Forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot

DatoFOR-2003-01-15-123
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertI 2003 hefte 2
Ikrafttredelse01.10.2003
Sist endretFOR-2016-06-06-580 fra 01.07.2016
EndrerFOR-1989-03-20-785
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§71, LOV-1981-04-08-7-§74
Kunngjort11.02.2003
KorttittelForskrift om fastsetjing av fostringstilskot

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Barne- og familiedepartementet (nå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet) 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 71 og § 74.
Endringar: Endra ved forskrifter 3 juni 2003 nr. 691, 18 des 2003 nr. 1656, 18 mars 2004 nr. 559, 29 juni 2004 nr. 1056, 26 april 2005 nr. 370, 31 mai 2005 nr. 502, 7 juni 2006 nr. 599, 13 april 2007 nr. 406, 12 juni 2007 nr. 610, 8 juni 2008 nr. 553, 15 des 2008 nr. 1367, 10 juni 2009 nr. 622, 25 mai 2010 nr. 725, 11 mai 2011 nr. 489, 23 mai 2012 nr. 447, 12 des 2012 nr. 1258, 30 mai 2013 nr. 555, 17 des 2013 nr. 1571, 25 mai 2014 nr. 680, 19 mai 2015 nr. 543, 16 juni 2015 nr. 707, 17 des 2015 nr. 1734, 6 juni 2016 nr. 580.

§ 1.Offentleg fastsetjing av fostringstilskot

Fostringstilskot til barn etter kapittel 8 i barnelova blir fastsett etter reglane i denne forskrifta med vedlegg.

0Endra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004).
§ 2.Fordeling av underhaldskostnaden for barnet mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira

Fostringstilskotet skal fastsetjast ut frå underhaldskostnaden, jf. § 3 i denne forskrifta, og forholdet mellom foreldra og barnet sine inntekter, jf. § 4 og § 5 i denne forskrifta. Andelen skal reknast ut frå kor stor del inntekta til den tilskotspliktige utgjer av foreldra si samla inntekt og den delen av barnet si inntekt som skal takast med. Tilskotet til kvart barn skal ikkje setjast høgare enn 5/6 av underhaldskostnaden.

0Endra ved forskrift 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009).
§ 3.Underhaldskostnaden

Ved offentleg fastsetjing skal det nyttast fastsette underhaldskostnader. Kostnadene omfattar forbruksutgifter, buutgifter og utgifter til barnetilsyn.

Forbruksutgiftene skal setjast i fire aldersgrupper: 0–5 år, 6–10 år, 11–14 og 15–18 år, og skal reknast ut frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) sitt referansebudsjett for forbruksutgifter. Endringane i forbruksutgiftene skal setjast til 1. juli det året barnet fyller 6, 11 eller 15 år.

Bukostnadene til barnet skal reknast ut frå Statistisk sentralbyrå (SSB) sine forbruksundersøkingar med utgangspunkt i gjennomsnittleg faktisk forbruk. Kostnaden skal vere felles for alle barn og skal gjelde utan omsyn til kvar i landet barnet bur.

Utgifter til barnetilsyn skal fastsetjast ut frå om tilskotsmottakaren mottek 64 prosent stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-10. Det skal setjast ulike beløp for heiltids- og deltidstilsyn. Tilsynsordningar på 33 eller fleire timar per veke skal reknast som heiltidstilsyn. Kostnadene skal reknast ut frå SSB sine foreldrebetalingsundersøkingar medrekna stønad til barnetilsyn og foreldrefrådrag i inntekt. Utgifter til skolefritidsordning skal setjast som ein eigen sats, inndelt i heiltids- eller deltidsordning. Skolefritidsordning inntil 25 timer per veke skal reknast som heiltidstilsyn, og skolefritidsordning inntil 10 timer per veke skal reknast som deltidstilsyn. Kostnadene skal reknast ut frå SSB si oversikt over gjennomsnittlege foreldrebetalingssatsar for skolefritidsordning. Når tilskotsmottakaren ikkje mottek stønad til barnetilsyn etter første punktum, skal det reknast faktiske utgifter opp til ein fastlagd sats redusert for mellom anna fordelen av foreldrefrådrag i inntekt. Ved fastsetjinga av denne satsen gjeld maksimalsatsane for barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-10. Når tilskotsmottakaren mottek tilleggsstønad etter folketrygdlova § 15-11, skal dei fastsette dagsatsane komme til frådrag i dei faktiske utgiftene. Utgifter til barnetilsyn utover fjerde skoleår skal berre takast med når tilskotsmottakaren mottek stønad til tilsynet etter folketrygdlova § 15-10 og § 15-11.

