Forskrift om vern av produktnemninga Eplejuice frå Hardanger som beskytta geografisk nemning.

DatoFOR-2005-11-22-1468
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2005 hefte 15 (Vedlegg)
Ikrafttredelse20.12.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelFOR-2002-07-05-698-§15, LOV-2003-12-19-124-§30
Kunngjort16.12.2005
KorttittelForskrift om nemninga Eplejuice frå Hardanger

Kapitteloversikt:

Fastsett av Det sentrale Mattilsynet ved hovudkontoret 22. november 2005 med heimel i forskrift 5. juli 2002 nr. 698 om beskytting av opphavsnemningar, geografiske nemningar og nemningar for tradisjonelt særpreg på landbruksbaserte næringsmiddel, fisk og fiskevarer § 15.

§ 1.Beskytta produktnemning

Eplejuice frå Hardanger.

§ 2.Rettmessig brukar

Fellesjuice AS.

§ 3.Vilkår for bruk av produktnemninga
1.Produktbeskriving

Eplejuice frå Hardanger er ferskpressa juice av eple som er dyrka i Hardanger i inneverande sesong. Eplejuice frå Hardanger skal ha klar, lyst gul farge og lett syrleg og aromatisk eplesmak.

2.Geografisk område

Eplejuice frå Hardanger må vere laga av eple som er dyrka og pressa i Hardanger, som omfattar kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda.

3.Produksjonsmetode

Som råvare skal det brukast godt modne eple som er sorterte ut som presseple på fruktlagra i Hardanger. Eplesortane som skal brukast, er gravenstein, summerred, aroma og discovery. Samansetjinga kan variere med sesongen.

Når epla bli mottekne på saftpresseriet, skal dei notere tidspunkt for innkomsten, namnet på leverandøren, vekta og nummeret på den bingen lasset blir oppbevart i. Epla skal kontrollerast, og små eple, eple med ròte og parti med Brix < 10% blir ikkje godtekne. Eple til produksjon av Eplejuice frå Hardanger skal tømmast i eigne bingar. Maksimal lagringstid i bingen skal vere 20 timar.

Før epla blir mosa, skal dårlege eple sorterast bort, og epla skal spylast med vatn ved høgt trykk for å få bort eventuell ureinskap. Faste eple skal mosast til små partiklar. Masken skal varmast til 22-24 °C før han blir overført til ein mesketank, der han skal stå i ca. 2 timar, eller til det øvste laget sprekk. Før eplemasken blir pressa, skal det tilsetjast pektinase for å forbetre utbyttet.

For å hindre gjæring skal eplejuicen etter pressinga pasteuriserast ved minst 87 °C i 15 sekund, før han blir overført til ein lagringstank og tilsett pektinase på nytt og amylase. Eplejuicen skal stå i ca. 6 timar ved 20-22 °C.

Eplejuicen skal klarast ved å tilsetje bentonittleire og gelatin under røring i ca. 30 minutt. Deretter skal eplejuicen få stå til han er klar. Eplejuicen skal så separerast og pasteuriserast på nytt ved 87 °C i 15 sekund, før han blir kjølt ned til ca. 12 °C og overført til lagringstank. Juicen skal deretter leverast til tappeanlegg innan 6 timar. Temperaturen i juicen under transport skal ikkje overstige 12 °C.

På tappeanlegget skal juicen pasteuriserast ved 85 °C i 30 sekund før han blir kjølt ned. Juicen skal tappast på kartong same dag og overførast til kjølelager for uttransportering.

Juicen skal kontrollerast for Brix-tal og innhald av mikroorganismar både ved mottak på tappeanlegget, som nytappa vare og ved utløpet av bruksfristen. Berre juice som tilfredsstiller spesifikasjonane for råvare og ferdig produkt, skal kunne bruke den beskytta produktnemninga Eplejuice frå Hardanger.

4.Produktmerking

Eplejuice frå Hardanger kan merkast med teksten «beskytta geografisk nemning» og figurmerke for beskytta geografisk nemning.

§ 4.Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk 20. desember 2005.

Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området

Eplejuice frå Hardanger blir produsert av eple som er dyrka i Hardanger i sesongen og leverte frå fruktlagra i Hardanger.

Det kan dokumenterast at tradisjonen med pressing av eple til eplesaft i Hardanger går tilbake til slutten av 1700-talet. I 1818 skreiv prost Niels Hertzberg om hardangerbonden Knut Jåstad (f. 1744) at «han lærte sine Sambygdinger at gjøre sig nytte av de vilde Skovæplers saft. Han gjorde sig hertil presser med sterke Jernskruer og solgte Saften i Bergen». Vi kan gå ut frå at kunnskapen om pressing av eple til eplesaft allereie var kjend i distriktet. I perioden 1890-1920 var det fleire fabrikkar i Hardanger med stort sal av eplesider og eplesaft, bl.a. Cideriet og Aga Cideri og saft.

Eplejuice frå Hardanger er kjenneteikna ved ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Dette er eit resultat av samansetjinga av epleråstoffet, dei spesielle kvalitetane som kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger, og dei lange tradisjonane og kunnskapane om produksjon av eplejuice/eplesaft i Hardanger.

Eple dyrka i Hardanger har ein frisk og syrleg smak. Dette kjem av dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen i Hardanger gir. På grunn av plasseringa ved 60° N er klimaet i Hardanger kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt kjølig klima gir eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer (0,5-1,0%), bl.a. spesielt mykje C-vitamin. Samtidig sikrar varme og solrike sommardagar at det blir utvikla nok sukker i epla (11-13%). Også dei kjølige nettene om hausten er med på å gi auka syre- og sukkerinnhald rett før haustinga. Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.

I Hardanger er det lange tradisjonar for å presse eple til eplesaft/eplejuice. Produksjon av Eplejuice frå Hardanger byggjer på opparbeidd kunnskap og erfaring om kva for prosessar som gir best aroma, smak og produktutbytte.