Forskrift til opplæringslova

Kapittel 1. Innhaldet i opplæringa

(Opplæringslova § 1-3, § 2-2 første ledd og femte ledd, § 2-3 tredje ledd, § 2-5 sjette ledd, § 2-6, § 3-1 tredje ledd, § 3-2 første ledd og § 3-4 første ledd og § 6-4)

§ 1-1.Opplæringa i grunnskolen

I grunnskolen skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den generelle delen av læreplanen, prinsipp for opplæringa, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga. Frå kravet i første punktum gjeld desse unntaka:

a)For spesialundervisning gjeld opplæringslova § 5-5. Reglane om spesialundervisning gjeld også for opplæring med utgangspunkt i dei læreplanalternativa som går fram av dei andre punkta i denne paragrafen.
b)Elevar i samisk distrikt, jf. opplæringslova § 6-1, skal ha opplæring i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk. Det same gjeld elevar utanfor samisk distrikt når dei får opplæring på samisk, jf. opplæringslova § 6-2 andre ledd.
c)Elevar som får opplæring i samisk utanfor samisk distrikt, skal ha opplæring i samsvar med det ordinære Læreplanverket for Kunnskapsløftet, men skal følgje Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk når det gjeld opplæringa i samisk.
d)Elevar med teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 2-6 har i teiknspråk, norsk, engelsk og musikk rett til opplæring i samsvar med læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for hørselshemma, engelsk for hørselshemma og drama og rytmikk for hørselshemma.
e)Elevar som har rett til særskild norskopplæring etter opplæringslova § 2-8, skal få opplæring etter tilpassing til læreplanen i norsk eller opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.
f)Elevar med rett til punktskriftopplæring med mer etter opplæringslova § 2-14 har rett til inntil 1525 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.

Skoleeigaren kan omdisponere inntil 5 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar/grupper eller årstrinn. Skoleeigaren gir forskrifter om fag- og timefordelinga for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timar mellom fag kjem fram. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

0Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 29 juli 2013 nr. 933 (i kraft 1 aug 2013), 14 juli 2015 nr. 902 (i kraft 1 aug 2015).
§ 1-1a.Rett til fysisk aktivitet

Elevar på 5.-7. årstrinn skal jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Tilsaman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga.

Den fysiske aktiviteten skal tilretteleggjast slik at alle elevar, utan omsyn til funksjonsnivå, kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon i skoledagen.

Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i kapittel 14 gjeld ikkje. Elles gjeld opplæringslova med tilhøyrande forskrifter.

0Tilføyd ved forskrift 30 juli 2009 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2009).
§ 1-2.Grunnskoleopplæring for vaksne

Læreplanverket for Kunnskapsløftet skal, så langt det passar, også brukast i grunnskoleopplæringa for vaksne. Opplæringa skal tilpassast vaksne og skal vere eigna til å føre dei vaksne fram til vitnemål etter §§ 4-31 flg.

0Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 1-3.Vidaregåande opplæring

Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet og den fastsette tilbodsstrukturen. Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den generelle delen av læreplanen, prinsipp for opplæringa, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.

a)Elevar som får opplæring ved ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 andre ledd, har i teiknspråk, norsk og engelsk rett til opplæring i samsvar med læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for hørselshemma og engelsk for hørselshemma.
b)Elevar med rett til punktskriftopplæring med meir etter opplæringslova § 3-10 har rett til inntil 456 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.

Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.

Skoleeigaren kan leggje fag på andre trinn enn det som er fastsett i fag- og timefordelinga. Skoleeigaren gir forskrifter der det kjem fram på kva trinn dei ulike faga skal liggje. Fag- og timefordelinga må sikre progresjonen i faga og at den vidaregåande opplæringa samla sett følgjer ordinær opplæringstid. Skoleeigarar som gir forskrifter om endra fag- og timefordeling, må òg tilby den ordinære fag- og timefordelinga.

0Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 14 juli 2015 nr. 902 (i kraft 1 aug 2015).
§ 1-4.Tid til opplæring og eksamen

I Læreplanverket for Kunnskapsløftet er fag- og timefordelinga fastsett. Tida som går med til eksamen, medrekna eventuell førebuingstid som blir teken frå undervisninga, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.

§ 1-4a.Tid til arbeid med elevråd og elevmedverknad

Alle elevar skal ha moglegheit og tid til å arbeide med saker knytt til elevdemokrati og medverknad i opplæringa. Arbeidet må vere godkjent av skolen.

0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2012 nr. 816 (i kraft 6 aug 2012).
§ 1-5.Særleg om fag- og timefordelinga i grunnskolen

For elevar som skifter skole gjeld den vedtekne timefordelinga for den skolen dei til kvar tid går på.

§ 1-6.Rammer for dagleg skoletid i grunnskolen

Undervisninga skal i regelen ikkje ta til før kl. 08.00 eller slutte etter kl. 15.30. Undervisninga kan organiserast i undervisningsblokker av ulik lengd.

§ 1-7.Bruk av skoletida i grunnskolen til anna enn grunnskoleopplæring

Når skoletida blir nytta til konfirmantundervisning etter § 36 i kyrkjelova, skal dei timane som fell bort, delast på alle faga i skolen. Andre trus- og livsynssamfunn har same retten til å bruke av skolen si tid som Den norske kyrkja har.

§ 1-8.Opplæring i framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag i grunnskolen

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, fordjuping i engelsk, norsk, samisk, matematikk eller opplæring i arbeidslivsfaget.

Skoleeigaren skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I ved kvar skole. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skoleeigaren bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

Skoleeigaren skal tilby opplæring i fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk, samisk eller matematikk ved kvar skole. Skoleeigaren bestemmer kva for fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skoleeigarar kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.

Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skoleeigaren bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.

Når ein elev har valt anten framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skoleeigaren godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.

0Endra ved forskrifter 12 april 2012 nr. 357 (i kraft 1 aug 2012), 20 feb 2013 nr. 228 (i kraft 1 aug 2013), 4 mars 2014 nr. 255 (i kraft 1 aug 2014), 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016).
§ 1-9.Nærmare om opplæring i framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag i grunnskolen

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, er unnatekne frå kravet om opplæring etter § 1-8. Desse elevane har likevel rett til opplæring i framandspråk eller fordjuping dersom dei ønskjer det, eventuelt også arbeidslivsfaget dersom skoleeigar tilbyr dette faget.

Elevar som får opplæring i finsk som andrespråk etter opplæringslova § 2-7, norsk teiknspråk etter opplæringlova § 2-6 eller særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, kan etter søknad bli fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk eller fordjuping.

Elevar som er unnatekne frå kravet om opplæring i framandspråk eller fordjuping, skal få forsterka opplæring i engelsk, norsk, samisk, finsk eller eit anna språk som eleven alt har eit grunnlag i.

0Endra ved forskrifter 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016).
§ 1-10.Opplæring i framandspråk i vidaregåande opplæring

Elevar i vidaregåande opplæring som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå II. Elevar som begynner med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå I. Elevar som på ungdomstrinnet ikkje har hatt opplæring i framandspråk i grunnskolen, skal ha opplæring både i nivå I og i nivå II i læreplanen når dei begynner med framandspråk i vidaregåande opplæring.

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, finsk som andrespråk eller norsk teiknspråk etter opplæringlova § 3-9, er unnatekne frå kravet om opplæring i framandspråk.

§ 1-11.Opplæring i skriftleg sidemål

For desse elevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:

a)elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk
b)elevar som har finsk som andrespråk
c)elevar som får opplæring i teiknspråk etter opplæringslova § 2-6 og § 3-9
d)elevar som får særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12.

Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-22 og § 4-15.

