Forskrift til opplæringslova

Kapittel 24. Innføringstakt for Læreplanverket for Kunnskapsløftet og overgangsordningar frå L97 og Reform 94 til Kunnskapsløftet

Grunnskolen

§ 24-1.Grunnskolen

Frå og med 1. august 2006 skal 1. til 9. årstrinnet ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inklusive ny fag- og timefordeling. Frå og med 1. august 2007 skal 10. årstrinnet ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inklusive ny fag- og timefordeling.

Første eksamen i grunnskolen etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet er våren 2008.

Læreplan i Kunnskapsløftet for framandspråk og språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk blir innført på 8. årstrinnet frå og med 1. august 2006, på 9. årstrinnet frå og med 1. august 2007 og på 10. årstrinnet frå og med 1. august 2008. Frå og med 1. august 2006 til og med 31. juli 2008 skal læreplanen i tilvalsfag og vurderingsordningane i L97 gjelde for dei årstrinna som ikkje har framandspråk eller språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. (Dvs. at eleven og foreldra kan velje om eleven skal ha vurdering med karakter i tilvalsfag. Dersom ein vel vurdering med karakter i tilvalsfag, skal det setjast terminkarakter og standpunktkarakter. Karakter i tilvalsfag tel ikkje ved inntak til vidaregåande opplæring.)

Faget programfag til val på ungdomstrinnet blir obligatorisk frå og med 1. august 2008. Frå og med 1. august 2006 til og med 31. juli 2008 kan faget programfag til val innførast lokalt på ungdomstrinnet. Departementets retningslinjer for lokal utarbeiding av læreplan for programfag til val skal da leggjast til grunn. Der ein lokalt ikkje innfører faget programfag til val, skal ein følgje læreplanen «Skolens og elevenes valg» i L97. Både for lokalt utarbeidd læreplan for programfag til val i Kunnskapsløftet og læreplanen «Skolens og elevenes valg» frå L97 gjeld timeramma for programfag til val i Kunnskapsløftet og vurderingsordningane for tilvalsfag i L97.

31. juli 2006 blir læreplanane i L97 trekte tilbake for 1.-9. trinn. 31. juli 2007 blir læreplanane i L97 trekte tilbake for 10. trinn. Læreplanen «Skolens og elevenes valg» blir trekt tilbake frå og med 31. juli 2008. Siste eksamen i grunnskolen etter læreplan i L97 er våren 2007.

Utdanningsdirektoratet fastset nødvendige justeringar i overgangsperioden når det gjeld eksamensordningar og vitnemålsformular i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Det gjeld også dei som har avvikande lokalt startstidspunkt for Kunnskapsløftet på grunnlag av særskild søknad.

Vidaregåande opplæring

§ 24-2.Poengutrekning ved inntak frå grunnskolen til vidaregåande opplæring

Frå og med 1. august 2006 til og med 31. juli 2008 skal eventuell karakter i tilvalsfag og «Skolens og elevenes valg» med læreplan frå L97 ikkje telje med i poengutrekninga ved inntak til vidaregåande opplæring. Det same gjeld eventuell karakter i faga framandspråk, språklig fordjuping i engelsk, norsk eller samisk og programfag til val i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

§ 24-3.Overgang til vidaregåande opplæring i studieførebuande utdanningsprogram for elevar som har hatt framandspråk i grunnskolen

Elevar som fullfører 10. årstrinnet skoleåra 2005/2006, 2006/2007 og 2007/2008 med framandspråk som tilvalsfag, kan innanfor tilbodet på skolen dei skal gå på, velje

a)å halde fram på nivå II i det framandspråket dei har hatt på ungdomstrinnet
b)å ta eit nytt framandspråk på nivå I som dei ikkje har hatt opplæring i tidlegare
c)å begynne på nytt på nivå I i det språket dei har hatt på ungdomstrinnet, eller
d)å ta framandspråk på nivå I og nivå II over tre år.

