Forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet

DatoFOR-2005-02-21-168
DepartementSamferdselsdepartementet
PublisertI 2005 hefte 3
Ikrafttredelse01.03.2005
Sist endretFOR-2015-09-18-1063 fra 01.01.2016
EndrerFOR-2000-03-20-302
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-07-04-83-§1-4, LOV-2003-07-04-83-§11-6, LOV-2003-07-04-83-§12-1, LOV-2003-07-04-83-§12-2, FOR-2013-06-14-619, LOV-2015-09-04-91-§53, FOR-1999-06-25-707, LOV-2001-06-15-81-§16a, LOV-2001-06-15-81-§24, FOR-2001-06-15-615, FOR-2001-06-15-611-§12
Kunngjort01.03.2005
KorttittelForskrift om gebyr til PT

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Samferdselsdepartementet 21. februar 2005 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) § 1-4, § 11-6, § 12-1 og § 12-2, jf. funksjonsfordelingsvedtak 4. juli 2003 nr. 881, lov 4. september 2015 nr. 91 om post (postloven) § 53, jf. delegeringsvedtak 25. juni 1999 nr. 707 og lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 24, jf. delegeringsvedtak 15. juni 2001 nr. 615 og forskrift 15. juni 2001 nr. 611 om krav til utsteder av kvalifiserte sertifikater mv. § 12.
Tilføyd heimel: Delegeringsvedtak 14. juni 2013 nr. 619.
EØS-tilvisingar: EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5ck (direktiv 2002/20/EF).
Endringar: Endra ved forskrifter 23 feb 2007 nr. 200, 18 des 2008 nr. 1570, 20 nov 2009 nr. 1391, 31 jan 2012 nr. 110, 19 des 2014 nr. 1858, 18 sep 2015 nr. 1063.

Kapittel I

§ 1.Gebyrfordeling mellom forvaltningsområde

Det samla beløpet som Post- og teletilsynet kan krevje inn som gebyr går fram av det årlege statsbudsjettet.

Av det samla beløpet skal:

1.49 % krevjast frå tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar, sertifikatutstedar som er registreringspliktig etter lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 18, eller som kjem inn under frivillige sertifiseringsordningar eller sjølvdeklarasjonsordningar, jf. § 16a, innehavar av løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar og verksemd som delar ut domenenamn under norske landtoppdomene.
2.41 % krevjast frå innehavar av frekvensløyve, og
3.8 % krevjast frå registrert importør, produsent og radioforhandlar, frå autorisert installatør og frå innehavar av løyve for aeromobilt utstyr og nødpeilesendar og anna radioutstyr og som gebyr for nasjonal godkjenning for radio- og terminalutstyr, og
4.2 % krevjast frå postoperatør.
0Endra ved forskrifter 23 feb 2007 nr. 200, 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 2.Gebyrperiode

Gebyr vert utmåla anten som eit eingongsgebyr eller som årleg gebyr for heile kalenderår (gebyrperiode).

Det skal betalast gebyr for kalenderåret når løyve, registrering eller autorisasjon er gyldig ved starten av kalenderåret. Det skal òg betalast gebyr for heile kalenderåret i det år registrering vert gjort, eller løyve eller autorisasjon vert gitt. Dersom løyve, registrering eller autorisasjon er oppsagt innan starten av eit kalenderår, skal det ikkje betalast gebyr for det følgjande året.

0Endra ved forskrift 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009).

Kapittel II

§ 3.Gebyr for løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar

Årleg gebyr for løyve til bruk av nummerressursar i nummerplan for telefon m.m. (E.164) er:

1.for løyve til bruk av 8- og 12-sifra nummer kr 10 000, eller der dette gir høgare gebyr:
a.for 8-sifra nummer i 8xx-serien kr 0,15 for kvart nummer,
b.for nummer i seriane 2, 3, 5, 6, 7 kr 0,03 for kvart nummer,
c.for 8-sifra nummer i seriane 4 og 9 kr 0,10 for kvart nummer,
2.for 4-sifra nummer i serien 18xx kr 3 000 for kvart nummer,
3.for 5-sifra nummer kr 2 000 for kvart nummer,
4.for 6-sifra EØS-harmoniserte nummer kr 2 000 for kvart nummer,
5.for kvart prefiks for val av tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett som brukast til offentleg tilgjengeleg elektronisk kommunikasjonsteneste kr 3 000.

