Forskrift til opplæringslova

Kapittel 19. Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for vidaregåande opplæring

Refusjon av utgifter til opplæring for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar

§ 19-1.Generelt

Reglane her gjeld refusjon av utgifter til undervisning for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar.

Reglane gjeld i den utstrekning andre løysingar ikkje følgjer av andre føresegner eller er avtalte mellom eit heimfylke og eit skolefylke.

Reglane her omfattar ikkje

-elevar som blir dekte av landslinjeordninga
-elevar ved sentrale lærlingskolar
-elevar som blir dekte av fengselsundervisningsordninga
-elevar som blir lagde inn på sjukehus utanfor heimfylket medan dei er elevar ved ein vidaregåande skole.
§ 19-2.Definisjonar

Med gjesteelev er her meint elev som er teken inn til eit vidaregåande skoletilbod i ein fylkeskommune der eleven ikkje er registrert i folkeregisteret som busett per 1. januar det året kurset tek til.

Med heimfylke er meint den fylkeskommunen der ein elev er registrert som busett per 1. januar det året kurset tek til.

§ 19-3.Ansvar

Det er skolefylket sitt ansvar å bringe på det reine om vilkåra for å krevje refusjon er til stades.

§ 19-4.Refusjon

Det kan krevjast refusjon frå heimfylkeskommunen for gjesteelevar. For utrekning av refusjon for gjesteelevar skal kostnadsnøkkelen fastsett av Utdanningsdirektoratet nyttast.

For gjesteelevar som får spesialundervisning, betaler heimfylkeskommunen etter avtale. Heimfylkeskommunen fastset omfanget av spesialundervisninga etter sakkunnig tilråding frå vertsfylkeskommunen.

Fylkeskommunane avtaler særskild refusjon for andre gjesteelevar som er tekne inn

a)til teoriundervisning for lærlingar
b)etter førerett til inntak ved institusjonar der dei er langtidspasientar, med 6 læretimar per veke per elev avgrensa til 3 år.
0Endra ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).