Elevar som fullfører 10. årstrinnet skoleåra 2006/2007 og 2007/2008 med løyve til å bruke læreplanen for framandspråk i Kunnskapsløftet, kan, innanfor tilbodet på skolen dei skal gå på, velje mellom alternativ a og alternativ b, jf. første ledd.

§ 24-4.Overgang til vidaregåande opplæring i studieførebuande utdanningsprogram for elevar som ikkje har hatt framandspråk i grunnskolen

Elevar som fullfører 10. årstrinnet skoleåra 2005/2006, 2006/2007 og 2007/2008 utan framandspråk som tilvalsfag, kan innanfor tilbodet på skolen dei skal gå på, velje

a)å ta eit framandspråk på berre nivå I over to år, eller
b)å ta eit framandspråk på nivå I og nivå II over tre år.

Elevar som fullfører 10. årstrinnet frå og med skoleåret 2008/2009 med læreplanen for fordjuping i norsk eller engelsk i Kunnskapsløftet, skal innanfor tilbodet på skolen dei skal gå på, ta framandspråk på nivå I og nivå II over tre år.

Elevar i grunnskolen må gjerast kjende med at dersom dei ikkje vel framandspråk på ungdomstrinnet, vil timetalet til valfrie programfag i vidaregånde opplæring av denne grunn bli redusert med 140 timar, jf. § 1-10.

§ 24-5.Innføring av Læreplanverket for Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring

Frå og med 1. august 2006 skal vidaregåande trinn 1 ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet i fag som i samsvar med fag- og timefordelinga ligg på vidaregåande trinn 1. Frå og med 1. august 2007 skal vidaregåande trinn 2 ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet i fag som i samsvar med fag- og timefordelinga ligg på vidaregåande trinn 2. Frå og med 1. august 2008 skal vidaregåande trinn 3 ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet i fag som i samsvar med fag- og timefordelinga ligg på vidaregåande trinn 3.

Elevar som har fått rett til utvida opplæring etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, kan likevel fullføre opplæringa etter læreplanen for Reform 94. Det må skje innan dei tidspunkta som er fastsette i § 24-5 til § 24-7.

Første sentralt gitte eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet er våren 2007 for fag som i samsvar med fag- og timefordelinga blir avslutta på vidaregåande trinn 1, våren 2008 for fag som i samsvar med fag- og timefordelinga blir avslutta på vidaregåande trinn 2, og våren 2009 for fag som i samsvar med fag- og timefordelinga blir avslutta på vidaregåande trinn 3.

Lokalt gitt eksamen skal følgje same innføringstakt som sentralt gitt eksamen. Fylkeskommunen kan bestemme at første eksamen i fag med lokalt gitt eksamen i staden skal vere om hausten same året som Læreplanverket for Kunnskapsløftet i faget skal takast i bruk.

Der programfag ikkje er knytte til spesifikke årssteg i fag- og timefordelinga i Kunnskapsløftet, fastset Utdanningsdirektoratet tidspunktet for første eksamen i faga.

§ 24-5a.Elevar i vidaregåande opplæring som våren 2009 kan fullføre etter læreplanar i reform 94

Elevar som våren 2009 avsluttar vidaregåande opplæring kan fullføre etter læreplanar i reform 94 dersom dei skoleåret 2008-2009 følgjer opplæring som nemnt i det følgjande:

a)opplæring over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving,
b)allmennfagleg påbygging,
c)opplæring som gir både studie- og yrkeskompetanse.
0Tilføyd ved forskrift 1 juli 2009 nr. 965.
§ 24-6.Tilbaketrekking av læreplanar og siste eksamen i fag med læreplan for Reform 94 i vidaregåande opplæring

Frå og med 31. juli 2006 blir læreplanane i grunnkurs i Reform 94 trekte tilbake. Frå og med 31. juli 2007 blir læreplanane i vidaregåande kurs I i Reform 94 trekte tilbake. Frå og med 31. juli 2008 blir læreplanane i vidaregåande kurs II i Reform 94 trekte tilbake.

