Forskrift om tilskott til forsøksringar.

DatoFOR-2000-12-12-1666
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2001 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2001, 01.01.2003
Sist endretFOR-2014-09-22-1223
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§18
Kunngjort30.03.2001
KorttittelForskrift om tilskott til forsøksringar

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsett av Landbruksdepartementet (nå Landbruks- og matdepartementet) 12. desember 2000 etter samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag og med heimel i lov av 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18.
Endringer: Endra ved forskrift 3 sep 2001 nr. 1075, 24 juni 2002 nr. 710, 22 sep 2014 nr. 1223.

§ 1.Formål

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til nødvendig kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse kan drive rådgjeving i planteproduksjon for medlemmene sine.

Rådgjevinga skal stimulere til ein økologisk berekraftig produksjon i eit variert kulturlandskap.

§ 2.Definisjonar

I denne forskrifta forstår ein med:

1.Forsøksring; ein samskipnad av foretak godkjent av Landbruksdirektoratet, som har til formål å drive fagleg rettleiing i, eller knytta til, planteproduksjon ved å gi medlemmene lokaltilpassa kunnskap som grunnlag for ein berekraftig produksjon til nytte for medlemmene.
2.Medlem; foretak som driv med planteproduksjon og som har betalt kontingent i ein forsøksring.
3.Planteproduksjon; dyrking av alle vekstar i næringsmessig samanheng innan jord- og hagebruksproduksjon.
0Endra ved forskrifter 3 sep 2001 nr. 1075 (i kraft 1 jan 2002), 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 3.Vilkår

Tilskott etter denne forskrifta kan gis til forsøksringar som

a.er opne for alle interesserte næringsdrivande i landbruket,
b.samarbeider med organisasjonar som driv forsking innafor landbruket,
c.ved behov etter nærare avtale stiller forsøksfelt til rådvelde for Planteforsk eller andre offentlege forskings- og rådgjevingsinstitusjonar,
d.ikkje driv omsetnad av varer og tenester (t.d. som sals- eller innkjøpslag) utanom sal av det som blir produsert i ringen,
e.er organisert med eige styre og vedtekter, der styret veljast på årsmøte blant medlemmene i ringen,
f.legg fram rekneskap revidert av registrert/statsautorisert revisor og
g.krev inn årleg kontingent frå medlemmene.
0Endra ved forskrift 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002).
§ 4.Tilskott

Forsøksringen er tilskottsmottakar. Tilskott vert gitt som rammetilskott, spesialsatsingstilskott og kompetansetilskott. Den samla tilskottsramma og fordelinga på dei tre ulike ordningane blir fastsett i jordbruksoppgjeret. Tilskottet blir rekna ut med bakgrunn i talet på medlemmer i ringen pr. 31. desember året før søknadsåret.

Satsane for rammetilskott og spesialsatsingstilskott blir fastsette av Landbruksdirektoratet.

Samla tilskott for rammetilskott og spesialsatsingstilskott kan maksimalt utgjere 85% av rekneskapsførde lønnskostnader til forsøksringverksemda i forsøksringen i siste godkjende rekneskapsår.

a.Rammetilskott

Rammetilskottet består av medlemstilskott og sonetilskott:

1)medlemstilskott: Tilskottet gis pr. medlem og er likt for alle medlemmer.
2)sonetilskott: Tilskottet gis pr. medlem og skal kompensere for geografiske og kommunikasjonsmessige skilnader. Tilskottet gis etter inndeling av landet i 6 soner og er knytta til den kommunen der foretaket har sin hovudproduksjon, jf. vedlegg 1 om soneinndeling.

Av rammetilskottet blir 80% gitt som medlemstilskott og 20% som sonetilskott. 

