Forskrift om særtilskot.

DatoFOR-2003-01-15-121
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertI 2003 hefte 2
Ikrafttredelse01.10.2003
Sist endretFOR-2008-12-15-1368 fra 01.01.2009
EndrerFOR-1992-10-13-761
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§67
Kunngjort11.02.2003
KorttittelForskrift om særtilskot

Hjemmel: Fastsett av Barne- og familiedepartementet (nå Barne- og likestillingsdepartementet) 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 67.
Endringer: Endra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 557 (heimel), 31 mai 2006 nr. 620, 15 des 2008 nr. 1368.

§ 1.Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Dersom foreldra ikkje blir samde om å halde ei markering av konfirmasjonen saman, kan begge foreldra påleggjast å yte særtilskot til den andre forelderen si markering. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.
0Endra ved forskrift 15 des 2008 nr. 1368 (i kraft 1 jan 2009).
§ 2.Særtilskot blir fastsett av tilskotsfuten på grunnlag av dei faktiske utgiftene som blir dokumenterte. Det kan ikkje påleggjast særtilskot dersom utlegget er lågare enn fullt tilskotsforskot per månad etter forskotteringslova.

Særtilskot skal fastsetjast slik at dei dokumenterte nettoutgiftene blir fordelte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira etter forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Særtilskot skal ikkje reduserast for samvær. Det skal ikkje fastsetjast særtilskot dersom den tilskotspliktige manglar full bidragsevne. Der foreldra held to markeringar av konfirmasjonen som fell tett saman i tid, skal særtilskotet fastsetjast som eit nettobidrag.

Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

0Endra ved forskrifter 31 mai 2006 nr. 620 (i kraft 1 juli 2006), 15 des 2008 nr. 1368 (i kraft 1 jan 2009).
§ 3.Særtilskot skal betalast i ein samla sum. Særtilskot kan likevel betalast i terminar dersom utlegget skal gjerast opp slik.
0Endra ved forskrift 15 des 2008 nr. 1368 (i kraft 1 jan 2009).
§ 4.Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003. Frå same tid blir forskrift av 13. oktober 1992 nr. 761 om særtilskot oppheva.