Forskrift om berekraftig skogbruk

DatoFOR-2006-06-07-593
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2006 hefte 8
Ikrafttredelse01.07.2006
Sist endretFOR-2015-10-01-1155
EndrerFOR-1997-04-07-1513
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-05-27-31-§4, LOV-2005-05-27-31-§6, LOV-2005-05-27-31-§9, LOV-2005-05-27-31-§20, LOV-2003-12-19-124-§18, LOV-2003-12-19-124-§33, FOR-2003-12-19-1790
Kunngjort09.06.2006
KorttittelForskrift om berekraftig skogbruk

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 7. juni 2006 med heimel i lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova) § 4, § 6, § 9 og § 20 og lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 18, jf. § 33, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.
Endringar: Endra ved forskrifter 2 feb 2015 nr. 88, 1 okt 2015 nr. 1155.

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å fremme eit berekraftig skogbruk som sikrar miljøverdiane i skogen, aktiv forynging og oppbygging av ny skog, og god helsetilstand i skogen, jf. § 1 i skogbrukslova.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for all skog og skogmark, jf. § 2 i skogbrukslova.

Kapittel 2. Miljøomsyn

§ 3.Plikta til å ta miljøomsyn

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sjå til at det blir teke nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar i samsvar med føresegnene i skogbrukslova.

Skogeigar skal sjå til at også dei som gjer arbeid i skogen tek slike omsyn.

§ 4.Miljødokumentasjon og miljøregistreringar

Skogeigar skal kunne gjere greie for dei miljøomsyn som ligg til grunn for planlagde eller utførte tiltak i skogen, jf. lov 9. mai 2003 nr. 31 om rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet (miljøinformasjonsloven).

Hogst kan normalt berre skje i område der det er gjennomført miljøregistreringar, jf. forskrift 4. februar 2004 nr. 449 om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer. Ved hogst i område der slike registreringar enno ikkje er gjennomførte, skal dei føre-var-tiltaka som er nedfelte i Norsk PEFC Skogstandard leggjast til grunn.

0Endra ved forskrift 2 feb 2015 nr. 88.
§ 5.Miljøomsyn ved skogbrukstiltak

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Norsk PEFC Skogstandard.

Etter hogst skal kvist og hogstavfall ryddast bort frå bekkar, elver og vatn, og frå vanleg brukte stiger, løyper og andre ferdselsårer der det er til unødig hindring for ferdsel.

Køyreskadar etter skogbrukstiltak må utbetrast snarast råd etter avslutta drift, slik at det ikkje oppstår unødig hindring for ferdsel i vanleg brukte stigar, løyper og andre ferdselsårer, eller oppstår nye bekkeløp.

Ved hogst skal det setjast igjen minst 5 stormsterke tre pr. hektar som livsløpstre, helst i grupper. Livsløpstrea skal primært veljast blant dei eldste trea.

Hogstar skal tilpassast landskapet. Der forholda biologisk, økonomisk og teknisk ligg til rette for det skal det brukast lukka hogstar, dersom ein kan oppnå god stabilitet for gjenståande tre og tilfredsstillande forynging på veksestaden.

Ved hogst i kantsoner mot vatn og vassdrag og mellom skog og anna mark skal kantsona sin økologiske funksjon takast vare på.

I forynging av barskog skal ein tilstreve eit minimum på 10% lauvtre.

Med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet, kan skifte av treslag i edellauvskog berre skje etter godkjenning frå kommunen.

Nygrøfting av myr og sumpskog med sikte på skogproduksjon er forbode.

Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar.

Bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Ved avgjerda skal kommunen leggje vekt på å unngå ukontrollert spreiing av slike treslag ved naturleg forynging.

Ved skogbrukstiltak skal det takast omsyn til kulturminne (jf. lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 4).

0Endra ved forskrift 2 feb 2015 nr. 88.

Kapittel 3. Forynging etter hogst

§ 6.Plikta til å forynge

Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging, jf. § 6 i skogbrukslova.

§ 7.Krav til forynging

Skogeigar skal gjennomføre nødvendige tiltak for å sikre tilfredsstillande forynging innan tre år etter hogst. Dersom forynginga skal skje ved planting skal ho vere gjennomført innan tre år etter hogsten.

Kommunen kan etter søknad gi utsetjing med denne fristen når det ut frå klimatiske og lokale forhold er nødvendig. Den nye fristen skal ikkje vere lenger enn 5 år etter hogsten.

§ 8.Tilfredsstillande forynging

Ved etablering av ny skog etter hogst skal tala i tabellen nedanfor leggjast til grunn. Tabellen gjeld både naturforynging og planting.

Gran- og/eller lauvdominert skogFurudominert skog
G26-G20G17-G14G11-G6F20-F17F14-F11F8-F6
Tilrådd plantetal pr. dekar300-180230-130140-60340-190240-120130-80
Minste lovlege plantetal pr. dekar1501005015010050

Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå annan vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av ønskja treslag gjer seg gjeldande.

Dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande må kommunen vurdere om det er nødvendig å påleggje tiltak for å få til tilfredsstillande forynging. Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som naturleg høyrer heime i området.

Kapittel 4. Tiltak mot skadar på skog

§ 9.Hovudprinsipp

Skogeigar er ansvarleg for at hogst, framdrift, behandling av hogstavfall, ungskogpleie og andre tiltak blir gjennomførte på ein slik måte at det ikkje oppstår fare for insektskadar eller andre skadar på skog.

Føresegnene i dette kapittel gjeld også for skog og tre i område som er utanfor virkefeltet i § 2 i skogbrukslova, og for plassar og terminalar der virke blir samla eller lagra.

