Føresegn om kompensasjon for ulønt arbeidsinnsats i Skattefunn-godkjende forskings- og utviklingsprosjekt for inntektsåra 2002, 2003 og 2004.

DatoFOR-2006-02-07-123
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2006 hefte 3
Ikrafttredelse07.02.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelStortingsvedtak
Kunngjort10.02.2006
KorttittelFøresegn om ulønt arbeid i Skattefunn

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fornyings- og administrasjonsdepartementet 7. februar 2006 med heimel i Stortingets vedtak 17. juni 2005 vedrørande statsbudsjettet kap. 1500, post 73 Kompensasjonsordning for ulønnet arbeidsinnsats i Skattefunn, jf. St.prp.nr.65 (2004-2005).

I

§ 1.Bruksområde

Skattytaren kan etter reglane i denne føresegna få kompensasjon for ulønt arbeidsinnsats i Skattefunn-godkjende forskings- og utviklingsprosjekt utført i inntektsåra 2002, 2003 og 2004. Kompensasjon kan ikkje gjevast til skattytarar som har motteke støtte for slik arbeidsinnsats etter Skattefunn-ordninga.

§ 2.Definisjonar
(1) Forskings- og utviklingsprosjekt skal i denne føresegna oppfattast på same måte som i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 16-40-2.
(2) Forskingsinstitusjon skal i denne føresegna oppfattast på same måte som i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 16-40-3.
(3) Små og mellomstore bedrifter skal i denne føresegna oppfattast på same måte som i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 16-40-5.
(4) Med ulønt arbeidsinnsats er det i denne føresegna meint arbeidsinnsats som det ikkje er betalt ut vederlag for.
§ 3.Krav om kompensasjon, tidsfrist
(1) Skattytaren må setje fram krav om kompensasjon etter reglane i denne føresegna. Krav skal sendast til og vert handsama av Konkurransetilsynet.
(2) Kravet må setjast fram før 7. april 2006. Krav som vert framsette etter denne datoen vil ikkje verte handsama.
§ 4.Vilkår for å få kompensasjon
(1) Med dei avgrensingane som følgjer av § 5 - § 9, vert det gjeve kompensasjon for kostnader til ulønt arbeidsinnsats i forskings- og utviklingsprosjekt dersom følgjande vilkår er oppfylte:
a.Forskings- og utviklingsprosjektet må vere godkjent av Noregs forskingsråd, jf. forskrift til utfylling og gjennomføring av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 16-40-4, og godkjenninga må gjelde dei inntektsåra kompensasjonskravet refererer seg til, og
b.Skattytaren har levert årsrapportar og eventuell sluttrapport til Noregs forskingsråd for dei inntektsåra kompensasjonskravet refererer seg til, og
c.Skattytaren har kravd skattefrådrag for den ulønte arbeidsinnsatsen i tilknyting til prosjektet i vedlegg til sjølvmeldinga for det aktuelle inntektsåret.
(2) Dersom vilkåra i første ledd bokstav c ikkje er oppfylte, kan Konkurransetilsynet etter skjønn gje skattytaren kompensasjon for kostnader til ulønt arbeidsinnsats i forskings- og utviklingsprosjekt dersom timetalet det blir kravd kompensasjon for er tilstrekkeleg dokumentert, jf. § 5.
§ 5.Bevisbyrde
(1) Skattytaren skal dokumentere at det timetalet med ulønt arbeidsinnsats som det blir kravd kompensasjon for, er nytta til forskings- og utviklingsinnsats direkte knytt til godkjent forskings- og utviklingsprosjekt.
(2) Som dokumentasjon vert blant anna rekna:
a.Årsrapport, sluttrapport eller annan rapport til Noregs forskingsråd for dei inntektsåra kompensasjonskravet refererer seg til, der det går fram at skattytaren har utført ulønt arbeidsinnsats. Rapportane skal vere leverte inn ikkje seinare enn 1. oktober 2005.
b.Prosjektrekneskap der ulønt arbeidsinnsats er ført opp som ein kostnad.
c.Timelister, der det går fram kor mange timar med ulønt arbeidsinnsats som det blir kravd kompensasjon for. Dersom den aktiviteten som er utført går fram av timelistene, vil timelistene ha større bevisverdi enn dersom den utførte aktiviteten ikkje går fram.
(3) Skattytarar som krev kompensasjon etter § 4 andre ledd, bør vise fram attest frå revisor om at dokumentasjonen etter (2) i denne paragrafen er utarbeidd jamleg under arbeidet med prosjektet for dei åra som kompensasjonskravet refererer seg til.
(4) Konkurransetilsynet avgjer etter skjønn kor mange timar ulønt arbeidsinnsats som gjev grunnlag for kompensasjon.
§ 6.Berekning av kompensasjon

Med dei avgrensingar som følgjer av § 7 og § 8 skal kompensasjonen bereknast slik:

