Forskrift til opplæringslova

Kapittel 17. Elevens rett til læremiddel på eiga målform

(Opplæringslova § 9-4)

0Overskrifta endra ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).
§ 17-1.Elevens rett til læremiddel på eiga målform

Eleven har rett til læremiddel på ønskja målform; nynorsk eller bokmål. Kravet til språklege parallellutgåver skal gjere det enklare for eleven å gjere seg nytte av opplæringa og sikre dei språklege rettane som eleven har.

I andre fag enn norsk kan det berre brukast læremiddel som ligg føre på nynorsk og bokmål til same tid, med mindre læremiddelet er omfatta av unntaka i § 17-2. Kravet til språkleg parallellitet gjeld berre for fag med årskull over 300 elevar.

Kravet om språklege parallellutgåver gjeld for læremiddel som skal brukast regelmessig i opplæringa og dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla eller er viktig for dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Med regelmessig meiner ein at læremiddelet blir brukt fast, over ei lengre periode eller jamleg. Når det er tvil om eit læremiddel dekkjer vesentlege delar av læreplanen i fag, skal skoleeigar vurdere saka konkret.

Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere enkeltståande eller gå inn i ein heilskap, og dekkjer aleine eller til saman kompetansemål i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Når det skal vurderast om læremiddelet er omfatta av kravet til parallellitet gjeld dei same vurderingane for trykte og digitale læremiddel.

0Endra ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).
§ 17-2.Unntak frå parallellkravet

Reglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa.

Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og likande kjem ikkje under kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.

Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve.

0Endra ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).
§ 17-3.Ansvaret til skoleeigar

Skoleeigar har ansvaret for at retten til eleven til læremiddel på si målform blir oppfylt etter § 17-1 og § 17-2. Dette gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar bokmål og nynorsk i kommunen eller fylkeskommunen. Skoleeigar skal ha eit forsvarleg system, jf. opplæringslova § 13-10, for å sikre at retten til eleven blir oppfylt.

0Endra ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).
§ 17-4.(Oppheva 1 aug 2010, jf. forskrift 30 juni 2010 nr. 1046.)
§ 17-5.(Oppheva 1 aug 2010, jf. forskrift 30 juni 2010 nr. 1046.)