Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

DatoFOR-2004-10-15-1338
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2004 hefte 13
Ikrafttredelse01.11.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2004-07-02-63 jf LOV-1996-12-20-106-§7, LOV-1996-12-20-106-§32, LOV-1996-12-20-106-§33, LOV-1996-12-20-106-§34, LOV-1996-12-20-106-§36, LOV-1996-12-20-106-§37, LOV-1996-12-20-106-§38
Kunngjort15.10.2004
KorttittelForskrift om overgangsreglar til tomtefestelova

Fastsett ved kgl.res. 15. oktober 2004 med heimel i lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. del III. Fremja av Justis- og politidepartementet.

§ 1.Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 7, § 32, § 33, § 34, § 36 første og andre ledd, § 37 og § 38 skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare.
§ 2.Regelen i § 36 tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1. januar 2007 eller seinare.
§ 3.Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i § 7, § 32, § 33, § 34, § 36, § 37 og § 38 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.
§ 4.Endringane i § 43 gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1. november 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i tomtefestelova § 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskrifta her.
§ 5.Forskrifta gjeld frå 1. november 2004.