Retningsliner om grunnlag for og berekning av kommunefordelingsnøklar for grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg etter eigedomsskattelova § 8 A-1 første og tredje leden.

DatoFOR-2000-12-20-1394
DepartementFinansdepartementet
PublisertI 2000 3127
IkrafttredelseEiendomsskatteåret 2001
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-29-§8a-1
Kunngjort
KorttittelRetningsliner for kraftanleggsbeskatning

Kapitteloversikt:

Fastsett av Finansdepartementet 20. desember 2000 i samråd med Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) og med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 8 A-1 første og tredje leden.

I

1. Virkeområde og utgangspunkt

Desse retningslinene skal leggjast til grunn for berekning og fastsetjing av fordelingsnøklar for kommunevis fordeling av eigedomsskattegrunnlag for dei kraftanlegg der kommunefordelinga skal baserast på GAV, jf. eigedomsskattelova § 8 A-1 første og tredje leden.

Retningslinene gjeld berekning av fordelingsnøklar for alle kraftanlegg med kraftverk med installert effekt over 1.000 kW sett i drift pr. 1. januar 1997, samt kommunekryssande kraftanlegg av tilsvarande storleik som er sett i drift pr. 1. januar 2000. Retningslinene gjeld også for kommunefordeling basert på det gjenanskaffingsverdet (GAV) som vert fastsett av NVE i medhald av § 2 andre leden i forskrift av 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt på kraftanlegg.

Kommunevis fordeling av samla berekna GAV for særskilte driftsmiddel i kraftanlegg med kraftverk med installert effekt over 1.000 kW, skal baserast på den fysiske plasseringa av dei einskilde driftsmiddel, jf. punkt 5 og 6 nedanfor.

GAV for reguleringsanlegg med tilhøyrande driftsmiddel som er til nytte i fleire kraftverk som ligg nedanfor reguleringsanlegget, skal fordelast mellom alle slike kraftverk basert på den energiekvivalenten til det einskilde kraftverk som er registrert hos NVE pr. 1. januar 2000. Kraftverk med installert effekt mindre enn 1.000 kW skal haldast utanfor denne fordelinga.

Det skal takast omsyn til andel av GAV fastsett pr. 1. januar 1997 av ovanforliggende reguleringsanlegg også for kraftanlegg med kraftverk sett i drift i tida 1. januar 1997 til 1. januar 2000. Andel av GAV av reguleringsanlegg skal bereknast for vedkommande kraftanlegg utifrå kraftverket sin registrerte energiekvivalent hos NVE pr. 1. januar 2000. Dette gjeld likevel berre for kraftverk med installert effekt større enn 1.000 kW, jf. eigedomsskattelova § 8 A-1 første leden siste punktum, jf. tredje leden siste punktum. Om tilordning av GAV for ulike driftsmiddel som del av reguleringsanlegg eller vassveger, gjeld retningslinene i punkt 4.

2. Om NVE si rolle ved berekning av fordelingsnøklar etter eigedomsskattelova § 8 A-1 første og tredje leden

Desse retningslinene skal leggjast til grunn for NVE si rapportering til Skattedirektoratet av fordelingsnøklar for kommunevis fordeling av eigedomsskattegrunnlag for dei kraftanlegg der kommunefordelinga skal baserast på GAV, jf. § 2 i forskrift av 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt på kraftanlegg.

Endeleg rapportformat vert utarbeidd i samarbeid med Skattedirektoratet. På førespurnad frå Skattedirektoratet skal NVE leggja fram dokumentasjon av grunnlaget for berekning av kommunefordelingsnøklane.

Ved rapportering av fordelingsnøklar for kvart kraftanlegg skal opplysast kven som er eigar av kraftanlegget pr. 31. desember 1999 jf. Skattedirektoratet si liste.

3. Definisjonar

Med GAV er meint det gjenanskaffingsverdet for særskilte driftsmiddel i kraftanlegg som vart fastsett av NVE i medhald av forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmiddel i kraftforetak. Med GAV er også meint det berekna gjenanskaffingsverdet som NVE skal fastsetje for visse kraftanlegg i medhald av § 2 andre leden i forskrift av 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt på kraftanlegg.

For kraftanlegg som var sett i drift pr. 1. januar 1997 er berekning av GAV for kraftanlegga sine særskilte driftsmiddel basert på tilhøva pr. 1. januar 1997. Det skal ikkje takast omsyn til eventuelle endringar etter denne tid. For kraftanlegg som vart sett i drift i tida 1. januar 1997 til 1. januar 2000, skal berekninga av GAV baserast på tilhøva pr. 1. januar 2000.