Tabell 1 Soner

SoneIndeks
11
22
34
48
514
624
 
b.Spesialsatsingstilskott

Tilskottet gis pr. medlem med prioriterte produksjonar. Kva for produksjonar som skal prioriterast og korleis tilskottet skal fordelast mellom desse produksjonane blir fastsett i jordbruksoppgjeret. For medlem med medlemskap i fleire ringar, vert tilskottet fastsett etter retningsliner fastsett av Landbruksdirektoratet.

c.Kompetansetilskott

Tilskottet skal dekkje delar av kostnadene knytt til tiltak for å byggje opp kompetanse i forsøksringane. Tilskottet skal m.a. gis til forsøksringar for å kompensere for særskilt høge reisekostnader for å delta på tiltaka.

Landbrukets Forsøksringar forvaltar tilskottet etter retningsliner godkjent av Landbruksdirektoratet.

Samla tilskott for rammetilskott og spesialsatsingstilskott kan maksimalt utgjere 85% av rekneskapsførde lønnskostnader til forsøksringverksemda i forsøksringen i siste godkjende rekneskapsår.

0Endra ved forskrifter 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 5.Innsending og behandling av søknad

Søknad skal skrivast på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Den som forpliktar ringen skal skrive under.

Søknaden skal sendast fylkesmannen som avgjer søknaden. Søknadsfristen er 1. oktober. Melding om vedtak gis i brev frå Landbruksdirektoratet i forkant av utbetalinga.

0Endra ved forskrifter 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 6.Utbetaling

Ved søknad om tilskott er det krav om oppgitt kontonummer. Krav på tilskott kan ikkje overdragast til eige eller pant.

§ 7.Kontroll

Landbruksdirektoratet, eller den Landbruksdirektoratet gir myndigheit, fører kontroll med at føresegnene i denne forskrifta blir følgde og kan setje i verk nødvendige kontrollar. Søkjaren pliktar å gi dei opplysningane som er nødvendige og å godta dei kontrolltiltak som blir sette i verk.

0Endra ved forskrifter 3 sep 2001 nr. 1075 (i kraft 1 jan 2002), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 8.Etterbetaling, tilbakebetaling og motrekning ved feilopplysningar

Dersom ein forsøksring har motteke feil tilskott, kan tilskottet krevjast tilbakebetalt eller motreknast i framtidige utbetalingar. Tilskottet kan også krevjast tilbakebetalt eller motreknast i framtidige utbetalingar, når ringen eller ein som har opptrådt på vegne av ringen, har gitt feilaktige eller mangelfulle opplysningar. Det same gjeld dersom utbetalinga skyldast feil frå forvaltning og mottakaren burde ha forstått dette.

0Endra ved forskrift 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002).
§ 9.(Oppheva frå 1 jan 2003, jf. forskrift 24 juni 2002 nr. 710).
§ 10.Klage

Vedtak som er gjort i medhold av forskrifta, kan påklagast etter lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker, kapittel VI. Landbruksdirektoratet er klageinstans for vedtak som er gjort av fylkesmannen.

0Endra ved forskrift 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 11.Dispensasjon

Landbruksdirektoratet kan fråvike reglane her når særskilde grunnar tilseier det.

0Endra ved forskrifter 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2001. Endringar av 3. september 2001 trer i kraft frå 1. januar 2002.

0Endra ved forskrift 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002).