Årleg gebyr for disponering av nummerressursar i andre nasjonale obligatoriske nummerplanar er for:

1.X.121 DNIC kr 3 000
2.X.121 PNIC (DNIC + 2 eller 3 siffer) kr 3 000
3.E.118 kortutgivarkode (IIN) kr 3 000
4.E.167 ISDN-nettkode for lukka brukargrupper kr 3 000
5.E.212 mobil nettkode (MNC) kr 3 000
6.E.214 nettkode (NC) for landmobile nett kr 3 000
7.Q.704 punktkodar for nasjonal signalering (NI=3) uavhengig av kor mange punktkodar som disponerast kr 3 000
8.Q.708 punktkodar for internasjonal signalering (NI=0) uavhengig av kor mange punktkodar som disponerast kr 3 000
9.T.35 leverandørkode kr 3 000
10.Tilbydarkode for tilbydarportabilitet kr 3 000.

Eingongsgegebyr for løyve til bruk og registrering etter frivillige nummerplanar er kr 3 000 for:

1.registrering av ADMD domenenamn for X.400 elektronisk post
2.registrering av PRMD domenenamn for X.400 elektronisk post
3.løyve til bruk av EDI-identifikator for bruk i EDIFACT
4.løyve til bruk av ISO-DCC nettadresse (NSAP-adresse)
5.løyve til bruk av objektidentifikator.
0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010), 19 des 2014 nr. 1858 (i kraft 1 jan 2015).
§ 4.Gebyr for tilbyder av postteneste

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsette årleg gebyr for tilbyder av postteneste i samsvar med lov 4. september 2015 nr. 91 om post (postloven) § 53. Det skal krevjast inn eit beløp som er i samsvar med § 1 andre ledd nr. 4.

0Endra ved forskrift 18 sep 2015 nr. 1063 (i kraft 1 jan 2016).
§ 5.Gebyr for sertifikatutstedar og registrering for domenenamn

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje årleg gebyr for sertifikatutstedar som er registreringspliktig i samsvar med lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 18, jf. § 3 og § 24, eller som kjem inn under frivillige sertifiseringsordningar, godkjenningsordningar eller sjølvdeklarasjonsordningar, jf. § 16a og forskrift om frivillige sjølvdeklarasjonsordningar for sertifikatutstedarar § 14.

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje årleg gebyr for verksemd som deler ut domenenamn under norske landkodetoppdomene i samsvar med lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon § 7-1, jf. § 12-1 og forskrift 1. august 2003 nr. 990 (domeneforskrifta).

0Endra ved forskrift 23 feb 2007 nr. 200.
§ 6.Gebyr for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar

Samla gebyr som skal fordelast mellom tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar er beløpet etter §1 andre ledd nummer 1, fråtrekt gebyr etter § 3 og § 5.

Beløpet etter første ledd skal fordelast forholdsmessig mellom tilbydarar med relevant omsetning over 30 millionar norske kroner i siste rekneskapsåret før gebyrperioden. Kvar tilbydar skal betale ein brøkdel av dette beløpet som svarar til tilbydaren sin brøkdel av den samla relevante omsetninga til dei som skal betale gebyr etter dette leddet. Relevant omsetning er omsetning i marknaden for elektronisk kommunikasjonsnett- og teneste, mellom anna sluttbrukaromsetning for eksternt sal i konsern eller selskap i marknader for telefoni, leide samband, breiband og kringkasting (unntatt satellittkringkasting), med meir, på eit overordna nivå og geografisk avgrensa til Noreg.

Post- og teletilsynet kan fordele gebyret etter andre kriterium enn omsetning, for å oppnå ei betre forholdsmessig fordeling av gebyret. Slike kriterium kan mellom anna vere brøkdel av talet på abonnentar eller brøkdel av trafikkvolum på sluttbrukarnivået. Der anna kriterium vert nytta, skal det gjelde for heile marknader eller delar av enkeltmarknader, jf. andre leddet. Fordelinga av gebyret etter slike kriterium skal skje etter tilsvarande retningslinjer som ved fordeling etter omsetning i andre leddet så langt dei passar. Det gjeld òg vurderinga av den samla aktiviteten eller andre grunnlag for kriteriet, blant anna det samla talet på abonnentar og det samla trafikkvolumet i konsern. Omsetningsgrensa i andre leddet første punktum gjeld tilsvarande.

