved behandlinga av søknaden kan det leggjast vekt på tidlegare domfellingar eller bøteleggingar når dei kan gi grunn til å frykte for misbruk av løyvet. Domfelling eller bøtelegging for ran, tjuveri, heleri e.l. dei siste to åra, vil under alle omstende føre til avslag på søknad om løyve. Politiet vil kunne gi ei førehandsvurdering av vandelen til søkjaren.

Skal ein annan enn løyveinnehavaren stå for handelen, må også han ha løyve frå politiet.

Er søkjaren ein juridisk person, skal løyve gjevast til foretaket ved ein namngjeven person i leiinga. Politiet skal godkjenne denne personen.

Ingen kan starte handel før han har løyve.

0Endra ved forskrifter 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007), 22 des 2009 nr. 1813 (i kraft 28 des 2009).
§ 3a.Saksbehandlingsreglar til utfylling av tenestelova

For søknad om løyve etter brukthandellova § 2, jf. § 3 i brukthandelsforskrifta skal saksbehandlingsfristen, som nemnt i tenestelova § 11 første ledd første punktum, være åtte veker.

Tenestelova § 11 andre ledd om at løyve vert rekna for gitt når saksbehandlingsfristen er gått ut, gjeld ikkje for søknad om løyve til å drive brukthandelsverksemd.

0Tilføyd ved forskrift 22 des 2009 nr. 1813 (i kraft 28 des 2009).
§ 4.Søknad om løyve skal skrivast på eit eige skjema som ein får hjå politiet.
0Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).
§ 5.Vedtak om å nekte eller trekkje attende løyve etter brukthandellova § 2 andre ledd, kan klagast inn for Politidirektoratet.
0Endra ved forskrift 24 sep 2001 nr. 1205 (i kraft 1 nov 2001).
§ 6.Eit løyve skal minst ha opplysningar om:
-Løyveinnehavaren sitt namn og privatadresse. Dersom det er ein juridisk person: namn og privatadresse for person som nemnt i § 3 tredje ledd.
-Namn og privatadresse på den som skal stå føre handelen når dette er ein annan enn løyveinnehavaren.
-Adressa til alle forretnings- og oppbevaringsstader, jf. kapittel 3.
-Dei hovudgrupper av ting løyvet gjeld for.
-Politidistriktet løyvet gjeld for.

Eit løyve kan vere tidsavgrensa dersom politiet finn det formålstenleg.

§ 7.Endringar i opplysningar som tidlegare er meldt til politiet, f.eks. endringar i leiinga i eit føretak, skal meldast til politiet utan ugrunna opphald.
0Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).

Kapittel 3. Forretningstad mv.

§ 8.Handelen må berre drivast frå stader eller rom som er godkjende av politiet. Tilsvarande gjeld for oppbevaringsstader og liknande. § 3 første ledd og § 5 gjeld tilsvarande.

Løyve frå politiet til handel på stader eller rom etter første ledd fritek ikkje løyveinnehavaren frå å innhente nødvendige løyve eller liknande frå andre styresmakter.

Kapittel 4. Handel mv.

§ 9.Den handlande skal til ei kvar tid utvise størst mogleg aktsemd.

Seljarar skal på ein tilfredstillande måte godtgjere identiteten sin, jf. § 10 tredje ledd bokstav d.

Den handlande må ikkje ta imot ting frå personar under 18 år.

0Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).
§ 10.Den handlande skal føre protokoll godkjent av politiet, over alle mottekne ting. Dette gjeld anten tingen er motteken mot vederlag eller ikkje.

Protokollen skal førast kronologisk og skal til ei kvar tid vere à jour. Mottekne ting skal straks påførast eit nummer, med tilsvarande nummer i protokollen.

I protokollen skal det vere særskilde rubrikkar for

a)nummer på tingen
b)dato for når tid tingen er motteken
c)tydeleg merking og forklaring av tingen (medrekna eventuelt identifikasjonsnummer), og kor mange, storleik, mengd og vekt
d)namn og adresse til den personen tingen er motteken frå, og rubrikk for å føre inn kva for legitimasjon som er framvist og merknad om at denne er funnen i orden, jf. § 9 andre ledd.

Politiet kan gjere unntak frå føresegnene i første, andre og tredje ledd.

Politiet kan vidare påleggje bestemte handlande, blant anna handlande som driv handel med visse typar av ting, å ta inn i protokollen opplysningar også om salet (dato, kjøparen sitt namn og adresse, innkjøpspris, omkostningar ved utbetring og salspris, og at kjøpars legitimasjon er lagt fram og funnen i orden).

0Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).
§ 11.Ting som handelen omfattar må ikkje oppbevarast utanfor stader nemnt i § 8 første ledd. Dei må heller ikkje øydeleggjast, omarbeidast eller seljast før det har gått 14 dagar etter mottak.

Første ledd gjeld ikkje dersom tingen vert overdratt til ein annan handlande som har løyve etter § 3, men reglane vil då gjelde for denne.

Politiet kan gjere unntak frå krava i første ledd.

§ 12.§§ 10 - 11 gjeld ikkje:
a)handel med motorvogner som er registreringspliktige etter lov 18. juni 1965 nr. 4 (vegtrafikklova) § 15
b)mottak, kjøp og sal av gjenstandar meint for industriell destruksjon og/eller gjenvinning med unnatak av edle metall, bl.a. platina, sølv og gull.
0Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).
§ 13.Protokollen skal oppbevarast i ti år frå det tidspunkt opplysningane om tingen vart ført inn.

Kapittel 5. Kontroll mv.

§ 14.Politiet fører tilsyn med at føresegnene i forskrifta vert haldne.

Politiet kan til ei kvar tid kontrollere forretnings- og oppbevaringsstaden. Dette gjeld òg kontor, bakrom eller liknande som ligg i tilknyting til forretnings- og oppbevaringsstaden.

Handlande pliktar etter oppmoding å vise politiet protokollen og dei tinga som han rår over på stader som nemnt i andre ledd.

§ 15.Dersom ein handlande får mistanke om at den som tilbyr ting for sal har fått tingen i hende ulovleg eller av andre grunnar ikkje har rett til å avhende denne, skal han straks melde frå til politiet.
§ 16.Politiet kan, når dei finn det formålstenleg, bestemme at ein handlande skal melde frå når han tek imot visse typar av ting, for eksempel ved å påleggje dei å sende inn oversiktslister eller liknande. Arrangørar av antikk- og samlarmesser, bruktmarknader og liknande plikter å sende liste over påmelde deltakarar til politiet samtidig med melding eller søknad om arrangementet etter politilova.
0Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).

Kapittel 6. Andre føresegner

§ 17.Nærings- og handelsdepartementet kan gi nærare reglar om handel som skal foregå i særskilde omsetningsformer og for handel med særskilde typar av ting.
§ 18.Brot på forskrifta vert straffa etter brukthandellova § 5.
§ 19.Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2000. Frå same tidspunkt vert forskrift av 28. april 1989 nr. 290 om handel med brukte eller kasserte ting m.v. oppheva.