Forskrift til opplæringslova

Kapittel 8. Ulykkesforsikring for elevar

(Opplæringslova § 13-3b)

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 8-1.Plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, men ikkje for elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 8-2.Krav til forsikringsordninga

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter forsikringslova.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 8-3.Kva forsikringa gjeld

Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 8-4.Når og kvar forsikringa skal gjelde

Forsikringa skal gi eleven dekning for ulykkesskade som har hendt

a.på opplæringsstaden i opplæringstida
b.på veg mellom heim og opplæringsstad
c.under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass
d.under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for
e.under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer

Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 8-5.Erstatning ved død eller ved varig medisinsk invaliditet

Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 8-6.Tilbakebetaling av utgifter til behandling

Fører ulykkesskaden i løpet av dei to første åra etter at skaden hende til utgifter til behandling av skaden, skal forsikringa dekkje dokumenterte og nødvendige utgifter til

-lege og tannlege
-Ved tannskadar skal forsikringa likevel alltid erstatte utgifter til første permanente tannstell (bru, krone o.l.), sjølv om dette skjer seinare enn to år etter skaden, dersom behandlinga skjer seinast ti år etter utgangen av det året skaden skjedde.
-medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege
-reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven.

Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.

Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 8-7.Avgrensingar i forsikringsdekninga

Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga av ulykkesskade som har si årsak i

-forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
-infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia
-smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande
-psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet
0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).