(1) Ved berekning av kostnader til ulønt arbeidsinnsats vert det lagt til grunn ein timesats på 500 kroner.
(2) Kompensasjonen skal utgjere 18% av kostnadene til ulønt arbeidsinnsats. For små og mellomstore bedrifter skal kompensasjonen utgjere 20%.
§ 7.Maksimalt grunnlag for berekning av kompensasjon
(1) Det må gjerast ei samordning av samla støtte frå Skattefunn til det forskings- og utviklingsprosjektet som kompensasjonskravet er knytt til. Samla kostnader til kvart forskings- og utviklingsprosjekt er avgrensa slik:
a.Skattytarens samla kostnader til sjølvutført forskings- og utviklingsprosjekt er avgrensa til 4 millionar kroner i inntektsåret.
b.Skattytarens samla kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt utført av forskingsinstitusjonar godkjende av Noregs forskingsråd er avgrensa til 8 millionar kroner i inntektsåret. Samla kostnadsgrunnlag etter bokstav a og b skal ikkje overstige 8 millionar kroner i inntektsåret.
(2) Ved samarbeidsprosjekt mellom fleire skattytarar gjeld kostnadsramma pr. prosjekt pr. år fordelt på deltakarane etter deira del i prosjektet.
(3) For selskap som nemnt i skatteloven § 2-2 andre ledd, gjeld kostnadsramma også for selskapet.
(4) I konsern etter aksjeloven § 1-3 og allmennaksjeloven § 1-3 skal prosjekt med innbyrdes samanheng behandlast som eitt prosjekt. Kompensasjonsgrunnlaget skal då behandlast som i andre ledd.
§ 8.Avgrensing av kompensasjon i forhold til reglane om bagatellmessig støtte

Kompensasjon som blir gjeve i medhald av denne føresegna, vil bli betalt ut som bagatellmessig støtte i samsvar med forordning (EF) nr. 69/2001.

(1) Der samla bagatellmessig støtte til skattytaren overstig 100.000 euro over ein periode på tre år, vert det gjort reduksjon i kompensasjonen.
(2) Skattytar som ikkje kan ta i mot bagatellmessig støtte, vil ikkje ha krav på kompensasjon etter denne føresegna.
§ 9.Dokumentasjonsplikt overfor forvaltningsmyndigheitene
(1) Skattytar som krev kompensasjon etter denne føresegna, skal i vedlegg til søknaden leggje fram kopi av:
a.Søknad til Noregs forskingsråd om godkjenning av det forskings- og utviklingsprosjektet som kompensasjonskravet gjeld,
b.Noregs forskingsråd si godkjenning av forskings- og utviklingsprosjektet for dei inntektsåra som det vert kravd kompensasjon for,
c.Årsrapport send til Noregs forskingsråd med godkjenning frå Noregs forskingsråd for dei inntektsåra som det vert kravd kompensasjon for,
d.Sluttrapport til Noregs forskingsråd med godkjenning frå Noregs forskingsråd for det forskings- og utviklingsprosjektet kompensasjonskravet gjeld dersom prosjektet er avslutta,
e.Sjølvmelding og fastsett skatteoppgjer for dei inntektsåra det vert kravd kompensasjon for, og opplysningar om det er klaga på eller gjort endringar i likninga,
f.Oversikt over samla skattefrådrag i Skattefunn for dei inntektsåra det vert kravd kompensasjon for,
g.Fullstendig oversikt over all bagatellmessig støtte skattytaren har motteke frå 1. januar 2003.
(2) Ved vurdering av kravet om kompensasjon vil det i tillegg verte lagt vekt på om søkjaren kan vise fram følgjande dokumentasjon:
a.Revisorgodkjend prosjektrekneskap som viser talet på timar med ulønt arbeidsinnsats fordelt pr. person og alle andre prosjektrelaterte kostnader,
b.Skatteetatens skjema RF 1053 «Frådrag i skatt for kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt» med revisorattestasjon for inntektsåra som det vert kravd kompensasjon for.
§ 10.Kompetanseforhold og høve til å klage
(1) Konkurransetilsynet avgjer ved enkeltvedtak om vilkåra i denne føresegna er oppfylte.
(2) Klage over avgjerda følgjer reglane i forvaltningsloven så langt den passar.
§ 11.Utbetaling av kompensasjon

Kompensasjon etter § 4 (1) vert utbetalt til skattytaren når rettskraftig vedtak ligg føre.

§ 12.Tilbakebetaling av kompensasjon

Kompensasjon etter denne føresegna skal betalast tilbake dersom skattytaren også får støtte for den aktuelle ulønte arbeidsinnsatsen gjennom skattefrådrag etter Skattefunn-ordninga. Vidare vil kompensasjon verte kravd betalt tilbake dersom skattytar har gitt urette opplysningar som har verka inn på berekning og utbetaling av kompensasjon.

II

Denne føresegna trer i kraft 7. februar 2006.