0Endra ved forskrifter 23 feb 2007 nr. 200, 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009).

Kapittel III

§ 7.Gebyr for radioamatørløyve

Innehavar av løyve for radioamatørar skal betale kr 2 000 i eingongsgebyr.

0Endra ved forskrift 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009).
§ 8.Gebyr for frekvensløyve

Frekvensløyve er løyve til å ta i bruk delar av frekvensspekteret. Sendarløyve er eit frekvensløyve som gir rett til å ta i bruk spekteret med konkrete radiosendarar. Spektrumsløyve er eit frekvensløyve som gir rett til å nytte ein del av spekteret i eit geografisk område utan at det er definert kor radiosendarane skal plasserast.

Samla gebyr som skal fordelast mellom innehavarane av frekvensløyve etter § 8 til § 12, er beløpet etter § 1 andre ledd nummer 2, fråtrekt gebyr etter § 7 og § 13.

Beløpet etter andre leddet skal fordelast på denne måten:

1.40 % mellom dei med frekvensløyve for Profesjonell Mobil Radio og sendarløyve for lågeffektssystem. Lågeffektssystem er radiosendarar med maksimalt utstrålt effekt mindre enn eller lik 500 mW.
2.8 % mellom dei med sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester.
3.10 % mellom dei med andre sendarløyve enn dei som fell inn under nummer 1 og 2.
4.42 % mellom dei med spektrumsløyve.
0Endra ved forskrifter 23 feb 2007 nr. 200, 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 9.Gebyr for frekvensløyve for Profesjonell Mobil Radio og sendarløyve for lågeffektssystem

Innehavar av spektrumsløyve for Profesjonell Mobil Radio skal betale kr 100 000 for kvart PMR-nett dei har som nyttar to-frekvenssystem og kr 50 000 for kvart PMR-nett dei har som nyttar en-frekvenssystem. I tillegg må innehavaren betale kr 6 250 for kvar 12,5 kHz kanal som vert disponert. Om det regionale løyvet dekkjer meir enn to regionar, skal innehavaren betale som for eit landsdekkjande spektrumsløyve.

Innehavar av regionale spektrumsløyve for Profesjonell Mobil Radio skal betale eit fast beløp for kvar region løyvet gjeld, og kr 2 000 for kvar 12,5 kHz kanal som vert disponert. Fastbeløpet som innehavarane skal betale, går fram av tabellen under.

Region 1Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Buskerud, Telemarkkr 40 000
Region 2Aust-Agder, Vest-Agder, Rogalandkr 20 000
Region 3Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdalkr 20 000
Region 4Oppland, Hedmarkkr 20 000
Region 5Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelagkr 20 000
Region 6Nordland, Troms og Finnmarkkr 20 000

Samla gebyr etter § 9 første og andre ledd skal trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd nummer 1. Beløpet som då kjem fram, skal fordelast mellom innehavarane av sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio og sendarløyve for lågeffektssystem på denne måten: Basestasjonar og lågeffektsløyve vert tilordna ei vekt på 5. Mobile stasjonar vert tilordna ei vekt på 1. Ekstra en-frekvenskanal til eksisterande løyve vert tilordna ei vekt på 2. Gebyret for stasjonar og løyve for lågeffektssystem vert lik deira eiga vekt dividert på det samla talet på vekta stasjonar med sendarløyve og løyve for lågeffektsutstyr multiplisert med beløpet etter tredje leddet første punktum.

0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 10.Gebyr for sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester

Dei som har sendarløyve for riksdekkjande kringkastingsnett, skal betale ein gebyrkomponent på kr 500 000 for kvart nett, pluss gebyr for kvar sendar etter tredje ledd.

Dei som har sendarløyve for andre kringkastingsnett, skal betale ein gebyrkomponent på kr 2 000 for kvart nett, pluss gebyr for kvar sendar etter tredje ledd.

