Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet (nå berre Nærings- og fiskeridepartementet) 28. august 2003 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 1, § 2, § 4, § 5, § 6, § 8, § 9, § 11, § 13, § 16, § 17, § 19, § 22 og § 26 og lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 6, § 7, § 8, § 14, § 15, § 19, § 23, § 24, § 25, § 26, § 28 og § 32, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.
EØS-tilvisingar: EØS-avtalen vedlegg I kap. I (direktiv 2006/88/EF).
Endringar: Endra ved forskrifter 9 jan 2004 nr. 185, 25 aug 2004 nr. 1214, 14 des 2004 nr. 1655, 22 des 2004 nr. 1801, 28 des 2005 nr. 1731 (heila forskrifta gitt på nytt etter endringar m.a. i heimel), 17 juni 2008 nr. 827, 18 des 2009 nr. 1707, 12 mars 2013 nr. 278, 18 april 2016 nr. 388.
Rettingar: 15.09.2004 (Merknader), 09.05.2005 (ansvarlig departement).

Kapittel I. Innleiande føresegner

§ 1.Føremål

Forskrifta skal medverke til at havbeitenæringa blir lønsam og konkurransekraftig innanfor rammene av ei berekraftig utvikling, medverke til verdiskaping på kysten og sikre god helse hjå akvatiske dyr.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld havbeite. § 16 fjerde ledd bokstav d, § 20 andre ledd bokstav c, e og h, § 21, § 22 og § 23 gjeld ikkje for pigghuder.

0Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meiner ein med:

a)Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar.
b)Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet.
c)Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap.
d)Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting.
e)Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.
0Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).

Kapittel II. Tildeling

§ 4.Tildelingsmynde

Fylkeskommunen kan etter søknad tildele løyve til havbeite og særskilt løyve til fôring og andre tiltak.

0Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
§ 5.Særlege avgrensingar ved tildeling

Fiskeridepartementet kan avgrense talet på tildelte løyve nasjonalt, regionalt og lokalt, for å sikre at havbeitenæringa får ei forsiktig utvikling med omsyn til konsekvensar for miljø, utøving av allemannsrett og andre næringsinteresser.

Fylkeskommunen kan behandle og innvilge søknader om løyve til havbeite med kamskjel (Pecten maximus) og hummar (Homarus gammarus) som er komne inn til fylkeskommunen før 31. desember 2016.

0Endra ved forskrifter 12 mars 2013 nr. 278, 18 april 2016 nr. 388.
§ 6.Søknad om løyve

Fylkeskommunen kan krevje dei opplysningar frå søkjaren som dei finn naudsynt for å handsame søknaden.

Søknad skal fyllast ut på skjema fastsett av Fiskeridirektoratet. Søknad etter denne føresegna skal fyllast ut i fem eksemplar som skal sendast til fylkeskommunen i det fylket lokaliteten ligg.

Søkjaren skal etter tilvisning frå kommunen syte for at beskriving av art og lokalisering av den omsøkte verksemda vert kunngjort i Norsk Lysingsblad og i to aviser som er fast lesne i området.

Søknaden skal mellom anna innehalde:

a)Kvittering for betalt sakshandsamingsgebyr, jf. § 34.
b)Kartkoordinatar for dei omsøkte lokalitetane samt kart kor desse er teikna inn.
c)Opplysningar om i kva for utstrekning søkjar ynskjer å gjennomføre tiltak før og i driftsfasen med tanke på å klargjere lokaliteten.
d)Plan for opprydding ved avslutning av verksemda.
e)Opplysningar om den planlagde drifta, her medrekna driftsplan, tilgang på havbeitedyr for utsett o.a.
f)Miljøtilhøve, her medrekna dokumentasjon av opphavet til havbeitedyra og dokumentasjon av miljøtilstanden på omsøkte lokalitetar, jf. § 7 andre og tredje ledd.
g)Opplysningar om lokaliteten, her medrekna planstatus for lokaliteten, avstand til vassdrag, verneområder, andre lokalitetar og anna akvakulturverksemd samt tilhøvet til allemannsretten o.a.
h)Opplysningar om i kva grad omsøkt drift vil kunne komme i konflikt med andre brukarinteresser i området.
0Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
§ 7.Ufråvikelege vilkår

Havbeiteløyve kan berre gjevast dersom

a)Det er miljømessig forsvarleg
b)Det er gjort ei veging av arealinteresser, med særleg vekt på
1.søkars behov for areal til planlagt akvakulturverksemd,
2.alternativ bruk av området til annan verksemd,
3.annan bruk av området til annan akvakultur,
4.verneinteresser som ikkje er omfatta av bokstav d, her medrekna vedtak om vern etter lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet;
c)det er gjeve dei løyve som vert kravd etter
1.lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv.,
2.lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall,
3.lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann, og
4.lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann, og
d)det ikkje er i strid med
1.vedtekne arealplanar etter plan- og bygningsloven 27. juni 2008 nr. 71,
2.vedtekne vernetiltak etter lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold, eller
3.vedtekne vernetiltak etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner.

