Forskrift til opplæringslova

Kapittel 15 - Krav om politiattest

0Heile kapittel 15 endra ved forskrift 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).
§ 15-1.Framgangsmåte

Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i opplæringslova § 10-9, § 13-6, § 13-7 og § 13-7a. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.

§ 15-2.Behandling av politiattest

Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter at attesten har vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta med heimel i opplæringslova § 10-9, § 13-6, § 13-7 og § 13-7a.

§ 15-3.Teieplikt

Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindre at uvedkomande får tilgjenge eller kjennskap til opplysningane, jf. forvaltningslova § 13 - § 13e og politiregisterlova § 47. Brot kan straffast etter straffelova § 121.