Samla gebyr etter første og andre ledd skal trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd nummer 2, og skal fordelast mellom dei som har sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester på denne måten: Gebyret for kvar sendar vert lik sendaren si vekt dividert på det samla talet vekta sendarar og deretter multiplisert med beløpet etter tredje ledd første punktum.

Sendarar som fell inn under fleire kategoriar, vert tilordna ei vekt som er lik produktet av vekta i kvar kategori. Sendarar vert tilordna vekt som i tabellen under.

KategoriVekt
Sendareffekt mindre enn 50 W3,0
Sendareffekt frå og med 50 til og med 1 000 W5,0
Sendareffekt større enn 1 000 W10,0
Sendar i frekvensband under 30 MHz50,0
Sendar i riksnett0,5
0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 11.Gebyr for andre sendarløyve

Gebyr for sendarløyve som ikkje fell inn under § 9 tredje ledd og § 10, vert fastsett etter denne paragrafen.

Dei som har sendarløyve for offentleg elektronisk kommunikasjonsnett på skip, skal betale ein gebyrkomponent for kvart løyve på kr 5 000 pluss kr 2 000 per skip løyvet gjeld for.

Sendarløyve for jordstasjonar for satellitt og stasjon til bruk til forsking vert tilordna ei vekt på 55.

Stasjon i radiotelemetrisystem, punkt til punkt/multipunkt, vert tilordna ei vekt avhengig av utstrålt effekt (e.r.p.) på denne måten:

a)Stasjonar med effekt under eller lik 0,5 W, vert tilordna ei vekt på 2.
b)Stasjonar med effekt høgare enn 0,5 W, vert tilordna ei vekt på 8.

Andre sendarar vert tilordna vekt som i tabellen under.

FrekvensbandBandbreiddVekt
Frekvensband lågare enn 1 GHzTil og med 25 kHz5,0
Frekvensband lågare enn 1 GHzFrå 25 kHz til og med 150 kHz8,0
Frekvensband lågare enn 1 GHzOver 150 kHz25,0
Frekvensband frå og med 1 GHz til 4 GHzTil og med 2 MHz8,0
Frekvensband frå og med 1 GHz til 4 GHzOver 2 MHz12,0
Frekvensband frå og med 4 GHz til 9 GHzTil og med 25 MHz10,0
Frekvensband frå og med 4 GHz til 9 GHzFrå 25 MHz til 55 MHz14,0
Frekvensband frå og med 4 GHz til 9 GHzFrå og med 55 MHz25,0
Frekvensband frå og med 9 GHz til 20 GHzTil og med 25 MHz6,0
Frekvensband frå og med 9 GHz til 20 GHzFrå 25 MHz til 55 MHz8,0
Frekvensband frå og med 9 GHz til 20 GHzFrå og med 55 MHz13,0
Frekvensband frå og med 20 til 40 GHzTil og med 25 MHz3,0
Frekvensband frå og med 20 til 40 GHzFrå 25 MHz til 55 MHz4,0
Frekvensband frå og med 20 til 40 GHzFrå og med 55 MHz7,0
Frekvensband frå og med 40 GHzTil 2,5 GHz2,0
Frekvensband frå og med 40 GHzFrå og med 2,5 GHz4,0

Samla gebyr etter andre ledd skal trekkjast frå beløpet etter § 8 tredje ledd nummer 4. Beløpet som då kjem fram, skal fordelast mellom dei som har sendarløyve, slik at gebyret for kvar sendar vert lik sendaren si vekt delt på det samla talet vekta sendarar og deretter multiplisert med beløpet etter sjette ledd første punktum.

0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 12.Gebyr for spektrumsløyve

Gebyr for spektrumsløyve som ikkje fell inn under § 9 første og andre ledd, vert fastsett etter denne paragrafen.

20 % av beløpet etter § 8 tredje ledd nummer 4 skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer. Dei skal òg betale gebyr etter tredje ledd.

Beløpet etter § 8 tredje ledd nummer 4, minus summen av dei faste gebyrkomponentane etter § 12 andre ledd, skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve i forhold til den bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar. Bandbreidda vert tilordna ei vekt lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Bandbreidda vert òg tilordna ei vekt som i tabellen under. Frekvensband som ikkje er nemnde i tabellen, vert tilordna ei vekt lik 1. For regionale løyve vert denne vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. Gebyret som vert rekna ut på grunnlag av disponert bandbreidd, er lik den vekta bandbreidda som spektrumsløvyet omfattar, delt på den samla vekta bandbreidda multiplisert med beløpet etter tredje ledd første punktum.

