Forskrift til opplæringslova

Kapittel 20. Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring

0Overskrifta endra ved forskrift 10 des 2008 nr. 1467 (i kraft 1 jan 2009). Kapitlet endra ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
§ 20-1.Formålet med foreldresamarbeid

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. opplæringslova § 1-1 og § 13-3d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

0Endra ved forskrifter 10 des 2008 nr. 1467 (i kraft 1 jan 2009), 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
§ 20-2.Foreldreutvalet for grunnopplæringa

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. Mandatet til utvalet omfattar grunnskolen og første året av vidaregåande opplæring.

FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og skal vareta foreldra sine interesser i skolesamanheng.

0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
§ 20-3.Foreldresamarbeid i grunnskolen

Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.

Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

Foreldra skal få munnleg eller skriftleg:

a)varsling om eleven sitt fråvær
b)varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
c)informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter opplæringslova og forskrifta
d)anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving.
0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
§ 20-4.Foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring

Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret.

Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg:

a)varsling om eleven sitt fråvær
b)varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
c)informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta
d)anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.
0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).