Etter at læreplanane for opplæring i Reform 94 er trekte tilbake, er det likevel høve til å komplettere og forbetre karakterar i fag ved å ta eksamen i faget. Siste eksamen i fag med læreplanar for Reform 94 skal haldast våren 2008 for fag som i samsvar med fag- og timefordelinga blir avslutta i grunnkurs, våren 2009 for fag som i samsvar med fag- og timefordelinga blir avslutta i vidaregåande kurs I, og våren 2010 for fag som i samsvar med fag- og timefordelinga blir avslutta i vidaregåande kurs II.

Siste høvet til å få utferda kompetansebevis og vitnemål frå Reform 94 er våren 2010. Etter siste eksamen i faget med læreplan for Reform 94 kan fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet erstatte fag frå Reform 94. Utdanningsdirektoratet fastset kva for fag i Kunnskapsløftet som kan erstatte fag i Reform 94.

§ 24-7.Lærekontrakt og fag-/sveineprøve etter læreplan for Reform 94 og Kunnskapsløftet

Lærlingar kan teikne lærekontrakt etter ordninga for Reform 94 fram til desse datoane:

a)31. desember 2007 for læringar utan grunnkurs
b)31. desember 2008 for lærlingar med fullført grunnkurs (særløp)
c)31. desember 2009 for lærlingar med fullført VKI
d)31. desember 2010 for lærlingar med fullført VKII (flyfag).

Etter desse datoane kan det likevel teiknast lærekontrakt etter ordninga for Reform 94 i lærefag med store endringar. Utdanningsdirektoratet bestemmer alternativ innføringstakt for desse faga. Fylkeskommunen avgjer kva for ein plan som skal leggjast til grunn ved lange avbrot i opplæringa.

Fag-/sveineprøve etter læreplan i Reform 94 må vere avlagd innan 31. desember 2011. Dette gjeld ikkje der Utdanningsdirektoratet har fastsatt ein annan frist eller for desse unntaka: Siste frist for å avlegge fag-/sveineprøve i Reform 94 for praksiskandidatar som har bestått sentralt gitt teoriprøve for praksiskandidatar innan våren 2009 og for lærlingar som har teikna lærekontrakt innan fristane gitt i første ledd bokstavane a-d:

-For lærefag med tre års opplæring og halvtanna års verdiskaping, er siste frist for å avlegge fag-/sveineprøve 30. juni 2012
-For lærefag med fire års opplæring og eitt års verdiskaping, er siste frist for å avlegge fag-/sveineprøve 31. desember 2012.

Siste sentralt gitte teoriprøve for praksiskandidatar med læreplanar for Reform 94 skal vere våren 2009. Følgjande unntak frå siste frist for eksamen for praksiskandidatar i avviksfag som har bestått sentralt gitt teoriprøve for praksiskandidatar innan våren 2009 og for lærlingar som har teikna lærekontrakt innan fristane gitt i første ledd bokstavane a-d:

-Siste sentralt gitte tverrfaglege eksamen på VKI-nivå (7000-serien) for lærlingar, som har teikna lærekontrakt innan fristane gitt i første ledd bokstavane a og b, er våren 2011.
-Siste sentralt gitte eksamen i avviksfag på VKII-nivå (6000-serien) for lærlingar og for praksiskandidatar som har bestått sentralt gitt teoriprøve for praksiskandidatar innan våren 2009, er våren 2011.

Første fag-/sveineprøve i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet er våren 2008 for praksiskandidatar og våren 2009 for lærlingar.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).
§ 24-8.Utvekslingselevar og andre som utset eller avbryt vidaregåande opplæring

Elevar som får godkjent opplæring i eitt år tilsvarande grunnkurs eller vidaregåande kurs I i utlandet, avsluttar opplæringa etter den læreplanen dei har begynt opplæringa i.

Elevar som har hatt avbrot i opplæringa, og som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, må følgje dei læreplanane som gjeld på det tidspunktet dei held fram opplæringa, jf. også § 24-7.