FrekvensbandVekt
47-68 MHz0,1
174-240 MHz7,0
380-430 MHz3,0
450-470 MHz5,0
470-790 MHz3,0
870-880/915-925 MHz4,0
880-915/925-960 MHz9,0
1785-1805 MHz7,0
1710-1785/1805-1880 MHz17,0
1900-1980/2110-2170 MHz20,0
 
0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 13.Andre frekvensgebyr

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr for internasjonal koordinering for satellittverksemd, gebyr for Forsvaret sine frekvensløyve, gebyr for frekvensløyve for maritim radioverksemd og gebyr for frekvensløyve knytt til luftfartsverksemd.

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr for frekvensløyve som ikkje er omfatta av reglane i fyrste ledd eller reglane i § 7 - § 12.

0Endra ved forskrift 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 14).

Kapittel IV

§ 14.Gebyr for løyve for aeromobilt radioutstyr

Eingongsgebyr for registrering av installert radioutstyr i luftfartøy er for:

1.fullt utstyrt luftfartøy over 9000 kg kr 6600
2.fullt utstyrt luftfartøy under 9000 kg kr 3300
3.luftfartøy som ikkje er fullt utstyrt kr 1300.

Årleg gebyr er kr 500 for:

1.løyve for aeromobilt radiokommunikasjonsutstyr om bord i luftfartøy
2.løyve for radionavigasjonsutstyr om bord i luftfartøy
3.løyve for pulsutstyr om bord i luftfartøy
4.løyve for nødpeilesendar (ELT) om bord i luftfartøy

Årleg gebyr for løyve for teleterminal om bord i luftfartøy er kr 1300.

Årleg gebyr for løyve for radioutstyr som kan overføre data/tale på landmobile, maritime og/eller private kanalar om bord i luftfartøy er kr 850.

0Endra ved forskrift 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 15).
§ 15.Gebyr for løyve for personleg nødpeilesendar

Årleg gebyr for løyve for personleg nødpeilesendar er kr 450.

0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 16), 19 des 2014 nr. 1858 (i kraft 1 jan 2015).
§ 16.Gebyr for registrert leverandør eller radioforhandlar

Gebyr for registrert leverandør av radio- og terminalutstyr er kr 7 000.

Gebyr for registrert radioforhandlar er kr 1 500.

0Endra ved forskrifter 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 17), 20 nov 2009 nr. 1391 (i kraft 1 jan 2010).
§ 17.Gebyr for autorisert verksemd

Samla gebyr etter § 14 - § 16 og § 18 skal trekkjast frå beløpet etter § 1 andre ledd nummer 3. Gebyret for kvar autorisasjon vert då beløpet som følgjer av første punktum, dividert på det samla talet på autorisasjonar.

0Tilføyd ved forskrift 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009). Endra ved forskrift 31 jan 2012 nr. 110 (i kraft 1 feb 2012).
§ 18.Andre gebyr

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr for nasjonal godkjenning av radio- og terminalutstyr og for løyve for radioutstyr som ikkje er omfatta av reglane i § 14 - § 16.

0Endra ved forskrift 18 des 2008 nr. 1570 (i kraft 1 jan 2009).

Kapittel V

§ 19.Unntak

Post- og teletilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå kapitel I, II, III og IV.

Stor variasjon i gebyret frå eit år til neste skal reknas som særleg høve når variasjonen ikkje er tilsikta.

§ 20.Klageinstans

Samferdselsdepartementet avgjer klage på enkeltvedtak etter forskrifta her.

§ 21.Sanksjonar

Dersom gebyr ikkje vert betalt kan Post- og teletilsynet innafor rammene til ekomloven § 10-8, trekkje tilbake løyve, nekte bruk og nekte å utferde nye løyve.

Bruk av sanksjonar endrar ikkje plikta til å betale fastsette gebyr.

§ 22.Iverksetjing mv.

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. mars 2005

Frå same tid som forskrifta tek til å gjelde vert forskrift 20. mars 2000 nr. 302 om gebyr til Post- og teletilsynet oppheva.