Med kraftanlegg er meint «det egentlige produksjonsanlegget - kraftverket/kraftstasjonen - med tilhørende reguleringsanlegg eller andel i slike, med unntak av fjernledninger og fordelingsanlegg», jf. skatteloven § 18-1 andre leden bokstav a, jf. bokstav b. Kraftanlegg med kraftverk med ein samla installert effekt på mindre enn 1.000 kW skal ikkje omfattast.

Dei driftsmiddel som skal inngå i fordelinga skal i utgangspunktet tilsvara dei driftsmiddel som var omfatta av NVE sine berekningar av GAV etter forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 § 1-1. I 1997 vart gjenanskaffingsverdet berekna for desse hovudtyper av driftsmiddel i kraftanlegg: 

Kap. 3.0 Overføringer og reguleringsanlegg

1.Dammar
2.Vassveger
3.Hjelpetunnelar
4.Bekkeinntak med sjakter og tunnelar
5.Luker og tverrslagsporter
6.Lukesjakter
7.Pumper 

Kap. 4.0 Inntak/driftsvassveg

1.Dammar
2.Vassveger
3.Hjelpetunnelar
4.Bekkeinntak med sjakter og tunnelar
5.Svingesjakt/trykkluftbasseng
6.Luker og tverrslagsporter
7.Lukesjakter 

Kap. 5.0 Kraftstasjonsområdet

1.Kraftstasjonshall/-bygning med maskinteknisk utstyr
2.Adkomst- og hjelpetunnelar
3.Aggregater m/generator
4.Transformator
5.Høgspent koblingsanlegg
6.Kontrollanlegg
7.Hjelpeanlegg
8.Kablar
9.Kraftliner som ikkje reknast til monopoldel 

Kap. 6.0 Adkomstanlegg

1.Veger med underpunkter for vegtunnelar og bruer
2.Kaianlegg
3.Taubaner

GAV for adkomstanlegg skal ikkje inngå i fordelinga, jf. eigedomsskattelova § 8 A-1 første leden fjerde punkt.

Det vart ikkje berekna GAV for sjølve vassfallet (den rå vasskraft). Vassfall skal ikkje inngå i fordelinga.

Med reguleringsanlegg er meint anlegg for regulering av vassføringa i eit vassdrag, jf. skatteloven § 18-1 første leden bokstav c. I eit reguleringsanlegg vil dammar, overføringstunnelar og pumper inngå som særskilde driftsmiddel knytta til reguleringsanlegget.

4. Retningsliner om tilordning av GAV for driftsmiddel i de ulike kategoriar nemnt i punkt 3 som reguleringsanlegg eller vassveger

Ved innrapportering av tekniske data etter forskrift av 20. januar 1997 nr. 79, skulle overførings- og reguleringsanlegg førast under kap. 3 Overførings- og reguleringsanlegg. Inntaksanlegg og driftsvassveger skulle førast under kap. 4. Inntak/driftsvassveg, jf. grupperinga i punkt 3 foran. Nokre kraftforetak har ikkje rapportert etter desse forutsetningane, slik at overførings- og reguleringsanlegg kan være ført til kap. 4 og inntaksanlegg kan være ført til kap. 3. I slike høve er det naudsynt med manuell kontroll av kva for anlegg som er reguleringsanlegg og som skal fordelast på dei kraftverk som ligg nedanfor.

Tilløpstunnelar som også er senkingstunnelar (for kraftverk som ligg nedanfor og som har nytte av reguleringa) skal handsamast anten som reguleringsanlegg eller vassveg til kraftstasjonen, avhengig av korleis det vart innrapportert ved GAV-berekninga. I nokre døme har selskapa ført på ein passande andel av tilløpstunnelen som reguleringsanlegg.

Ved reguleringsanlegg er det oppført bl.a. lukestyringsanlegg og vasstandsmålarar. Reguleringsforeningar som svarer for reine reguleringar, fekk ved innrapportering av tekniske data etter forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 ikkje tilgang til kap. 5 der verdet av slike anleggsdeler er berekna. Dette medførte at slike anleggsdeler vart kommentert i «post 1.8 Kommentarer». For å få berekna GAV for slike anleggsdelar vart det oppretta eit eige driftsmiddel, som vart lagt under post 3.5. Ved berekning av kommunefordelinga skal slike anleggsdeler inkluderast i reguleringsanlegget.

