Forskrift om samla fastsetjing av tilskot i visse tilfelle.

DatoFOR-2003-01-15-122
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertI 2003 hefte 2
Ikrafttredelse01.10.2003
Sist endretFOR-2008-12-15-1369 fra 01.01.2009
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§75
Kunngjort11.02.2003
KorttittelForskrift om samla fastsetjing av tilskot

Hjemmel: Fastsett av Barne- og familiedepartementet (nå Barne- og likestillingsdepartementet) 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 75.
Endringer: Endra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 562 (m.a heimel), 31 mai 2006 nr. 619, 15 des 2008 nr. 1369.

§ 1.Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne før samværsfrådrag, eller samla tilskot før samværsfrådrag er høgare enn 25 prosent av den tilskotspliktige si inntekt, eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, skal avgjerdsorganet etter eige initiativ fordele tilskota til barna i same forhold. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring, eller når tilskotsfuten etter eige initiativ kan ta opp eit krav.

Regelen gjeld uavhengig av om den tilskotspliktige har barn med den same tilskotsmottakaren eller fleire tilskotsmottakarar, og uavhengig av om det gjeldande tilskotet er fastsett av det offentlege eller ved avtale.

Arbeids- og velferdsetaten fastsett nye tilskot for alle barna og fordeler desse i same forhold.

0Endra ved forskrifter 31 mai 2006 nr. 619 (i kraft 1 juli 2006), 15 des 2008 nr. 1369 (i kraft 1 jan 2009).
§ 2.Det gjeldande tilskotet skal berre endrast dersom reglane i barnelova kapittel 8 med tilhøyrande forskrift vil føre til ei endring på meir enn 12 prosent.
0Endra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 562 (i kraft 1 april 2004), 15 des 2008 nr. 1369 (i kraft 1 jan 2009).
§ 3.Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003.