Sjølv om løyve kan vere i strid med bokstav d) kan løyve gjevast dersom det ligg føre samtykke frå vedkommande plan- eller vernestyresmakt.

Fylkeskommunen skal konsultere Havforskningsinstituttet om råd etter fyrste ledd bokstav a). Havforskningsinstituttet skal som minimum gi råd om det er økologisk forsvarleg å drive havbeite på den omsøkte lokaliteten.

Av omsyn til miljøet og biologien til artene skal fylkeskommunane ikkje tildele løyve til etablering nord for Vestfjorden og ikkje løyve til havbeite med stort kamskjell frå Hå kommune i Rogaland sin sørgrense til svenskegrensen.

Løyve kan berre gjevast til utsett av havbeitedyr som er stadeigne.

0Endra ved forskrift 12 mars 2013 nr. 278.
§ 8.Andre vilkår for tildeling

Ved tildeling skal ein leggje stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader av tiltaket, her medrekna:

a)i kva grad den omsøkte verksemda vil vere med å realisere det potensialet som ligg i havbeitenæringa.
b)planlagd økonomisk verksemd søkjaren har i regionen, medrekna integrasjon med anna næringsverksemd til dømes ved samarbeid med andre næringsdrivande.
c)i kva grad den omsøkte verksemda vil avgrense utøving av allemannsretten i området, særleg med omsyn til tradisjonelt fiske, andre næringsinteresser og fritidsaktivitetar.
§ 8a.Uttaler frå andre myndigheiter

Forvaltningsmyndigheiter for fiskeri-, vilt-, naturvern- og friluftsinteresser skal ha høve til å uttale seg før løyve vert tildelt i høve til § 7 og § 8.

0Tilføyd ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
§ 9.Økonomisk garanti

Fiskeridirektoratet kan krevje at søkjar stiller fullgod økonomisk garanti for at gjenoppretting som nemnt i § 32 vert gjennomført.

0Endra ved forskrift 12 mars 2013 nr. 278.
§ 10.Særskilt løyve til fôring og andre tiltak

Fôring av havbeitedyr og andre tiltak i samband med verksemda skal godkjennast av fylkeskommunen etter samråd med Mattilsynet. Det må søkjast særskilt om slikt løyve. Søknaden skal sendast i to eksemplar, eventuelt elektronisk. Ved tildeling av særskilt løyve til fôring og andre tiltak skal sjukdomsfaglege og miljømessige tilhøve tilleggjast vesentleg vekt.

0Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
§ 11.Tidsavgrensing av løyvet

Løyve til havbeite skal gjevast for ein fastsett periode på 10 år. Løyvet kan gjevast for eit kortare tidsrom dersom det ligg føre særskilte grunnar. Søknad om forlenging av løyve må sendast seinast 6 månader før løyvet går ut.

0Endra ved forskrift 12 mars 2013 nr. 278.
§ 12.Krav til lokalitet

Ein havbeitelokalitet skal vere eit nærare avgrensa geografisk område definert av kartkoordinatar. Storleiken på lokalitetane vert fastsett i det enkelte løyve.

§ 13.(Oppheva ved forskrift 28. desember 2005 nr. 1731.)

Kapittel III. Etablering og drift

§ 14.Allmenne krav til etablering og drift

Havbeiteverksemda skal etablerast og drivast i samsvar med dei krava som går fram av løyvet, gjeldande regelverk og elles på ein slik måte at verksemda er teknisk, helsemessig, dyrevernmessig og miljømessig forsvarleg.

§ 15.Kompetanse

Alle som deltek i aktivitetar som er omfatta av denne forskrifta skal ha dei naudsynte faglege kvalifikasjonar for slik aktivitet.

§ 16.Driftsplan

Innehavar av løyve skal syte for at det vert utarbeidd driftsplan for havbeiteverksemda.

Kvart år innan 1. oktober skal innehavar av løyve levere inn driftsplan til vedkomande regionkontor til Fiskeridirektoratet. Planen skal gjere greie for drifta dei to neste kalenderåra.

Driftsplanen for det fyrste året skal godkjennast av Fiskeridirektoratet etter samråd med Mattilsynet.

