Forskrift til opplæringslova

Kapittel 19. Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for vidaregåande opplæring

(Opplæringslova § 13-3 og § 3-9 femte ledd)

Refusjon av utgifter til opplæring for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar

§ 19-1.Generelt

Reglane her gjeld refusjon av utgifter til undervisning for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar.

Reglane gjeld i den utstrekning andre løysingar ikkje følgjer av andre føresegner eller er avtalte mellom eit heimfylke og eit skolefylke.

Reglane her omfattar ikkje

-elevar som blir dekte av landslinjeordninga
-elevar ved sentrale lærlingskolar
-elevar som blir dekte av fengselsundervisningsordninga
-elevar som blir lagde inn på sjukehus utanfor heimfylket medan dei er elevar ved ein vidaregåande skole.
§ 19-2.Definisjonar

Med gjesteelev er her meint elev som er teken inn til eit vidaregåande skoletilbod i ein fylkeskommune der eleven ikkje er registrert i folkeregisteret som busett per 1. januar det året kurset tek til.

Med heimfylke er meint den fylkeskommunen der ein elev er registrert som busett per 1. januar det året kurset tek til.

§ 19-3.Ansvar

Det er skolefylket sitt ansvar å bringe på det reine om vilkåra for å krevje refusjon er til stades.

§ 19-4.Refusjon

Det kan krevjast refusjon frå heimfylkeskommunen for gjesteelevar. For utrekning av refusjon for gjesteelevar skal kostnadsnøkkelen fastsett av Utdanningsdirektoratet nyttast.

For gjesteelevar som får spesialundervisning, betaler heimfylkeskommunen etter avtale. Heimfylkeskommunen fastset omfanget av spesialundervisninga etter sakkunnig tilråding frå vertsfylkeskommunen.

Fylkeskommunane avtaler særskild refusjon for andre gjesteelevar som er tekne inn

a)til teoriundervisning for lærlingar
b)etter førerett til inntak ved institusjonar der dei er langtidspasientar, med 6 læretimar per veke per elev avgrensa til 3 år.
0Endra ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).

Økonomisk ansvar for utgifter til opphald for teiknspråklege elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9

§ 19-5.Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for utgifter til opphald

Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til kost og losji for elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9.

Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til nødvendige sosialpedagogiske tiltak for elevar som har behov for hjelp med å finne seg til rette i skole- og fritida, mellom anna utgifter til nødvendig miljøpersonale.

Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar etter første og andre ledd gjeld elevar som er busette i fylket, og som må flytte heimanfrå for å få opplæring. Fylkeskommunen der eleven er busett, gjer det endelege vedtaket etter første og eventuelt andre ledd.

Økonomisk ansvar for utgifter til nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr

0Overskrifta tilføyd ved forskrift 25 aug 2009 nr. 1216.
§ 19-6.Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for utgifter til læremiddel og utstyr

Frå 1. august 2007 skal skoleeigar halde elevar på vidaregåande trinn 2 med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Frå 1. august 2008 gjeld ansvaret for elevar på vidaregåande trinn 3 og frå 1. august 2009 gjeld ansvaret elevar på vidaregåande trinn 1.

Dersom skoleeigar organiserer opplæringa på ein måte som krev at elevane må ha berbar pc, kan skolen krevje ein årleg eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for pc-en. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal eleven få behalde pc-en.

Elevar som ikkje fullfører opplæringa skal få tilbod om å kjøpe pc-en. Samla betaling kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet berekna på avbrotstidspunktet.

0Tilføyd ved forskrift 3 juli 2007 nr. 880 (i kraft 1 aug 2007), endra ved forskrift 25 aug 2009 nr. 1216.

Refusjon av utgifter til opplæring for elevar i barneverninstitusjonar utanfor heimfylke

0Overskrifta tilføyd ved forskrift 30 jan 2008 nr. 85 (i kraft 1 feb 2008).
§ 19-7.Satsar for refusjon

Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon etter barnevernlova ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-2 andre ledd.

Fylkeskommunen, der ein institusjon etter barnevernlova ligg, kan krevje refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der eleven var busett på det tidspunktet det blei gjort vedtak om plassering, etter desse satsane per elev per år:

a)Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
b)Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
c)Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.

Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for fylkesmannen i fylkeskommunen der institusjonen ligg.

Reglane i § 19-4 gjeld dersom elevane blir tekne inn til vidaregåande opplæring i eit anna fylke enn heimfylket eller fylket der institusjonen ligg.

0Tilføyd ved forskrift 30 jan 2008 nr. 85 (i kraft 1 feb 2008), endra ved forskrifter 4 des 2009 nr. 1478 (i kraft 1 jan 2010), 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).

Refusjon av utgifter til opplæring for pasientar i institusjonar for rusmiddelavhengige og institusjonar innanfor psykisk helsevern utanfor heimfylke

0Tilføyd ved forskrift 4 des 2009 nr. 1478 (i kraft 1 jan 2010).
§ 19-8.Satsar for refusjon

Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon for rusmiddelavhengige eller institusjon innanfor psykisk helsevern ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-3a andre ledd.

Fylkeskommunen der institusjonen ligg, kan krevje refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten var busett på det tidspunktet pasienten vart innlagd, etter desse satsane per elev per år:

a)Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
b)Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
c)Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.

Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for fylkesmannen i fylkeskommunen der institusjonen ligg.

0Tilføyd ved forskrift 4 des 2009 nr. 1478 (i kraft 1 jan 2010).