Forskrift til opplæringslova

Kapittel 9. Rådgivande folkerøysting om målform i grunnskolen

(Opplæringslova § 2-5 sjuande ledd)

§ 9-1.Kapitlet gjeld

Føresegnene i kapitlet gjeld rådgivande folkerøysting om skriftleg hovudmål i grunnskolen etter opplæringslova § 2-5 sjuande ledd.

§ 9-2.Røysterett

Røysterett har alle som bur i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 8-1, og som den 30. dagen før røystemøtet står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen, og seinast i det året folkerøystinga blir halden, vil ha fylt 18 år.

Røysterett har òg foreldre/forsytarar til barn på barnetrinnet ved skolen, og foreldre/forsytarar som har barn som er innskrivne der for å ta til på første trinnet, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Krav om å kome med som røystefør forelder/forsytar må vere levert eller framsett for kommunen seinast tre veker etter den første kunngjeringa om røysting.

§ 9-3.Ansvaret for røystinga

Kommunen har ansvaret for røystinga og skal sørgje for at det blir sett opp liste over dei som har røysterett etter § 9-2 andre ledd. Kommunen organiserer røystinga.

§ 9-4.Røystinga

Kommunen skal fastsetje tid og stad for røysting og syte for innkalling av dei røysteføre med minst 4 vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om

-kva røystinga gjeld
-kven som har røysterett
-tid og stad for røysting
-tid og stad for førehandsrøysting.

Så langt råd er, skal røystinga haldast på ei tid som høver for dei røysteføre. Røystinga skal vere skriftleg. Resultatet av røystinga er rådgivande, og kjem fram ved vanleg fleirtal.

Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.

§ 9-5.Nytt vedtak

Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det er gått 5 år.