For elevar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, avgjerast spørsmålet om fritak frå opplæring i skriftleg sidemål etter reglane i opplæringslova kapittel 5.

0Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 1-12.Fritak frå opplæring i kroppsøving

Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg, jf. § 3-23. Rektor si avgjerd er eit enkeltvedtak.

0Endra ved forskrifter 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 1-13.Fritak frå fag for privatistar og vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei

Reglane i § 1-10, § 1-11, § 1-12 og § 1-16 gjeld også for privatistar og for vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei. Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak om godkjenning etter § 1-16.

Privatistar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har minst 5 år allsidig yrkespraksis, eventuelt inkludert opplæring i faget, er fritekne frå kravet om fellesfag for å få vitnemål som gir yrkeskompetanse. Det same gjeld vaksne som følgjer opplæring spesielt organisert for dei, og som har minst 5 år allsidig praksis, eventuelt inkludert opplæring i faget. Føresegnene om fritak frå fellesfag for å få yrkeskompetanse gjeld ikkje krava for å få generell studiekompetanse. I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring særskild organisert for dei etter kapittel 4A, er fritekne frå opplæring i faget kroppsøving.

0Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 22 aug 2012 nr. 822 (i kraft 27 aug 2012).
§ 1-14.Opplæring i valfag på ungdomstrinnet

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Elevane kan ha same valfag på fleire trinn eller dei kan velje nytt valfag på kvart årstrinn.

Skoleeigaren pliktar å setje i gang minst to ulike valfag per skoleår ved kvar skole. Skoleeigaren avgjer kva for valfag elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

0Tilføyd ved forskrift 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012).
§ 1-15.Tilbod om fag frå vidaregåande opplæring til elevar på ungdomstrinnet

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i læreplanverket, jf. § 1-1. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med læreplanverket. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Kommunen gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Før kommunen gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-25 tredje ledd.

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

Vaksne i grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 kan òg ta fag i vidaregåande opplæring etter denne føresegna.

0Tilføyd ved forskrift 23 mai 2008 nr. 934 (i kraft 22 aug 2008), endra ved forskrifter 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012, tidlegare § 1-14), 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).
§ 1-16.Godkjenning innan vidaregåande opplæring av tidlegare bestått opplæring i Noreg eller i utlandet

Ein elev som tidlegare har bestått eit fag som er det same faget, eller som er likeverdig med eller meir omfattande enn eit fag etter læreplanverket, skal få godkjenning for dette som bestått fag etter læreplanverket. Dette gjeld anten det aktuelle faget er bestått i Noreg eller i utlandet. Eleven må søkje rektor om slik godkjenning, og må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

Ein elev som har gjennomført og bestått eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 og/eller Vg2, kan søkje fylkeskommunen om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring. Denne ordninga gjeld for alle utdanningsprogramma. Fylkeskommunen skal vurdere søknaden og gje godkjenning når innhaldet i opplæringsåret i utlandet er likeverdig med eller meir omfattande enn opplæringa etter læreplanverket. Opplæringsåret i utlandet må ha hovudvekta på den fagkrinsen ein finn i det tilsvarande norske opplæringsåret, men det er ikkje krav om at den utanlandske opplæringa inneheld alle dei einskilde faga i det aktuelle utdanningsprogrammet. Søkjaren må leggje fram nødvendig dokumentasjon på den utanlandske opplæringa. Fylkeskommunen kan gje tilsegn om godkjenning på vilkår før eleven dreg til utlandet.

Avgjerd etter første og andre ledd er enkeltvedtak som det kan klagast på til fylkesmannen.

0Tilføyd ved forskrift 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), endra ved forskrift 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012, tidlegare § 1-15).
§ 1-17.Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Elevar i vidaregåande opplæring kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, om alle desse vilkåra er oppfylte:

a)Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12.
b)Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg.
c)Skolen tilbyr norskopplæring etter denne læreplanen.
0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2016 nr. 892 (i kraft 1 aug 2016).