§ 10.Overvaking av skogens helsetilstand

Kommunen skal overvake skogen av omsyn til fare for ulike skogskadar. I denne samanheng kan departementet påleggje kommunen å utarbeide oversikter og rapportar om skogen sin helsetilstand, og om resultata av dei tiltaka som blir sette i verk i medhald av denne forskrifta.

Departementet eller den det gir fullmakt kan gi nærare regler for spesielle oppgåver knytt til overvaking av skog.

§ 11.Førebyggjande tiltak

Når ein skogeigar har fått varsel om at det er risiko for sverming av skadeinsekt i eit område, skal ungskogpleie og tynningshogster gjennomførast etter at svermeperioden er avslutta. I ein slik situasjon skal også ferskt bartrevirke som bult, stammer og grove toppar transporterast ut av skogen eller gjerast uegna som ynglemateriale for insekt som kan skade skog.

Når skog er skada som følgje av storm, tørke, skogbrann, snøbrekk o.l. og det er gitt varsel om at det er risiko for insektsverming eller soppangrep, skal skogeigarar i vedkommande område sørgje for at nødvendige hogstar og oppryddingstiltak mv. blir gjennomførte så raskt som mogleg.

Terminalar med tømmer kan bli kravd overvaka med tanke på risiko for spreiing av skadegjerarar. Eigaren av tømmeret er ansvarleg for slik overvaking.

Fylkesmannen kan fastsetje fristar og nærare reglar for det som er nemnd i 1.-3. ledd.

§ 12.Transport og behandling av virke

Bartrevirke som skal transporterast bort frå skogen og staden for levering av virke (jf. § 11, 2. og 3. ledd), må transporterast ut før insekt som kan gjere skade på skog klekkjast. Gran hogd før 1. juli skal være transportert bort frå staden for levering innan 15. juli, og furu hogd før 1. juni skal være transportert bort innan 1. juli. Gran som blir hogd i juli og furu som blir hogd i juni, skal transporterast bort innan 4 veker.

Fylkesmannen kan gi nærare reglar med m.a. konkrete fristar for uttransport av virke innafor heile eller delar av fylket.

§ 13.Førebyggjande behandling av virke

Virke som blir behandla eller lagra slik at det blir uegna som ynglemateriale for insekt som kan gjere skade på skog, er unnteke frå § 12, dersom eitt eller fleire av følgjande tiltak er sett i verk:

1.Barking.
2.Lagring i vatn. Ved bunting må den delen av virket som ligg over vatn overrislast.
3.Overrisling.
4.Tildekking av velter. Granvirke kan lagrast såframt dei 3 øvste virkeslaga er dekt med f.eks. plastduk før insektsverming.
5.Veltesskrelling. Granvirke kan lagrast såframt dei 3 øvste virkeslaga blir kjørt bort eller barka etter insektsverming, men før 15. juli.
6.Behandling med godkjende preparat (insekticider). Godkjende preparat skal berre brukast i unntakstilfelle, og må ikkje påførast virke som skal fløytast, overrislast, lagrast i vatn eller trommelbarkast. Virke hogd før 1. mai må vere behandla innan denne dato. Seinare hogd virke må behandlast innan ei veke.
§ 14.Pålegg om tiltak

Kommunen kan påleggje skogeigar eller eigar av tømmer å gjennomføre hogst, utdrift, behandling av virke eller andre tiltak for å hindre omfattande skogskadar. Når det er nødvendig for samordninga av tiltak i fleire kommunar eller fylke kan departementet eller den det gir fullmakt gi pålegg etter denne føresegna.

Omsynet til biologisk mangfald, landskap og friluftsliv skal vurderast før eventuelle pålegg blir gitt, og ved gjennomføring av tiltak mot skogskadar.

Kjøparar av det virket som skogbruksstyresmakta har pålagt hogd, skal sørgje for at dette blir prioritert ved transport inn til industri og virkesterminal dersom behandling av virke etter § 13, ikkje er utført.

Kapittel 5. Avsluttande føresegner

§ 15.Tilsyn og opprettande tiltak

Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta og vedtak fatta med heimel i den blir følgt.

Kommunen skal ved stikkprøver kontrollere om nødvendige foryngingstiltak er gjennomførde og om forynginga er tilfredsstillande etablert, jf. § 7 og § 8. Fylkesmannen kan gi utfyllande retningsliner for slik kontroll.

Dersom eit skogbrukstiltak har ført med seg vesentlege skadar for naturmiljøet eller friluftslivet, kan kommunen påleggje skogeigaren å utføre opprettande tiltak.

§ 16.Dispensasjon

Kommunen kan dispensere frå føresegnene i forskrifta dersom særlege skog- eller miljømessige omsyn tilseier det.

Kommunen kan setje vilkår for dispensasjonen.

§ 17.Klage

Vedtak kommunen gjer etter denne forskrifta kan påklagast til Fylkesmannen.

§ 18.Straff

Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegnene i denne forskrifta blir straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år, jf. § 22 i skogbrukslova.

0Endra ved forskrift 1 okt 2015 nr. 1155.
§ 19.Tvangsmulkt

For å sikre at føresegnene i forskrifta blir følgt, og pålegg gitt med heimel i forskrifta blir gjennomførte, kan kommunen påleggje skogeigarar tvangsmulkt slik det er fastsett i § 23 i skogbrukslova.

§ 20.Iverksetjing

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 2006.

Frå same tid held forskrift 7. april 1997 nr. 1513 om tiltak mot insektskader m.v. på skog, opp å gjelde.