Forskrift til opplæringslova

Kapittel 2. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda

(Opplæringslova § 14-4.)

0Endra ved forskrift 26 sep 2016 nr. 1133.
§ 2-1.Skolebasert vurdering

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skoleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

0Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).
§ 2-2.Rapportering frå kommunen og fylkeskommunen

Skoleeigaren skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

§ 2-3.Nasjonale undersøkingar om læringsmiljøet for elevane

Skoleeigaren skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

§ 2-3a.Nasjonale undersøkingar om læringsmiljøet for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Fylkeskommunen skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, arbeids- og læringsmiljø, medverknad til opplæringa på arbeidsplassen og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

0Tilføyd ved forskrift 22 juni 2015 nr. 858 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 2-4.Prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar

Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skoleeigaren skal sørgje for at dette blir gjennomført.

For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12, og elevar ved internasjonale eller utanlandske skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.

Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

0Endra ved forskrifter 14 okt 2013 nr. 1270 (i kraft 1 nov 2013), 4 juli 2016 nr. 873 (i kraft 1 aug 2016).