Forskrift til opplæringslova

Kapittel 24. Innføringstakt for Læreplanverket for Kunnskapsløftet og overgangsordningar frå L97 og Reform 94 til Kunnskapsløftet

Grunnskolen

§ 24-1.Grunnskolen

Frå og med 1. august 2006 skal 1. til 9. årstrinnet ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inklusive ny fag- og timefordeling. Frå og med 1. august 2007 skal 10. årstrinnet ta i bruk Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inklusive ny fag- og timefordeling.

Første eksamen i grunnskolen etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet er våren 2008.

Læreplan i Kunnskapsløftet for framandspråk og språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk blir innført på 8. årstrinnet frå og med 1. august 2006, på 9. årstrinnet frå og med 1. august 2007 og på 10. årstrinnet frå og med 1. august 2008. Frå og med 1. august 2006 til og med 31. juli 2008 skal læreplanen i tilvalsfag og vurderingsordningane i L97 gjelde for dei årstrinna som ikkje har framandspråk eller språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. (Dvs. at eleven og foreldra kan velje om eleven skal ha vurdering med karakter i tilvalsfag. Dersom ein vel vurdering med karakter i tilvalsfag, skal det setjast terminkarakter og standpunktkarakter. Karakter i tilvalsfag tel ikkje ved inntak til vidaregåande opplæring.)

Faget programfag til val på ungdomstrinnet blir obligatorisk frå og med 1. august 2008. Frå og med 1. august 2006 til og med 31. juli 2008 kan faget programfag til val innførast lokalt på ungdomstrinnet. Departementets retningslinjer for lokal utarbeiding av læreplan for programfag til val skal da leggjast til grunn. Der ein lokalt ikkje innfører faget programfag til val, skal ein følgje læreplanen «Skolens og elevenes valg» i L97. Både for lokalt utarbeidd læreplan for programfag til val i Kunnskapsløftet og læreplanen «Skolens og elevenes valg» frå L97 gjeld timeramma for programfag til val i Kunnskapsløftet og vurderingsordningane for tilvalsfag i L97.

31. juli 2006 blir læreplanane i L97 trekte tilbake for 1.-9. trinn. 31. juli 2007 blir læreplanane i L97 trekte tilbake for 10. trinn. Læreplanen «Skolens og elevenes valg» blir trekt tilbake frå og med 31. juli 2008. Siste eksamen i grunnskolen etter læreplan i L97 er våren 2007.

Utdanningsdirektoratet fastset nødvendige justeringar i overgangsperioden når det gjeld eksamensordningar og vitnemålsformular i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Det gjeld også dei som har avvikande lokalt startstidspunkt for Kunnskapsløftet på grunnlag av særskild søknad.