Av planen må minimum gå fram:

a)opphav til dyr og kor mange dyr som skal setjast ut, tidspunkt for utsett, kva for ein lokalitet eller lokalitetar eller delar av lokalitet det skal setjast ut på,
b)eventuelle nye delområde av den godkjende lokaliteten som skal takast i bruk det neste året,
c)planlagt tidspunkt, metodar og omfang av gjenfangst av havbeitedyr,
d)planlagde tiltak i samband med sjukdomsutbrot, til dømes brakklegging av lokaliteten,
e)planlagt bruk av eventuelle anlegg og innretningar, og eventuelt vedlikehald av desse,
f)planlagde tiltak i samband med predatorkontroll, og
g)eventuelle planar om fôring og andre tiltak etter særskilt søknad jf. § 10.

Fiskeridirektoratet kan etter søknad godkjenne vesentlege endringar i planen.

0Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
§ 17.Melding om driftsoppstart og -stopp

Innehavar av løyve skal sende melding til Fiskeridirektoratet ved driftsoppstart. Det skal òg sendast melding når drifta vert stoppa.

§ 18.Tilsynsplikt

Innehavar av løyve skal ha jamnleg tilsyn med verksemda. Nærare reglar om dette kan fastsetjast i kvart enkelt løyve.

§ 19.Måleplikt

Fylkeskommunen kan fastsetje i det enkelte løyve at innehavar av løyve skal utføre målingar av den utsette arten. Det nærare innhaldet av måleplikta (kor ofte det skal målast, omfang, o.a.) skal gå fram av løyvet.

0Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
§ 20.Journalføring

Innehavar av løyve skal, ved heile tida å føre driftsjournal, kunne dokumentere å ha systematisk oversikt over havbeiteverksemda.

Journalen skal oppbevarast hos innehavar av løyve i minst 4 år, og kan krevjast framlagt av dei styresmaktene som er tillagt mynde etter denne forskrifta.

Journalen skal innehalde:

a)Ved kvart enkelt utsett: art, tal, opphav, alder og storleik på dei utsette dyra, tidspunkt for utsetjing, kor i lokaliteten dei vert utsett og gjennomsnittsvekt.
b)Haustingstidspunkt, haustingskvantum og mottakar.
c)Oppteke kvantum av sjuke og daude individ, handsaming og levering av daude individ, handsamingsmåte, kvantum levert, tidspunkt for levering og mottakar.
d)Dersom det er gjeve løyve til fôring: fôrtype (tørrfôr og våtfôr/mjukfôr), forbruk av fôr, fôrmjøltype, fôrprodusent og fôrmerke.
e)Resultat av gjennomførte helsekontrollar: tal på gjennomførte helsekontrollar, prøveuttak, føretatte undersøkingar, diagnosar og gjennomførte behandlingar.
f)Eventuell bruk av legemiddel og kjemikaliar.
g)Tiltak mot predatorar.
h)Brakklegging som ein følgje av sjukdom.
i)Resultat av ev. målingar etter § 19, medrekna tettleik, jf. § 23.
j)Inspeksjonstidspunkt, frekvens og omfang.
k)Miljødokumentasjon.
l)Eventuelle andre journalføringspliktige tilhøve som går fram av løyvet.

Kvantumsopplysningane skal spesifiserast på tal individ og samla vekt i kg.

Fiskeridirektoratet kan gjennom enkeltvedtak gje pålegg om at også andre forhold skal journalførast.

0Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
§ 21.Helsekontroll og varsling

Det skal gjennomførast risikobasert helsekontroll med akvakulturdyr på lokaliteten.

Ved auka dødstal, med unnatak av dødstal der ein er viss på at sjukdom ikkje er årsaka, eller ved mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom på lokaliteten skal helsekontroll gjennomførast utan unødig opphald for å avklare årsaksforhold.

Ved vedvarande auka dødstal skal ny helsekontroll gjennomførast innan 14 dagar, med mindre årsaksforhold er eintydig og avklart.

Når det er teke inn akvakulturdyr i ein lokalitet skal det gjennomførast minst ein helsekontroll før akvakulturdyr blir tekne ut av lokaliteten.

Mattilsynet skal bli varsla straks ved auka dødstal utan kjend årsak, eller dersom det er anna grunn til mistanke om sjukdom på liste 1, 2 eller 3.

0Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
§ 22.Helsekontrollen sitt innhald

Helsekontrollen skal utførast av veterinær eller fiskehelsebiolog. Etter løyve frå Mattilsynet kan det nyttast anna personell med tilsvarande kompetanse.