Til frådrag i dei samla kostnadene kjem den satsen for barnetrygd som gjeld når grunnlagstala i underhaldskostnaden blir endra kvart år.

For tilskot til barn over 18 år skal underhaldskostnaden for aldersgruppa 15-18 år nyttast, men slik at det ikkje skal gjerast frådrag for barnetrygd.

0Endra ved forskrifter 18 des 2003 nr. 1656 (i kraft 1 jan 2004), 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004), 31 mai 2005 nr. 502 (i kraft 1 juli 2005), 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009), 23 mai 2012 nr. 447 (i kraft 1 juli 2012), 6 juni 2016 nr. 580 (i kraft 1 juli 2016).
§ 4.Inntekt

Inntekta for kvar av foreldra skal setjast til personinntekt og positiv netto kapitalinntekt som overstig kr 10.000,- per år.

Har ein part inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta til og med inntektsåret 2005. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskot i næring i inntektsåret, framført underskot frå tidlegare år og godtgjering for arbeid til deltakar i deltakarlikna selskap.

Har ein part inntekt frå enkeltpersonføretak, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta frå inntektsåret 2006. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskot i næring i inntektsåret og framført underskot frå tidlegare år.

For personleg deltakar i aksjeselskap eller deltakarlikna selskap skal alle utdelingar frå selskapet til deltakaren reknast med ved fastsetjinga av positiv netto kapitalinntekt etter første leddet. Det gjeld også den delen av utdelinga som er skjerma for skattlegging hos deltakaren. For deltakar i deltakarlikna selskap skal ikkje den løpande fordelinga av selskapsoverskotet eller utdeling for å dekkje ordinær skatt takast med. Særskild godtgjering til deltakar i deltakarlikna selskap etter selskapslova § 2-26 første ledd blir rekna som personinntekt etter første leddet.

Når tilskotsmottakaren mottek kontantstøtte for tilskotsbarnet, utvida barnetrygd eller ekstra småbarnstillegg, skal dette leggjast til i inntekta til tilskotsmottakaren. Det same gjeld den fastsette fordelen av særfrådrag for einsleg forsytar. Skattefordelen skal setjast til halvparten når inntekta til bidragsmottakaren er i grenseområdet for når skatteplikt skal utløysast. Det skal ikkje takast omsyn til toppskatt ved fastsetjinga. Dersom nokre av ytingane i dette stykket er fordelte mellom foreldra som følgje av avtale om delt bustad o.a., skal ytingane leggjast til i kvar av foreldra si inntekt som tilskotsmottakarar slik dei er fordelte.

Inntekta skal fastsetjast etter skjønn når ein av foreldra ikkje legg fram etterspurd dokumentasjon, eller dersom det er grunn til å tru at forelderen held tilbake opplysningar som kan ha noko å seie for avgjerda. Det same gjeld når ein av foreldra er utan inntekt, eller inntekta er vesentleg lågare enn det han eller ho burde oppnå ut frå utdanning og evner, utan at forelderen kan gi ein rimeleg grunn til at han eller ho ikkje har inntekt eller at inntekta ikkje er høgare. Inntekta blir ikkje rekna for å vere vesentleg lågare dersom forelderen har ei inntekt som er opp til 20 prosent lågare enn det han eller ho elles burde kunne oppnå.

0Endra ved forskrifter 13 april 2007 nr. 406 (i kraft 1 mai 2007), 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009), 12 des 2012 nr. 1258 (i kraft 1 jan 2013).
§ 5.Inntekta til barnet

Der barnet sjølv har ei årleg inntekt på meir enn 30 gonger auka tilskotsforskot per månad etter forskotteringslova, skal meirinntekta til barnet reknast inn i den proporsjonale fordelinga av underhaldskostnadene. Når barnet er sjølvforsørgt, skal tilskot ikkje fastsetjast. Eit barn skal reknast for sjølvforsørgt når det har ei årleg inntekt på minst 100 gonger auka tilskotsforskott per månad.

0Endra ved forskrift 17 des 2015 nr. 1734 (i kraft 1 jan 2016).
§ 6.Tilskotsevne

Utrekna tilskot etter § 2 til § 5 i forskrifta her skal prøvast mot tilskotsevna til den tilskotspliktige. Det vil seie at tilskotet ikkje skal fastsetjast til eit høgare tilskot enn at den tilskotspliktige har att fastsette midla til skatt, eige underhald, buutgifter og underhald av eigne barn i eigen husstand.

