Forskrift til opplæringslova

Kapittel 11. Særskilde reglar om fagopplæringa

Lærebedrifta

0Overskrifta endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).
§ 11-1.Godkjenning av lærebedrift

Kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, må vere godkjend av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-3 første og andre ledd. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne denne.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 11-2.Opplæringskontor og opplæringsring

Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og opplæringskontoret.

Ein opplæringsring består av to eller fleire bedrifter som samarbeider om opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 11-3.Rapportering frå lærebedrifta

Lærebedrifta pliktar å gi den informasjon som fylkeskommunen krev for å kunne vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast, og for å kunne fastsetje og utbetale tilskott.

Lærebedrifta skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

0Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).
§ 11-4.Fylkeskommunalt tilskott til lærebedrift

Fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett, skal betale tilskott for opplæring til lærebedrift, opplæringsring og opplæringskontor etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend lærekontrakt for lærlingar og praksisbrevkandidatar, og opplæringskontrakt for lærekandidatar.

Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, kan krevje refusjon av utgifter som er direkte relaterte til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten frå fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett.

Dersom ein lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat skifter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskott, gjere vedtak om fordelinga av dei forskjellige tilskotta mellom lærebedriftene.

Har fylkeskommunen gitt lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskott for denne delen av opplæringa.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 11-5.Tap av godkjenning

Fylkeskommunen kan dra godkjenninga som lærebedrift attende dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava i opplæringslova eller denne forskrifta. Lærebedrifta må ha ny godkjenning dersom det er gått meir enn to år frå siste avslutta lærekontrakt eller opplæringskontrakt.

0Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).