Forskrift til opplæringslova

Kapittel 10. Skyss av elevar i vidaregåande opplæring

(Opplæringslova § 7-2)

§ 10-1.Fylkekommunens ansvar

Fylkeskommunen har ansvaret for skyss etter reglane i opplæringslova § 7-2 for elevar som er busette i fylket.

Fylkeskommunen kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

Fylkeskommunen har etter reglane i dette kapitlet ikkje ansvar for skyss når eleven vel eit anna tilbod om vidaregåande opplæring enn det fylkeskommunen gir.

§ 10-2.Full skyssgodtgjersle

Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella fylkeskommunen ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med fylkeskommunen så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må fylkeskommunen likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.

Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte etter satsane for utgifter ved reise for undersøking og behandling, jf. forskrift 7. april 2008 nr. 788 (sjuketransportforskrifta). I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane i sjuketransportforskrifta. Tapt arbeidsinntekt for den som kjører eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.

0Endra ved forskrifter 31 aug 2009 nr. 1217, 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).
§ 10-3.Vilkår for dispensasjon frå kravet om gratis skyss

Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter § 7-2 i opplæringslova kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:

-Fylkeskommunane må ha ei ordning med subsidierte rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50% av vanleg månadskort for vaksne.
-Eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skole, arbeid og fritidsaktivitetar.
-Rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjeld for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.
-Ordninga må omfatte minst heile skoleåret.
§ 10-4.Avgjerdsmyndigheit

Søknader om dispensasjon frå § 7-2 i opplæringslova blir avgjorde av departementet. Dispensasjon kan givast for eitt år om gongen.