Forskrift om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.

DatoFOR-2000-12-20-1393
DepartementFinansdepartementet
PublisertI 2000 3126
IkrafttredelseEigedomsskatteåret 2001
Sist endretFOR-2016-05-18-498 fra 01.07.2016
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-29-§8b-5, LOV-1980-06-13-24-§8-6
Kunngjort
KorttittelForskrift om eigedomsskatt for kraftanlegg

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Finansdepartementet 20. desember 2000 med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 8B-5 og lov av 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 8-6 niande leden.
Endringar: Endra ved forskrifter 26 nov 2001 nr. 1325, 12 nov 2002 nr. 1268, 22 jan 2004 nr. 341, 6 aug 2004 nr. 1150, 14 des 2003 nr. 1575, 21 des 2007 nr. 1769, 18 mai 2016 nr. 498.

I

§ 1.Virkeområde

Forskriften gjeld kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg som nemnt i eigedomsskattelova § 8A-1 og § 8A-2 tredje leden og korrigering av kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg for investeringar, jf. eigedomsskattelova § 8A-1 andre leden, femte leden og § 8A-2 andre leden. Reglane gjeld berre fordeling av eigedomsskattegrunnlag mellom norske kommunar.

§ 2.Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt over 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000
(1) Kommunefordelinga etter eigedomsskattelova § 8 A-1 første og tredje leden skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om berekning av fordelingsnøklar og retningsliner fastsett av departementet i samråd med NVE.
(2) For kraftanlegg med tilhøyrande særskilte driftsmiddel sett i drift pr. 1. januar 2000 som ikkje vart omfatta av NVE si fastsetjing av gjenanskaffingsverdet (GAV) pr. 1. januar 1997, skal NVE fastsetje gjenanskaffingsverdet for særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8 A-1 første leden. Det skal ikkje bereknast GAV for adkomstanlegg. Reglane i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmiddel i kraftforetak, gjeld tilsvarande for NVE si fastsetjing av desse verdiar. For kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 1997 skal verdsetjinga baserast på tilhøva pr. 1. januar 2000 og justerast til kroneverdet pr. 1. januar 1997. Frist for eigar av særskilte driftsmiddel i slike kraftanlegg for innsending av opplysningar til NVE som nemnt i forskriften § 2-1 andre leden, vert sett til 9. februar 2001.
§ 3.Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt under 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000
(1) Kommunefordeling etter eigedomsskattelova § 8 A-1 fjerde leden, jf. § 8-2 første leden vert berre fastsett dersom det vert kravt av eigar av kraftanlegget eller av ein av dei kommunar der kraftanlegget har tilhøyrande særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8 A-1 første leden første punktum, jf. fjerde punktum.
(2) Krav om kommunefordeling etter første leden må framsetjast innan 9. februar 2001. Kravet skal sendast til Skattedirektoratet med kopi til dei berørte kommunar eller eigar av kraftanlegget. Dersom krav ikkje vert framsett, skal heile eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegget tilordnast den kommune der kraftverket ligg.
(3) Skattedirektoratet fastsett fristar og dokumentasjonskrav mv. for rapportering av naudsynte opplysningar frå eigar av kraftanlegga om kostpris og plassering av særskilte driftsmiddel i kraftanlegga som skal gå inn i fordelingsgrunnlaget. Ved manglande eller mangelfull rapportering av slike opplysningar, vert kommunefordelinga basert på skjøn.
§ 4.Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for anleggsdeler som ikkje var sett i drift pr. 1. januar i likningsåret

Kommunefordeling etter eigedomsskattelova § 8 A-2 tredje leden, jf. første leden vert berre fastsett dersom det vert kravt av eigar av kraftanlegget eller av ein av dei kommunar der kraftanlegget har tilhøyrande særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8 A-1 første leden første punktum, jf. fjerde punktum. Krav om slik fordeling må framsetjast innan 9. februar 2001. Kravet skal sendast til Skattedirektoratet med kopi til dei berørte kommunar eller eigar av kraftanlegget. Dersom krav ikkje vert framsett, skal heile eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegget tilordnast den kommune der kraftverket ligg. § 3 tredje leden gjeld tilsvarande.

§ 5.Avgjerdskompetanse mv.
(1) Skattekontoret fastset kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlag for kraftanlegg som nemnd i denne forskrift. Ved fordelinga vert eigedomsskattegrunnlaget avrunda til heile tusen kroner og fordelt på kvar kommune med andeler fastsett i heile kroner.
(2) Eigedomsskattepliktige kan påklaga Sentralskattekontoret for storbedrifter si avgjerd etter første leden til Skatteklagenemnda.
(3) Frist for klage etter andre leden er tre veker rekna frå tidspunktet for utlegging av eigedomsskattelistene. Klagen skal sendast til skattekontoret.
0Endra ved forskrifter 26 nov 2001 nr. 1325 (fom eigedomsskatteåret 2002), 12 nov 2002 nr. 1268 (fom eigedomsskatteåret 2003), 22 jan 2004 nr. 341 (fom eigedomsskatteåret 2004), 14 des 2003 nr. 1575 (fom eigedomsskatteåret 2005), 21 des 2007 nr. 1769 (i kraft 1 jan 2008), 18 mai 2016 nr. 498 (i kraft 1 juli 2016).
§ 6.Korrigering av kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg for investeringar, jf. eigedomsskattelova § 8A-1 andre leden, femte leden og § 8A-2 andre leden
(1) Kostpris for investering ført i skatterekneskapen, jf. eigedomsskattelova § 8A-1 andre leden, femte leden og § 8A-2 andre leden, regulerast til same kroneverdi som fordelingsnøkkelen etter dei nemnte paragrafane er bygget på. Ved reguleringa nyttast konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå.
(2) Skattytar skal sende naudsynte opplysningar om investeringar som nemnt i eigedomsskattelova § 8A-1 andre leden, femte leden og § 8A-2 andre leden til NVE. Skattedirektoratet fastsett skjema og frist for slik innrapportering.
0Tilføyd ved forskrift 6 aug 2004 nr. 1150.

II

Denne forskrift trer i kraft straks med verknad frå og med eigedomsskatteåret 2001.