5. Retningsliner for kommunefordeling av GAV for driftsmiddel som kryssar kommunegrenser

Kommunefordelinga skal baserast på ei berekning av kommunane sin andel av GAV for dei einskilde driftsmiddel basert på deira plassering i høve til kommunegrensene. For berekning av den einskilde kommune sin andel av GAV for driftsmiddel som krysser kommunegrenser, skal følgjande retningsliner leggast til grunn: 

Dammar:

Dammar som har ein kryssande kommunegrense skal fordelast i forhold til damvolum. Luker som ligg i dammen inngår i denne fordelinga. Ved kombinasjonsdammar skal kvar einskild damtype vurderast kvar for seg. Omløps- og flomløpstunnelar skal skiljast ut som eigne einingar og bereknast som vassveg. 

Vassveger:

Fordeling av vassveg skal skje ved at vassvegen med tilslutta driftsmiddel vert fordelt forholdsvis etter lengda.

Der ein vassveg går over frå f.eks. kanal til tunnel eller tunnel til rør, vert desse skilt ut som eigne einingar. Tunnel med greintunnelar vert skilt ut som eigne einingar.

Ein vassveg i form av tunnel har forskjellige funksjonar som bl.a. tilløpstunnel, overføringstunnel og avløpstunnel. Kvar av desse skal vurderast som eigne einingar. Tunnelen kan være delt opp i fleire driftsmiddel avhengig av tverrsnitt og drivemåte. Heile tunnelen skal vurderast som ei eining.

Tverrslag vert inkludert i tilhøyrande tunnel/sjakt.

Bekkeinntak med vassveg, luker og lukesjakter vert inkludert i tilhøyrande tunnel. Svingesystemet vert skilt ut som ei eiga eining. Dersom det er eintydig plassert i ein kommune, skal det tilordnast denne kommunen. Dersom kommunegrensa går gjennom dette området, skal svingesystemet fordelast med 50 pst. på kvar av de to kommunane.

Ein vassveg i form av rørgate, består av rør og fundamenter/grøft. Røret kan være delt opp i fleire driftsmiddel avhengig av rørtype og dimensjon, og rørgata kan være både i dagen og nedgravd. Heile rørgata skal vurderast som ei eining. 

Kraftstasjonar: (gjeld ein kraftstasjon)

Kraftstasjon består av bygg/hall, adkomst- og hjelpetunnelar, samt maskin- og elektrotekniske anlegg. Dei einskilde driftsmiddel i kap. 5.1 og 5.3 til 5.9 vert vurdert som eigne einingar, og vert fordelt kvar for seg. For kraftstasjonsbygg/-hall vil fordelinga bli gjort etter sprengningsvolumformelen i NVE sitt kostnadsgrunnlag for store kraftanlegg, jf. NVE publ. nr. 19/1995. Ellers skal kvart driftsmiddel fordelast med 50/50 til kvar kommune, dersom ikkje driftsmidlet er eintydig plassert i ein kommune. Driftsmiddel under pkt. 5.2 vert inkludert i kraftstasjonshallen, utanom adkomsttunnelen som vert vurdert for seg.

6. Om grunnlag for avgjerd av den geografiske plasseringa av driftsmiddel

Ved kommunegrenser i elver skal det leggjast til grunn at djupålen er kommunegrensa, jf. vassdragsloven av 15. mars 1940 nr. 3 § 2.

Grunnlag for stadfesting av den geografiske plasseringa av driftsmiddel skal vere basert på tilgjengelege koordinatfesta data for kraftstasjon, vassveg, inntak og dam. Desse dataene vert i hovudsak henta frå kart i målestokk 1:50.000. Kvaliteten er varierande med ein nøyaktigheit på +/- 50 m. Desse dataene er tilgjengelege i geografisk informasjonssystem (GIS) og kan kombinerast med dei nasjonale datasett N250/N50 frå Statens kartverk for å fastslå kommunegrensa. I tillegg kan det nyttast grunnlagsmateriale frå tekniske data som vart sendt inn i samband med fastsetjing av GAV.

Dersom det er vanskeleg å konstatera plasseringa av driftsmiddel og kommunane sin andel av eit driftsmiddel på dette grunnlaget, skal kraftverkseigar kontaktast for nærare opplysningar om den nøyaktige plasseringa av driftsmidlet i forhold til kommunegrensene. Ved uklårhet etter dette, skal NVE gjennomføra befaring.

II

Retningslinene trer i kraft straks, med verknad frå og med eiendomsskatteåret 2001.