Ved kvar helsekontroll skal driftsjournalen til lokaliteten granskast. Lokaliteten skal inspiserast. Eit representativt utval av nett daude dyr eller dyr med unormal åtferd skal obduserast og relevante undersøkingar skal gjennomførast. Det skal særleg bli tatt sikte på å avdekke eventuell førekomst av sjukdom på liste 1, 2 og 3.

Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom skal det takast ut prøver og gjennomførast undersøkingar for å fastslå årsaka.

0Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).
§ 23.Tettleik av havbeitedyr

Mattilsynet kan treffe vedtak om maksimal tettleik på havbeitelokaliteten.

§ 24 - § 25.(Oppheva 1 aug 2008, jf. forskrift 17 juni 2008 nr. 827.)
§ 26.(Oppheva ved forskrift 28. desember 2005 nr. 1731.)
§ 27.Merking av havbeitedyr

Fylkeskommunen kan i det enkelte løyvet fastsetje krav om merking av havbeitedyr før utsetjing eller i samband med hausting.

0Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).
§ 28.Anlegg og innretningar

Etablering og bruk av anlegg og innretningar på havbotnen kan berre skje i den grad det går fram av løyvet. Slike anlegg og innretningar må formast ut og plasserast slik at dei ikkje utgjer noko trugsmål mot miljøet, jf. § 7 fyrste ledd.

§ 29.Merking av lokalitet

Fylkeskommunen kan påleggje merking av havbeitelokalitet og godkjenne merking etter søknad frå innehavar av løyvet.

0Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010).

Kapittel IV. Bruk og utnytting av lokalitet

§ 30.Gjenfangst

Innehavar av løyve til havbeite har einerett til gjenfangst av den utsette arten i lokaliteten. Gjenfangsten skal skje på ein slik måte at den er minst mogeleg til skade for ville bestandar. Bruk av botnskrape og botntrål er forbode.

Innehavar av løyve til havbeite har ikkje einerett til gjenfangst i lokaliteten før havbeitedyr er sett ut.

Det kan fastsetjast nærare reglar i løyvet om gjenfangst av den utsette arten og fangst av predatorar i lokaliteten uavhengig av anna fiskerilovgjeving.

§ 31.Anna bruk og utnytting

Aktivitetar i lokaliteten som kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten er ikkje tillate.

Fylgjande aktivitetar er i alle høve forbodne i lokaliteten dersom dei ikkje er ein del av havbeiteverksemda: garn, landnot, ringnot, ruse, teine og skjellskrape.

Fiskeridirektoratet kan ved vedtak dispensere frå forboda i andre ledd dersom desse aktivitetane i einskilde tilfelle likevel ikkje kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten.

Kapittel V. Tilbaketrekking og avvikling

§ 32.Oppryddingsplikt

Den som driv havbeiteverksemd pliktar så langt det er råd å gjenopprette miljøtilstanden i området ved avslutting av verksemda, medrekna å fange inn att dei utsette havbeitedyra. Anlegg og innretningar må fjernast ved avslutting av verksemda. Fiskeridirektoratet kan setje nærare frist for oppryddinga.

§ 33.Tilbaketrekking og endring

Eit løyve kan bli endra eller trekt attende i samsvar med akvakulturlova § 9.

Kapittel VI. Avsluttande føresegner

§ 34.Straff og andre reaksjonar ved brot på forskrifta

Brot på føresegnene i forskrifta eller vedtak gitt i medhald av forskrifta, kan medføre straff og andre reaksjonar etter lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. og lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur.

§ 35.Gebyr

For handsaming av søknad etter § 10 skal det ikkje betalast gebyr.

For handsaming av andre søknader etter denne forskrifta skal søkjar betale eit gebyr, jf. forskrift 21. desember 2001 nr. 1597 om innkrevning av gebyrer i forbindelse med akvakultur. Manglande innbetaling av gebyr medfører at søknaden ikkje vert handsama.

§ 36.Tilsyn og vedtak

Fiskeri- og kystdepartementet handhevar føresegna i § 5. Fiskeridirektoratet handhever føresegnene i § 1, § 2, § 4 til § 20, § 27 til § 33, § 34, § 35 og § 37 fyrste ledd.

Mattilsynet handhevar føresegnene i § 10, § 14, § 16, § 20 til § 26, § 34 og § 37 andre ledd.

§ 37.Dispensasjon

Fiskeridirektoratet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 fyrste ledd.

Mattilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 andre ledd såframt at det ikkje vil stride mot Noregs internasjonale plikter, herunder EØS-avtala.

§ 38.Ikraftsetjing

Denne forskrift tek til å gjelde straks.