§ 24-9.Påbegynt opplæring i Reform 94 og overgang til Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring

Grunnkurs som er fullført og bestått i Reform 94 innan 1. august 2010, kan godkjennast som tilsvarande vidaregåande trinn 1 innanfor same fagområdet i Kunnskapsløftet. Vidaregåande kurs I som er fullført og bestått i Reform 94 innan 1. august 2010, kan godkjennast som tilsvarande vidaregåande trinn 2 innanfor same fagområdet i Kunnskapsløftet. Utdanningsdirektoratet fastset kva for krav som skal setjast til felles allmenne fag/fellesfag og studieretningsfag/programfag for å få godkjenning.

Dei som ikkje har fullført og bestått grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 innan 1. august 2010, må tilfredsstille krava i Læreplanverket for Kunnskapsløftet fullt ut.

Beståtte fag i Reform 94 frå grunnkurs og vidaregåande kurs I og II kan også enkeltvis erstatte fag i Kunnskapsløftet. Utdanningsdirektoratet fastset kva for fag i Reform 94 som kan erstatte fag i Kunnskapsløftet.

§ 24-10.Overgangsreglar for opplæring spesielt organisert for vaksne i vidaregåande opplæring

Innføringstakta for opplæring spesielt organisert for vaksne i vidaregåande opplæring følgjer normalt innføringstakta for ordinær opplæring etter læreplanane i Kunnskapsløftet, jf. § 24-5. For opplæring spesielt organisert for vaksne må likevel innføringstakta tilpassast i forhold til første høve til å ta eksamen i det enkelte faget i Kunnskapsløftet. Opplæringa i fag som er planlagde avslutta seinast hausten før første ordinære eksamen i faget i Kunnskapsløftet, må derfor følgje læreplanane i Reform 94. Opplæringa i fag som er planlagde avslutta samtidig med eller etter avviklinga av første ordinære eksamen i Kunnskapsløftet, skal følgje læreplanane i Kunnskapsløftet.

Opplæring spesielt organisert for vaksne etter læreplanane i Reform 94 skal seinast vere avslutta om hausten skoleåret før siste eksamen i det enkelte faget etter læreplanar i Reform 94. Det kan likevel takast inn vaksne til hjelpepleiarutdanning også hausten 2007. Siste eksamen i det enkelte faget er fastsett i § 24-6. Siste fag- og sveineprøve er fastsett i § 24-7. Etter dei tidspunkta som er angitte i desse paragrafane, vil det ikkje bli halde eksamen eller fag- og sveineprøve etter læreplanane i Reform 94. Siste tidspunkt for utferding av kompetansebevis og vitnemål i Reform 94 er fastsett i § 24-6, og for fag- og sveinebrev i § 24-7.

0Endra ved forskrift 6 juni 2007 nr. 601 (i kraft 15 juni 2007).
§ 24-11.Vitnemål

På kompetansebevis og vitnemål frå Kunnskapsløftet skal det berre førast fag frå Kunnskapsløftet. På kompetansebevis og vitnemål frå Reform 94 skal det berre førast fag frå Reform 94. Utdanningsdirektoratet fastset korleis fag som erstattar kvarandre frå Reform 94 og Kunnskapsløftet, skal førast på dokumentasjonen.

§ 24-12.Unntak frå forskrifta

For elevar, privatistar, lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar som ikkje følgjer Læreplanverket for Kunnskapsløftet, gjeld i staden for tilvisingar til Læreplanverket for Kunnskapsløftet og ny terminologi fastsett i opplæringslova, læreplanane i L97, Reform 94 og tidlegare nemningar som er fastsette i desse reformene.

For dei som avsluttar opplæringa etter læreplanane i Reform 94, gjeld dette:

a)Elevane skal ha éin felles karakter i orden og åtferd, jf. § 4-9.
b)Føresegnene om kriteria for utferding av primærvitnemål er uendra.
c)Det skal ikkje utferdast vitnemål for bestått fag- eller sveineprøve, jf. § 3-42.
0Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).