Fastsette midla til skatt tek omsyn til skatt på allmenn inntekt før frådrag for gjeldsrenter o.a. og trygdeavgift. Som allmenn inntekt reknast i denne samanhengen den inntekta som er fastsett etter denne forskrifta § 4. Frådraga er minstefrådrag og personfrådrag. Minstefrådraget skal reknast ut frå satsane for pensjonsinntekt. Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 25 prosent, gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og 2 skal setjast til 1,07 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent.

Midla til eige underhald er satt som ein fast sats for einslege, og ein fast sats for sambuande/gifte. Satsane skal regulerast årleg i medhald av endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Satsane skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Satsane skal òg haldast vedlike ved at satsane blir samanlikna med større endringar som gjerast i Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) sitt standardbudsjett for forbruksutgifter.

Buutgifter for einslege og sambuande/gifte skal reknast ut frå SSB sine forbruksundersøkingar.

Midla til underhald av eigne barn i eigen husstand skal reknast gjennomsnittleg ut frå § 3 i denne forskrifta, men reduserast til det halve. Same sats skal nyttast for alle barn. For eigne barn i eigen husstand som det er avtalt delt bustad for, skal den gjennomsnittleg utrekna underhaldskostnaden reduserast til ein fjerdedel.

Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne, kan avgjerdsorganet etter eige initiativ fastsetje tilskota til barna som nærare fastsett i barnelova § 75 andre stykke med tilhøyrande forskrift.

0Endra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004), 29 juni 2004 nr. 1056 (i kraft 1 juli 2004), 26 april 2005 nr. 370 (i kraft 1 juni 2005), 17 des 2013 nr. 1571 (i kraft 1 jan 2014), 17 des 2015 nr. 1734 (i kraft 1 jan 2016).
§ 7.Maksimumsgrense for samla tilskotsplikt

Samla tilskot etter § 1 til § 6, § 11 og § 12 i denne forskrifta, medrekna tilskot til barn over 18 år, skal ikkje utgjere meir enn 25 prosent av inntekta til den tilskotspliktige etter § 4.

Når det samla tilskotet til fleire barn overstig maksimumsgrensa, kan avgjerdsorganet etter eige initiativ fastsetje tilskota til barna som nærare fastsett i barnelova § 75 andre stykke med tilhøyrande forskrift.

0Endra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004).
§ 8.Delt bustad

Når foreldra er samde om at dei har avtalt delt bustad etter barnelova § 36 første stykke for barnet og dokumenterer dette skriftleg, skal det leggjast til grunn at foreldra har dei same utgiftene per dag til barnet den tida barnet bur fast hos kvar av dei og at barnet bur like mykje hos begge. § 1 til § 7 i denne forskrifta skal nyttast tilsvarande.

0Endra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004).
§ 9.Samvær

Munnleg og skriftleg avtalt og offentleg fastsett samvær kjem som hovudregel til frådrag i tilskot utrekna etter § 1 til § 7 i forskrifta her. Der partane har ein avtale, men ikkje er samde om omfanget, skal det minste felles oppgitte samværet likevel leggjast til grunn. Dersom ein av partane ikkje gir opplysningar om omfanget av samværet, skal opplysningane frå den andre parten leggjast til grunn.

Regelen i første stykke gjeld ikkje dersom ein av partane hevdar at avtalen eller offentleg fastsett samvær og rettsforlik ikkje blir følgd opp, men samværet er lågare, og samstundes klart beviser at avtalen eller avgjerda ikkje kan leggjast til grunn.

Dersom unntaksregelen i andre stykke blir gjort gjeldande, blir det ikkje gitt noko samværsfrådrag med mindre parten klart beviser at det blir praktisert samvær etter ei lågare samværsklasse.

Samværsfrådraget heng saman med omfanget av samvær slik at dette er delt inn i fire samværsklasser. Frådraget skal gjevast som eit fast kronebeløp avhengig av kva for ei samværsklasse den tilskotspliktige kjem inn under og alderen til barnet. Frådraget er fastsett med utgangspunkt i kostnadene i § 3 andre og tredje stykke i denne forskrifta. Kronefrådraget omfattar utgifter til mat, drikke, helse- og hygieneartiklar, leik og fritid, og transportutgifter. For samværsklasse 3 og 4 er også buutgifter omfatta.

Det skal som hovudregel teljast netter for å finne ut kva samværsklasse den tilskotspliktige kjem inn under. Samværsklasse 1 gjeld ved samvær på 2 til 3 netter i gjennomsnitt per månad, klasse 2 ved samvær på 4 til 8 netter, klasse 3 ved samvær på 9 til 13 netter og klasse 4 ved samvær på 14 til 15 netter. Dersom hovudregelen ikkje kan nyttast og den tilskotspliktige har minst to dagar samvær i månaden, skal det teljast dagar, og slik at dagen blir delt inn i fire. Den tilskotspliktige kjem i desse tilfella inn under klasse 1.

