Forskrift om godtgjering til andre som gjer teneste etter barnelova § 61 første ledd.

DatoFOR-2004-03-10-516
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertI 2004 hefte 4
Ikrafttredelse01.04.2004
Sist endretFOR-2007-12-14-1583 fra 01.01.2008
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§61, LOV-2003-06-20-40
Kunngjort16.03.2004
KorttittelForskrift om tenester etter barnelova § 61

Heimel: Fastsett av Barne- og familiedepartementet 10. mars 2004 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 61 andre ledd, jf. lov 20. juni 2003 nr. 40 om endringer i barneloven mv. (Nye saksbehandlingsregler i barnefordelingssaker for domstolene mv.).
Endringar: Endra ved forskrift 14 des 2007 nr. 1583.

§ 1.Forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 om salær fra det offentlige til advokater m.v. gjeld tilsvarande der retten oppnemnar annan eigna person etter barnelova § 61 nr. 4 og 7, viser partane til mekling hos annan person med innsikt i dei tvistepunkta saka gjeld etter barnelova § 61 nr. 2 og oppnemnar annan person enn advokat som representant for barnet etter barnelova § 61 nr. 5.

Retten skal fastsetje salæret etter timesats fastsett av Justisdepartementet jf. forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 § 2 første punktum. Dette gjeld berre der det ikkje høyrer til den alminnelege tenesteplikta å utøve rolla. Vedkomande kan ikkje krevje tapt arbeidsgodtgjering i staden for godtgjering etter forskrift 3. desember 1997 nr. 1441.

Dei som gjer teneste etter første ledd skal ha reisegodtgjering slik det er fastsett i reglane om skyss- og kostgodtgjering for offentlege tenestemenn.

§ 2.Der godkjend meklar får saka send frå retten etter barnelova § 61 nr. 2, gjeld forskrift 18. desember 2006 nr. 1478 om mekling etter ekteskapsloven og barneloven § 4 tilsvarande der meklinga vert utført av andre enn tilsette ved familievernkontora.
0Endra ved forskrift 14 des 2007 nr. 1583 (i kraft 1 jan 2008).
§ 3.Forskrifta her tek til å gjelde 1. april 2004.