Vedlegg

0Endra ved forskrift 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002).
SoneFylkeKommunenummer
1Østfold0104, 0124, 0136
Akershus0213, 0214, 0228, 0230, 0231, 0235
Hedmark0403
Oppland0501, 0534
Buskerud0602, 0617
Vestfold0702, 0704, 0722
Telemark0806
Aust-Agder0906, 0937
Vest-Agder1002
Rogaland1103, 1106, 1120, 1121
Sogn og Fjordane1420
Møre og Romsdal1503, 1516
2Østfold0101, 0105, 0106, 0122, 0123, 0125, 0127, 0135, 0137, 0138
Akershus0211, 0215, 0216, 0217, 0220, 0226, 0227, 0233, 0234, 0238
Hedmark0402, 0415, 0417, 0419, 0427, 0437, 0438
Oppland0502, 0516, 0517, 0519, 0521, 0528, 0529, 0532, 0533, 0542, 0543, 0544
Buskerud0604, 0605, 0612, 0624, 0625, 0626, 0627
Vestfold0701, 0706, 0709, 0711, 0713, 0714, 0716, 0718, 0719, 0720, 0723
Telemark0805, 0807, 0811, 0815, 0822, 0828, 0829
Aust-Agder0904, 0914, 0935
Vest-Agder1001, 1003, 1004, 1018, 1029
Rogaland1101, 1102, 1119, 1124, 1127, 1149
Hordaland1201, 1221, 1228, 1235, 1247
Sogn og Fjordane1432, 1439
Møre og Romsdal1504, 1517, 1520, 1531, 1532, 1556, 1563, 1566
Sør-Trøndelag1601, 1621, 1627, 1634, 1638, 1640, 1662, 1663
Nord-Trøndelag1702, 1703, 1714, 1719, 1721, 1729, 1742, 1744, 1750
3Østfold0111, 0118, 0119, 0128
Akershus m/Oslo0219, 0221, 0229, 0236, 0237, 0239, 0301
Hedmark0412, 0418, 0420, 0423, 0426, 0429, 0436, 0441
Oppland0511, 0515, 0520, 0522, 0536, 0538, 0540, 0541, 0545
Buskerud0616, 0618, 0619, 0622, 0623, 0628, 0631
Vestfold0728
Telemark0814, 0817, 0819, 0821, 0826, 0827
Aust-Agder0901, 0912, 0919, 0926, 0938
Vest-Agder1014, 1017, 1021, 1027, 1032, 1037
Rogaland1111, 1112, 1114, 1122, 1142, 1145, 1146, 1151, 1154, 1159
Hordaland1216, 1222, 1231, 1233, 1234, 1246
Sogn og Fjordane1401, 1419, 1426, 1430, 1431, 1433
Møre og Romsdal1502, 1515, 1519, 1523, 1529, 1547, 1548, 1551, 1557, 1567, 1571
Sør-Trøndelag1622, 1635, 1636, 1644, 1653, 1657
Nord-Trøndelag1717, 1723, 1724, 1725, 1748, 1751
4Østfold0121
Hedmark0425, 0428, 0430, 0432, 0439
Oppland0512, 0513, 0514
Buskerud0615, 0620, 0621, 0632
Telemark0830, 0831, 0833, 0834
Aust-Agder0911, 0928, 0929, 0940
Vest-Agder1026, 1034, 1046
Rogaland1129, 1130, 1134
Hordaland1211, 1219, 1223, 1227, 1232, 1238, 1242, 1245, 1253, 1256, 1259, 1260, 1263, 1264
Sogn og Fjordane1413, 1416, 1417, 1418, 1428, 1429, 1438, 1441, 1443, 1444
Møre og Romsdal1511, 1514, 1524, 1526, 1528, 1534, 1539, 1543, 1545, 1554, 1560, 1572
Sør-Trøndelag1612, 1613, 1630, 1648, 1664
Nord-Trøndelag1711, 1718, 1736, 1739, 1740, 1743, 1749
5Hedmark0434
Buskerud0633
Aust-Agder0941
Rogaland1133, 1135, 1141, 1144
Hordaland1224, 1241, 1243, 1244, 1251, 1252, 1265, 1266
Sogn og Fjordane1411, 1412, 1421, 1422, 1424, 1445, 1449
Møre og Romsdal1525, 1535, 1546, 1569, 1573
Sør-Trøndelag1617, 1620, 1624, 1632, 1633, 1665
Nord-Trøndelag1738, 1755
6Nordland
Troms
Finnmark
Alle kommunar i dei tre nordlegaste fylkane
0Endra ved forskrift 24 juni 2002 nr. 710 (i kraft 1 juli 2002).