0Endra ved forskrifter 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009), 16 juni 2015 nr. 707 (i kraft 1 juli 2015).
§ 10.Barnetillegg i trygd o.a.

Dersom den tilskotspliktige får pensjon, forsørgjartillegg frå Forsvaret eller anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, skal tilskotet før samværsfrådrag aldri setjast til ein lågare sum enn netto motteke barnetillegg. Når den tilskotspliktige betaler skatt, skal det takast omsyn til dette. Når den tilskotspliktige mottek forsørgjartillegg for fleire barn, skal tillegget delast likt mellom barna.

Dersom tilskotsmottakaren mottek slik offentleg yting der barnetillegg er ein del av stønaden, skal tilskotet etter samværsfrådrag aldri setjast høgare enn underhaldskostnaden redusert for tillegget. Første stykke andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

0Endra ved forskrift 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009).
§ 11.Skjønnsfastsetjing av tilskot

Tilskot skal reknast etter skjønn dersom

a.tilskotet skal fastsetjast etter § 76 i barnelova
b.ein av partane er busett eller arbeider og betalar skatt i utlandet
c.barnet er forsørgt av andre eller gifter seg.
0Endra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004), 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009).
§ 12.Endring og automatisk justering av tilskot

Ved fastsetjing av tilskot som tidlegare er fastsett av tilskotsfut, fylkesmann, domstol eller i avtale, skal det gjeldande tilskotet berre endrast dersom reglane i denne forskrifta vil føre til ei endring på meir enn 12 prosent.

Underhaldskostnaden og samværsfrådraget blir automatisk regulert når barnet går over til ei ny aldersgruppe. Dette gjeld likevel ikkje der tilskotet er fastsett etter § 10 eller § 11 i denne forskrifta. Justeringa blir gjort samstundes med at grunnlagstala i vedlegget til denne forskrifta blir endra.

0Endra ved forskrift 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 13).
§ 13.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003. Frå same tid blir forskrift av 20. mars 1989 nr. 785 om fastsetjing og endring av fostringstilskot oppheva.

0Endra ved forskrift 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 14).

Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot

Grunnlagstala her blir endra kvart år. 

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år. 

Forbruksutgifter og buutgifter 

Alderen til barnet0–5 år6–10 år11–14 år15 år og meir
Forbruksutgifter3 4894 8695 7946 644
Buutgifter2 5772 5772 5772 577
 

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 

64 prosent stønad
Heiltidsbarnehage547
Deltid, park219
 

Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 

64 prosent stønad
SFO inntil 20 timar per veke522
SFO inntil 10 timar per veke324
 

Frådrag 

Barnetrygd 

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad) 

Midlar til eige underhald og buutgifter 

EinslegeGifte/sambuande
Midlar til eige underhald8 2897 018
Buutgifter8 9075 456
 

Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand 

Barnet har ein bustadBarnet har delt bustad
3 2941 647

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 25 prosent, gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og 2 skal setjast til 1,07 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn. 

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) 

Alderen til barnet0–5 år6–10 år11–14 år15 år og meir
Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 10000
Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad)208301378436
Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad)6899981 2521 444
Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad)1 9532 3852 7393 007
Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad)2 4522 9943 4383 774
0Endra ved forskrifter 3 juni 2003 nr. 691 (i kraft 1 okt 2003), 18 des 2003 nr. 1656 (i kraft 1 jan 2004), 29 juni 2004 nr. 1056 (i kraft 1 juli 2004), 31 mai 2005 nr. 502 (i kraft 1 juli 2005), 7 juni 2006 nr. 599 (i kraft 1 juli 2006), 12 juni 2007 nr. 610 (i kraft 1 juli 2007), 8 juni 2008 nr. 553 (i kraft 1 juli 2008), 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009), 10 juni 2009 nr. 622 (i kraft 1 juli 2009), 25 mai 2010 nr. 725 (i kraft 1 juli 2010), 11 mai 2011 nr. 489 (i kraft 1 juli 2011), 23 mai 2012 nr. 447 (i kraft 1 juli 2012), 30 mai 2013 nr. 555 (i kraft 1 juli 2013), 17 des 2013 nr. 1571 (i kraft 1 jan 2014), 25 mai 2014 nr. 680 (i kraft 1 juli 2014), 19 mai 2015 nr. 543 (i kraft 1 juli 2015), 17 des 2015 nr. 1734 (i kraft 1 jan 2016), 6 juni 2016 nr. 580 (i kraft 1 juli 2016).